JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Mellom vitskap og tru

Samanvevinga av rasjonell vitskap og kristen tru gjer Jesus til ein mislukka profet, skriv Per Bjarne Ravnå.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ingen var vitne til at Jesus vart freista av djevelen, og møtet må derfor vere dikting.

Foto: Félix Joseph Barrias

5613
20171013
5613
20171013

FAGBOK

Per Bjarne Ravnå:

Jesus frå Nasaret. Mislykket profet eller guds sønn

Dreyer

Ettersom det ser ut til at det er naudsynt for alle samfunn å ha ein religion, kjem vi ikkje unna at vi i Vesten på nokre viktige område har vore heldig med vår kristne religion. Her er grunnen: Denne religionen vart stifta av folk som brukte eitt språk – arameisk – medan dei kanoniske tekstane er skrivne på eit anna, nemleg gresk. Då vert denne religionen ein omsetjings- og tolkingsreligion, der rasjonell filologi kan få frigjerande oppgåver. For det finst ikkje ein-til-ein-omsetjingar: Arameiske ord finn ikkje alltid eit heilt tilsvarande ord på gresk. Det krev i sin tur historiekunnskap og arkeologi for å rekonstruere kontekstar der orda vart sagt.

Fleire perspektiv

Dinest er det heldig at det ikkje berre er ei slik kanonisk framstilling: Det er fire evangelium og Paulus-breva. Då får vi fleire ulike perspektiv. Og sjølv om tre av evangelia går for å vera «synoptiske», det vil seie at dei har samanfallande perspektiv, er det mange skilnader mellom dei, nokre av dei motseiande. Her vert rasjonell vitskap direkte utfordra og ufriviljug invitert inn.

Men det var først med renessansehumanismen på 1400-talet at filologisk vitskap byrja å studera originalmanuskript på kritisk vis. Reformasjonen, med krav om «skrifta aleine» og nye omsetjingar til lokale nasjonalspråk, trekte rasjonell vitskap ytterlegare inn. Frå 1800-talet av, i takt med utviklinga av humanistisk vitskap, fekk vi ein straum av historiske Jesus-framstillingar, etter kvart i Noreg òg. No har vi fått endå ein, ifølgje forfattaren, Per Bjarne Ravnå frå Nord Universitet, av di det skal ha vore gjort store framsteg i bruk av «historiefaglege» metodar.

Ravnå er ein mild ateistisk historikar som konkluderer med at ut frå slike metodar var Jesus ein mislykka profet. Korleis kjem Ravnå dit? Først går han gjennom alle kjeldene vi har, og ser på dei som vanlege historiekjelder. Problemet er at vi har ingen andre uavhengige kjelder. Men filologien meiner tekstanalytisk at Markus er først, og at Matheus og Lukas brukar han. I tillegg meiner filologien at alle tre synoptikarane brukar ei tidlegare skriftleg kjelde med Jesus-ord som vert kalla Q. Ho er rekonstruert ut frå evangelia. Særs hypotetisk. Men i denne forskinga er det ein tendens til at slike hypotesar forsterkast av at dei vert brukte, sjølv om dei fører til forskjellige konklusjonar.

På eitt felt er forfattaren på heimebane, nemleg som spesialist på romersk historie. Vi får mykje interessant stoff om korleis romarane herska gjennom lokale klientkongar, og korleis dei normalt reagerte på religiøs uro. At Pontius Pilatus var så nølande framføre Jesus, verkar usannsynlig ut frå at han seinare fekk sparken av keisaren for å ha vore for brutal mot slike. Så dette kan ha vorte lagt til av evangelistane for å mildna tilhøvet til dei romerske herskarane under forfølgingane mot slutten av 100-talet.

Mirakelgjennomgang

Særleg interessant er gjennomgangen av mirakla. Ravnå meiner overtydande at alle dei fysiske lækingane kan ha funne stad. Dei kan forklårast ut frå datidas diagnostikk og placebo-effektar. Demonutdrivingar er òg sannsynleg, og kan forklårast med moderne psykiatri. Og kvifor skulle dette vera så merkeleg når Snåsamannen har lækja, gjerne berre gjennom telefonen, meir enn 50.000? Derimot finn Ravnå at direkte brot på naturlovar (stilla storm, gå på vatn) er lite trulege, særleg basert på korleis dei vert fortalde.

Slik forteljarteknisk analyse kan brukast i fleire tilfelle: Ingen var vitne til at Jesus vart freista av djevelen. Ingen av disiplane var til stades inne hos Pontius Pilatus, så ingen kan ha høyrt diskusjonen der. Dette må vera dikting.

Sterkast er kan hende Ravnås drøfting av kva som var bodskapen til Jesus: At han sjølv var Messias i jødisk forstand, og at Guds rike var så nært at det ville koma i samband med innmarsjen i Jerusalem. Dette er noko både Jesus sjølv og disiplane har trudd, og ettersom dette ikkje hender, er han altså ein mislukka profet. Kven var han då? Guds son? Men korleis kunne ein slik ein vera uvitande om så mange ting?

Menneskesonen

Når det gjeld spørsmålet om kva Jesus meinte med å vera «menneskesonen», gjev Ravnå prov på interessant filologi: Han ser på det arameiske ordet som har vorte omsett til det greske ordet for menneskeson: På arameisk er dette ein kvardagsleg måte å omtala seg sjølv i tredje person, medan gresk manglar eit tilsvarande uttrykk, og difor konstruerast ei kunstig form som gjer uttrykket meir opphøgd. Tilsvarande meiner ein tysk islamekspert at det ikkje er jomfruer ein vert lova i paradis, men rosiner, av di eit arameisk ord har blanda seg inn i arabisk, men vorte mistydd. Men han måtte publisera dette anonymt. Ravnå er trygg.

Det er når Ravnå går laus på Jesu oppstode med sine historiefaglige metodar, at det er vanskelegast å følgja han. Òg for han sjølv. Her er mengda av teologi som er voven inn i framstillinga så stor at sjølv historiefaget kjem til kort. Slik sett er det tryggande for dei bokstavtru. Dette er den viktigaste delen av denne religionen. Her får trua vera i fred.

Boka er inspirerande og personleg spenstig skriven. Eg vil tilrå henne til alle som er opptekne av tilhøvet mellom tru og vitskap. Mange gonger klarar Ravnå å få oss til å sjå på tekstane med friske auge.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus i filosofi og fast bokmeldar i
Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Boka er inspirerande og personleg spenstig skriven.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis