JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Reiseskildring frå eit framandt univers?

Geir Uthaug gir ei særs innhaldsrik og utfordrande framstilling av eit romantisk kultur- og livssyn som mange, men ikkje forfattaren, trur er utdatert.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Atalas begravelse» er tittelen på målarstykket til den franske kunstnaren Anne-Louis Girodet frå 1808.

Foto frå boka

6028
20180105
6028
20180105

Saksprosa

Geir Uthaug:

Romantikkens univers. Kunsten, naturen, mennesket.

Dreyer Forlag

Geir Uthaug er litteraturkritikar, poet og ein mykje feira gjendiktar av engelske romantiske poetar. Dessutan er han forfattar av to store, feira biografiar om to romantiske poetar, William Blake (2000) og Henrik Wergeland (2008). Dette gav han eit statsstipend i 2015, ei statleg investering som no har resultert i ei bok som samlar det meste av kompetansen hans. Den handlar sjølvsagt om romantisk poesi, men òg meir generelt om «kunsten, naturen, mennesket» i heile romantikken, som det står i undertittelen. Ifølge føreordet «er dette første gang romantikken får en egen presentasjon her i landet». Ikkje kronologisk som epoke, «men mer som en idé som ofte overskrider de rent historiske betingelsene.» Boka «rommer et kultursyn, kanskje også et livssyn». Tittelen er treffande: Her vert romantikken framstilt som eit separat univers, ulikt vårt.

Byrj med slutten!

Difor vil eg tilrå at lesaren byrjar med epilogen. Der får vi ei god skildring av korleis romantikken døyr, eller skil lag med universet vårt, og kvifor han no er så framand for oss, med unnatak av for slike som Uthaug, som sjølv tvillaust har dette kultur- og livssynet. Jau, oppløysing av føydalismen og den industrielle, kapitalistiske revolusjonen, med tilhøyrande klassesamfunn og – kan hende meir enn noko anna – den første verdskrigen, har skulda for at vi no «lever i en vanartet tid, som blindt etter vindingen løper», som Alf Larsen seier. Uthaugs von og prosjekt for denne boka er likevel at noko av romantikken kan importerast og integrerast i denne vanarta tida.

Rasjonalismereaksjon

Klokleg nok lager ikkje Uthaug ein enkel definisjon av romantikken. Til det er det for mykje sprik mellom romantikarane sjølve. I staden viser han oss ulike variantar gjennom tema og eksempel henta frå særleg Tyskland og Storbritannia. Men vi kjem ikkje unna eit felles historisk bakteppe som vert framstilt i Del I: Dersom 1600-talet er rasjonalismens hundreår, særleg i Frankrike, med strenge logiske deduksjonar både i dikting og naturvitskap, vert romantikken ein reaksjon der abstrakt individualisme vert konkret og emosjonelt oppsvulma. Descartes’ «Eg tenkjer» vert erstatta av Rousseaus «Eg føler», noko Del II handlar om.

I Del III får vi framstilt korleis dette gjev seg utslag i filosofi, poesi, kunst og arkitektur, der fantasi, som før berre var ein tenar for rasjonalismen, vert gjort til ein påstått genial og inspirert skapande herre som lagar sine eigne lover, like overstrøymande som naturen og Gud sjølv. Del IV handlar om korleis dette fører til ein noko høgspent psykologi med vekt på draum, kjærleik, lengt, melankoli og entusiasme. Og Del V om korleis det fører til konstruksjonar av nostalgisk kvasimellomaldersk mytologi, slik som hos Wagner.

Uthaug går òg gjennom korleis romantikken vert prega av ulike landskap og kulturar i Europa og Amerika, og alle dei typiske natursymbola som blå blomster og stjerner og hav, og ikkje minst dyrkinga av angst og mørke. Heile vegen brukar han særleg poetar som døme – hyppigast, ut frå kor ofte dei vert refererte til i registeret, William Blake, Lord Byron, Coleridge, Goethe (sjølv om han berre delvis er romantikar), Hölderlin, Keats, Novalis, Shelley, Wergeland og Wordsworth. Men òg målarar vert omtalte, og ikkje minst vist i dei mange flotte illustrasjonane, særleg Caspar David Friedrich, Turner og sjølvsagt William Blake. Dessutan ein god del tyske filosofar, som brørne Schlegel, Hegel og Schelling.

Derimot har Uthaug bevisst valt å ikkje koma så mykje inn på romantikkens musikk. Alt kan jo ikkje koma med, og musikk kan ikkje visast i ei bok slik som poesi og målarstykke. Likevel saknar eg fleire referansar til korleis musikken, frå Beethoven, gjennom Schubert, Schumann, Wagner, Mahler og Schönberg, på etterskot speglar romantikkens utvikling.

Poesiens prosa

Uthaug, som gjennom boka maktar å halda styr på eit heilt livs kunnskap og kjærleik til emnet, er likevel òg i stand til å sjå romantikken frå eit realistisk perspektiv. Mot slutten av boka har han eit tiltrengt avsnitt om kva romantikarane levde av. For luft og kjærleik var ikkje nok. Poesien er til slutt avhengig av prosaen. Rett nok var mange av dei rike, eller vart rike: Oehlensläger, Victor Hugo, Lord Byron og Walter Scott. Og Goethe var minister og fekk ein staseleg bustad i Weimar av fyrsten sin. Men mange var lønsslavar med oppgåver langt utanfor romantikkens univers: Coleridge som journalist og sekretær, Wordsworth som postmeister, Robert Burns som tollar og Wergeland som riksarkivar. Mest konsistent var det å døy ung, av tuberkulose eller for eiga hand.

Så i kva mon har dette kultur- og livssynet, som romantikken ifølgje Uthaug er, uavhengig av tid og epoke, nokon plass i universet vårt? Mange meiner ingen. Det estetisk korrekte er at romantikkens venleiksideal no må erstattast av modernismens dyrking av det realistisk stygge: Poetar skal ikkje skrive med enderim. Komponistar skal ikkje laga melodiar, og målarar skal ikkje måla hender. Romantikk er reaksjonært kitsch.

Likevel: Det dukkar stadig opp nyromantikarar, like mykje no som på Hamsuns tid: I dag har vi ei gruppe som kallar seg retrogardistane: Marcus Paus innan musikk, Ulrik Farestad innan poesi og Christopher Robin Rådlund innan målarkunst. For slike må denne boka verta pensumlesing. Vi andre kan gleda oss over ei bok full av innsikt og forteljingar og mykje poesi, for det meste omsett av Uthaug sjølv. Men at kvantefysikken, med si manglande visse, stør ein renessanse for romantikken, slik Uthaug – med referanse til Capras «The Turning Point» – trur, er eg derimot tvilande til.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vi kan gleda oss over ei bok full av innsikt og forteljingar og mykje poesi.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis