Sørgjesong for amatøren
Gudmund Skjeldal skriv nært og godt om idrett, men analysane kunne vore skarpare.
Eit klipp i NRK-programmet Lisenskontrollen nyleg synte korleis skirenn var på fjernsyn i 1966. Eit svartkvitt skjermbilete viste ei stor grein med mykje snø på, og det var det. No og då lea greina på seg om det kom eit vindpust. Elles fekk vi vere vitne til alle saktefjernsynssendingars mor: Det eine minuttet etter det andre gjekk, tidvis braut kommentatoren inn: «Du, så spennende dette er.» Dei venta på Gjermund Eggen. Klokka på skjermen bikka tre timar for startnummer 45; dramaet gjaldt om Eggen kom tidsnok. Til sist skjedde det: «DER KOMMER’N!»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.