JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Kledde landet med Aasens språk

Ferdaminne er eit litterært kaleidoskop også i dag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Aasmund Olavsson Vinje vart fødd i Vinje i Telemark i 1818 og døydde på Gran på Hadeland i 1870.

Foto: Wikipedia

6719
20180309
6719
20180309

Reiseskildring, journalistikk,
essay, fabel,
novelle, poesi

Aasmund
Olavsson Vinje:

Ferdaminne
frå sumaren 1860

Samlaget

I år er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd, og det skal sjølvsagt markerast med offisielle jubileumsarrangement som byrjar alt denne veka i Lillehammer. Og så går det slag i slag til slutten av november, alt i alt så mange som 55 arrangement spreidde over heile Sør-Noreg. Men ingen i Nord-Noreg, noko som seier sitt om stillinga til nynorsken i denne landsdelen.

Hovudmarkeringa er rimelegvis i heimbygda Vinje 6. april på fødselsdagen hans, samstundes med at det skal leggjast blomar på alle bautaene: i Mandal, Skien, Vinje, Oslo, Gran og Eidsbugarden. Ein kan undrast på kva Vinje sjølv ville ha sagt til all denne stasen, han som då han på Hjerkinn vart invitert til å dela bord med kong Karl 15., takka nei og heller ville eta saman med tenestefolket.

Ei markering ville han likevel heilt sikkert gledd seg over: At Samlaget, som han sjølv var med på å stifta, no har nyutgjeve prosahovudverket hans, Ferdaminne frå sumaren 1860, som paperback. Denne boka, der første delen vart publisert i Vinjes noko uregelbundne vekeavis Dølen, medan andre del kom som eige hefte, var den første store prosateksten på det nye landsmålet.

Medan Aasens grammatikk og ordbok var lingvistiske Ferdaminne frå 1848–50, der han henta ut det nye språket frå der han reiste, førte Vinje i sine ferdaminne dette språket attende til mange av dei same stadane, gjennom konkret og levande bruk av det på ting og hendingar som før hadde måtta vore sett gjennom dansk.

Her skal eg sjølvsagt ikkje skriva ei vanleg bokmelding, like lite som eg ville gjort det for andre nyutgjevne klassikarar. Snarare skal eg gje nokre kommentarar om korleis denne boka kan opplevast i dag. Ferdaminne har ei viktig verknadshistorie som førte fram til det avgjerande vedtaket i 1885 om jamstelling av landsmål og det dansk-norske språket.

Eit sjangerorgel

Men er ho noko å lesa i dag? Heilt sikkert for journalistar: Vinje var først og fremst bladfyk, og kulturpolitikar, for ikkje å snakka om poet. Han var eit flogvit, men sanneleg òg ein europeisk intellektuell med akademisk utdanning. Det er som ein slik skildrar av det som hender kring seg, at han er best, anten i prosa eller i poesi.

Dette gjer han på eit vis som liknar på andre store «ferdaminnarar», slike som Goethe og Heine. Som dei tar han i bruk heile registeret av språk og sjangrar: lyriske naturskildringar, dikt, essayistiske kommentarar, sarkasmar, fablar, rein dikting og så bortetter.

I tillegg utmerkar han seg med eit komplisert og motstandsgjevande språk. Mykje må ein lesa to gonger, og av andre grunnar enn når ein må lesa twittermeldingar to gonger. Sjølv likar eg særleg godt alle dei små forteljingane: om grannar som kranglar, og ikkje minst om den Æsop-aktige lure reven som er snill og tam på heimegarden, men drep naboens høner og lagrar dei slik at han må eta eldste kjøtet først.

Difor føregrip denne skrivemåten også The New Journalism, som Tom Wolfe var opphav til, som altså eigentleg berre er ei ny oppfinning av gamalt krut. Nyjournalistikken er karakterisert av eit subjektivt perspektiv og ein litterær stil som legg større vekt på «sanningar» enn «fakta», og spaningsfylte reportasjar der journalisten sjølv deltek i historiene medan dei vert fortalde.

Det er denne litterære stilen som gjer at Ferdaminne er så god lesing også i dag. Boka er dessutan full av slåande observasjonar, til dømes i ein fotnote om «fritenkjar», der Vinje understrekar at dette er smør på flesk: Er du ein tenkjar, er du fri!

Ikkje så tvisynt

Derimot veit eg ikkje om det er rett, dette maset om at Vinje er spesielt «tvisynt». Skrivemåten hans er vel ikkje noko anna enn den som den russiske litteraturforskaren og kulturfilosofen Mikhail Bakhtin kallar dialogisk, med mange perspektiv, til skilnad frå den monologiske. Vinje sjølv seier (side 148) at tvisyn er ein skrivemåte ein finn allment hos hovudstadsfolk «der landsens største tankemengd er i omlaup – liksom pengemengd –, der må også denne tvisyn verta meir skjerpt endå i folk som av naturen ikkje har stor givnad til det».

Han nemner òg Holberg og Wessel som eksempel, utan at desse har fått dette stempelet midt i panna, slik ein har påført Vinje det. Ofte nok er Vinje sjølv einsynt nok, særleg i fordømminga av den konservative stortingsmannen Olav Håkenstad.

Turen går altså opp Østerdalen, forbi Rondane, der han skriv det kjende diktet, via Folldalen til Hjerkinn og møtet med kongen. Og så ned til Orkdal, der han undervegs et den noko tvilsame havregrauten på Grut.

Til Trondheim kjem han med båt for å vera med på målet for turen, kroninga av kongen i den enno ikkje restaurerte Nidarosdomen. Men kroninga gjer han mest narr av.

Så attende via Molde og Dovre og ned Gudbrandsdalen. Meir interessant for han er oppdaginga av og avstandsforelskinga i ei ovlag pen kvinne, omtalt som «drosa». Ho skal til og med ha berga livet hans av di ho fekk han til å koma for seint til ei tragisk båtferd på Trondheimsfjorden der alle omkom. Om dette er dikting eller fakta, er noko uklart.

Vert frikjend

Lese i dag, etter #MeToo-kampanjen, kjem vi ikkje forbi å sjå nærare på Vinjes tilhøve til kvinner. I samband med ei Gauguin/Munch-utstilling i desse dagar har arrangørane funne det naudsynt med eit seminar for å få oss til å reflektera over om desse målarane hadde rett syn på kvinner. Vinje treffer mange gilde jenter (huldrer) både på sætrar og altså i Trondheim, og seier mykje som kvinnegruppa Ottar neppe likar.

Men eg kan ikkje anna enn å frikjenna han. Som han seier i eit dikt: «Det fyrste du hever at gjera Mann, det er å døy, naar ikkje lenger du elska kann den fagre møy.» Store diktarar treng kjærleik som inspirasjon. Han samanliknar seg sjølv treffande med Hefaistos, den stygge skapande smeden som var Afrodites mann, og vonar at slike motsetnader vert tiltrekte av kvarandre. Diverre ikkje alltid.

Elles er det slåande å sjå korleis denne bondesonen ikkje er nokon senterpartimann. Bønder får unngjelda under heile ferda. Trongsyn og gniarskap og manglande evne til å sjå det vene og storfelte i fjell og dalar (Rondane) vert heile tida påpeikt. Ukritisk dialektdyrkar er han heller ikkje, særleg når det gjeld trøndske dialektar.

Nyutgåva inneheld oppklårande «Opplysningar og merknader» laga av Olav Midtun i 1947, revidert og med tillegg av Jon Severud i dag. Det er særs nyttig for å forstå arkaiske ord.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er den
litterære stilen som gjer at Ferdaminne er så god lesing også i dag.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis