JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Dante i ny gjendikting

Mellomalderdiktet ragar høgt mellom meisterverka i verdslitteraturen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3401
20231020
3401
20231020

Dikt

Dante Alighieri:

Den guddommelige komedie: Purgatoriet

Gjendikting og føreord ved Erik Ringen
Solum Bokvennen

Nils Kjær skreiv ein gong at «Dantelitteraturen kan lignes med et hav hvor ingen har seet bunden og hvis udstrækning ingen har maalt». Og det finst verkeleg eit heilt osean av sekundærlitteratur om Dante, men talet på norske gjendiktingar av Divina commedia er ikkje stort.

I nyare tid finst Kristen Gundelachs arkaiske riksmålutval frå 1953, Henrik Rytter og Sigmund Skards meisterlege nynorskutval (1965) og Magnus Ullelands komplette nynorskversjon (1993–96). Tidlegare har Erik Ringen gjendikta til bokmål Inferno (2017), den fyrste delen av Den guddomlege komedien, og no er han i mål med andre delen, Purgatoriet. Men vi er så heldige at også Asbjørn Bjornes held på med å gjendikte komedien; i 2018 kom hans utgåve av Inferno på Dreyers forlag. Så får vi sjå kven som kjem fyrst i mål.

Det store mellomalderdiktet til Dante Alighieri (1265–1321) ragar høgt mellom meisterverka i verdslitteraturen. Og det var eit ærgjerrig mål Dante sette seg: å skriva eit verk som kunne konkurrera med Vergils Æneiden, og forma han valde, var endå meir vanskeleg. Strofeforma er såkalla tersinar, tre versliner med femfota jambar, med rimstillinga aba, bcb, cdc og så bortetter. Diktet er delt i tre, inneheld 100 songar, rettare sagt éin prolog og 33 + 33 + 33 songar. Tala er viktige i diktet, og Dante eksellerte i talmystikk.

Han valde folkemålet til å skriva komedien og gjorde noko heilt nytt, ettersom latin enno var det skriftlege hovudmålet. Men kvifor vert det kalla ein komedie? Dante hevda sjølv det var av di diktet enda lukkeleg, som i komedien, og ikkje tragisk, som i tragedien. Pilegrimen, som vi vert kjend med i fyrste del, kjem seg meir eller mindre uskadd gjennom heile turen i underverda. Dei største trengslar og pinsler møtte han i Inferno, men sidan han trass alt har dikta sitt eiga univers, har han òg den føremonen at han kan hemna seg ved å steikja fiendane sine i deira eiga feitt. Og fiendar hadde den stridlynde, landlyste florentinaren mange av.

Vi råkar han att idet han stig over i Purgatoriet, eller Skiringsheimen, som Rytter/Skard så flott kallar staden, og eg trur nok at dei her gjer det noko betre enn Ringen. Heidningen Vergil har vore vegvisaren hans heile tida, men kan ikkje følgja han stort lenger; mot slutten overtek den fagre Beatrice rettleiinga.

Det ligg i korta at pilegrimen, Dantes alter ego, her skal over i eit nytt stadium av botsgjerninga; han skal verta reinsa og lutra: «Nå vil jeg synge om det andre riket,/ hvor men’skesjelen renses så den dermed/ blir verdig til å stige opp til him’len». Slik lyder fjerde til sjette vers frå fyrste songen i Ringens versjon, og vi kan straks sjå at han ikkje held fast på Dantes spesielle rimmønster.

Som han peikar på i føreordet, freistar han i staden å halda på versmålet, og det meiner eg er eit godt val. Hjå Rytter/Skard er rimmønsteret intakt, men dei må då her og der ta seg større fridom i attgjevinga av originalen: «No skal eg kveda om det andre riket,/ der sjela skirslast for sin himmelveg,/ til verdig opp ho stig med sine like.»

Erik Ringen kom seg velberga gjennom Purgatoriet, og no ventar vi i spaning på siste delen, Paradiset.

Kjetil Berthelsen

Kjetil Berthelsen er litteraturvitar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis