Dokumenterte augevitneskildringar

Ingar Sletten Kolloen har ein ambisjon som blir umogeleg å fylle.

Publisert

Uttrykket «under krigen» har ein særeigen klang i Noreg og ber i seg noko dramatisk og heilt utanom det vanlege, der nordmenn blei stilte overfor uvanlege situasjonar og val som kunne vise seg å ha livsavgjerande konsekvensar. Slik sett er Under krigen eit godt tittelval på eit verk som har ambisjon om «å gi en mest mulig fasettert framstilling av det norske folks liv under krigen», slik Ingar Sletten Kolloen skriv i etterordet til første bind av det nye storverket. Forfattarens hovudgrep er å gje ei kronologisk framstilling av krigsåra basert på augevitneskildringar, henta frå trykte kjelder som memoarbøker, aviser og dagbøker.

Eit godt grep

Dette er eit godt grep. Særleg der Kolloen klarer å vise korleis til dømes felttoget i 1940 vart opplevd av kvinner, barn og andre som sjeldan opptrer i krigshistoriske framstillingar, evnar forfattaren å fylle ut bildet av kva desse dramatiske dagane faktisk innebar for datidas norske befolkning. Her finn vi blant anna forteljinga om eit søskenpar i Drøbak som må takla synet av moras kropp på kjøkkengolvet, delt i to av eit skot frå «Blücher», og historia om elleve år gamle Ingerd Rykke, den siste gjenlevande av familien på fem som til fånyttes hadde søkt tilflukt i fjøset på garden i grenda Palmafoss ved Vossavangen da dei tyske bombene fall. «’Eg vil døy! Eg vil døy!’», kviskra ho hest, mens hjelpemannskapa prøvde å lindre smertene hennar, fram til ho fekk ønsket sitt oppfylt.

Særleg i vekslinga mellom det storpolitiske og det personlege er det mykje interessant å finna i Kolloens verk, også for den som er godt kjend med litteraturen om emnet frå før. Samstundes gjer ambisjonsnivået at forfattaren prøver å nå over svært mykje i løpet av litt over 400 boksider. Som Kolloen skriv, er intensjonen med verket «å bringe leserne nær mange nok mennesker fra den gang til å forstå bedre hvilke situasjoner og dilemmaer krigstiden stilte dem overfor, valgene de tok og hvilke konsekvenser disse fikk for dem selv og for andre».

Høg ambisjon

Strengt tatt må det kunne seiast at denne ambisjonen er og blir umogeleg å oppfylle. Trass i at forfattaren skal ha ros for satsen, gjer dette at første bind i verket tidvis kan opplevast som noko heseblesande, ettersom det er såpass mykje dramatikk og så mange vanskelege val tatt av ei stor mengd personar som skal dekkje nettopp det første krigsåret. Litt for ofte saknar ein derfor ein enda større vilje til blant anna å gå sentrale avgjerdstakarar inn på klinga. Sjølv om Kolloen på ingen måte er nokon ukritisk lesar, kunne han gjerne enda oftare stilt dei ulike personframstillingane opp mot kvarandre, ikkje nødvendigvis for å avgjere kven som hadde rett, men for på den måten betre å oppfylle verkets uttalte ambisjon.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement