Stødig om sakn
I sterke noveller skildrar Lars Amund Vaage korleis ord, eller mangelen på ord, påverkar relasjonar og stemningar.
Lars Amund Vaage har skrive åtte noveller om ord, språk og kommunikasjon.
Foto: Hans Jørgen Brun
Noveller
Lars Amund Vaage:
Den vesle pianisten
Forlaget Oktober
Dei åtte novellene i Lars Amund Vaages Den vesle pianisten handlar på kvar sine vis om ord, språk og kommunikasjon – og då helst mangel på det. Mange av personane står som bak ein glasvegg og ser at her kunne ein tydd til ord for å nå gjennom til andre, men «ord måtte ikkje opna seg». Det kan òg dreie seg om ikkje å finne ord, ikkje ha vilje til å finne ord, og ikkje finne anna enn harde ord. Forfattarar er heldigvis i den særstillinga at dei kan skildre språkløyse og ordløyse med språk, med Vaage i tetsjiktet.
Kven er bortkommen?
To av novellene verkar særleg sterkt på meg, og det er den første og den siste. Begge har ein liten gut i hovudrolla, og begge desse gutane veks nokre tiår tilbake i tid. I «Den bortkomne» er det onkel Hans som er bortkomen, sidan han har reist til Amerika og blitt der. Bror hans kom heim for lenge sidan og tok over garden. No kjem onkel Hans òg, som gammal mann, så novella kunne vel heitt «Den heimkomne». Det gjer ho ikkje. Det seier noko om at det nok ikkje er Hans, men guten Tomas, som er i slekt med Hans nokre sidelengse ledd nedover, som er bortkommen.
Tomas går til kvardags mellom heimen sin – der orda er mange og stygge – og huset til onkel Andreas og tante Betzy, der orda er få og omgangsforma mild. Her snakkar dei ikkje alltid i ord, og det er å føretrekke: «Det var det ordlause som løfta Tomas, som roa han og lét han leva.» No kjem onkel Hans inn i selskapet, der ingen er ekte onklar og tanter, og grip inn i rutinane. Hans gir seg blant anna muntert til å setje i stand den forfalne garden til foreldra til Tomas, som er den same garden Hans sjølv kunne tatt over. Tomas heng på han støtt, heilt til ei ulukke Tomas har skuld i, plasserer han i eit ordlaust ingenmannsland. Han har ikkje ord for skamma, og dessutan vil ingen høyre. Det er ikkje alltid mangelen på ord lindrar.
Skrekkslagen lytting
I «Seint» veks hovudpersonen opp i eit hus med bakeri i kjellaren. Mor står i det utovervendte utsalet, far i det tilbaketrekte rommet med bakaromnane. Det er ein avgrunn mellom mor og far. Her blir det sagt både for mye og for lite, og alle tidspunkt er feil. Noko er med andre ord gått heilt i stykke mellom dei. Eit hav av allereie veksla ord gjennom samlivet, som ikkje kan takast tilbake, «låg i veggene». Sonen brukar enormt med krefter på å lytte etter kva som gjeld til kvar tid: Kva stemning ligg i stega til far i trappene, kva lurar under mors krappe rørsler på kjøkkenet? Som med Tomas i «Den bortkomne» merkar også denne guten at han har meir trening i å seie fæle ting enn gode, derfor er det det fæle som kjem. Vi lesarane ser med stor medynk på heile situasjonen.
I likskap med dei seks andre novellene handlar det ikkje berre om det språklege, men det blir heile vegen sagt noko om den ikkje alltid likeframme omgangen med ord. Det kan vere på eit prosaisk nivå, som her: Kva seier du til eksen til dama di når han prøver å by deg på eit glas vin i din eigen heim, mens han tydeleg ikkje har sleppt taket i henne? («Gjesten») Det kan vere på ambisiøst nivå, som hos pianisten som forsøker å finne det musikalske språket, eller evna, som leiar ein inn i kunstens heilage. Eller skulle han heller spørje seg: Kan ein overtenke dette spørsmålet? («Den vesle pianisten»)
Trygge, forskande steg
Språkstilen til Vaage sjølv er rik, dynamisk, klangsterk og undersøkande. Lesaren blir ikkje usikker på kva steg forfattaren har i trappa. Utan at det dermed er sagt at vi veit kvar han til ein kvar tid skal. Det ville jo vore heilt… Ja, eg har ikkje ord.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Språkstilen til Vaage sjølv er rik, dynamisk, klangsterk og under-søkande.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.