JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ikkje nett eit fotoalbum for heile Noreg

For mange kan bileta i Norges fotoalbum vekkja minne og tilfredsstilla naturleg nostalgi.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Folkerørsla mot norsk medlemskap i Fellesmarknaden trålar kysten med fiskeskøyter sommaren 1972.

Foto frå boka

5459
20171117
5459
20171117

Sakprosa

Kåre Willoch m.fl.:

Norges fotoalbum 1930–1939

Font Fotlag

Eva Bratholm m.fl.:

Norges fotoalbum 1970–1979

Font forlag

Forlag påstod før at dei dreiv med både børs og katedral. Denne utgjevinga til Font forlag, no ein del av Cappelen Damm, gjev eit førsteinntrykk av å vera katedral: Norges fotoalbum i tolv store kaffibordband tek føre seg kvart tiår frå år 1900 til i dag. Og lik dei gamle katedralane vil det ta si tid før det heile er fullført: I år kjem dei første to banda som dekkjer 1930-talet og 1970-talet. Med to band i året vil utgjevingane ikkje vera over før i 2022.

Inntrykket mitt er likevel at dette mest er ei børsutgjeving. Forlaget annonserer då også at dette er «Perfekte gavebøker til jul og fødselsdager». Ein treng ikkje å vera kynikar for å førestilla seg kalkulasjonane i forlagsredaksjonen: Dersom ein gåvemottakar reagerer slik mottakarar av Hvem Hva Hvor ofte gjer, og får lyst til å komplettere bokhylla med dei kommande banda, vil det gjeva gode inntekter frå dei 4548 norske kronene dette vil kosta.

Åtte hovudbolkar

Forlaget har laga åtte hovudbolkar i kvar bok og late ein kjend person skriva ei stutt innleiing (halv side) til kvar bolk: «Kultur» (Hege Duckert), «Samfunn og media» (Terje Svabø), «Tiårets person» (Knut Olav Åmås), «Tiårets fotografi» (Ken Opprann), «Arkitektur og design» (Karianne Bjellås Gilje), «Politikk» (Hege Ulstein), «Idrett» (Atle Nielsen), «Økonomi og næringsliv» (Einar Lie) ... Det skulle dekkja det meste.

Dessutan har boka ein hovudinnleiar for kvart tiår: Kåre Willoch for 30-talet, Eva Bratholm for 70-talet. Utvalet av foto er det derimot ein eigen redaksjon som står for, utan at det vert sagt noko om i kva mon bolkinnleiarane har hatt innverknad på utveljinga. Bakarst finn vi litt statistikk for tiåret.

Alt her kan ein stilla kritiske spørsmål. Korleis kan det vera mogeleg å seia noko meiningsfullt om kvar av bolkane på ei halv side? Og om heile tiåret på to og ei halv? Svaret er vel at det slett ikkje skal seiast noko meiningsfullt, men berre gjevast seremonielle kjendisopningar for fotokavalkadane.

Tilsniking

Likevel er det ikkje til å koma frå at innleiarane og redaksjonen er folk med subjektive agendaer, som no opptrer under falske førehavande: Boktittelen gjev inntrykk av at dette nærast er eit offisielt, statleg fotoalbum, omtrent som om det er ei NOU. Det er ei tilsniking. Meir ærleg hadde det vore å meir smålåtent kalla binda «Et Norgesalbum» for slik å annonsera at dette berre er eitt av fleire mogelege slike.

Dei åtte (pluss to) innleiarane og biletredaksjonen kjem nemleg alle frå det vi i desse Trump-tider kallar hovudstadseliten, uavhengig av om dei i og for seg dekkjer både venstre- og høgresida på ein politisk skala. Dette speglar seg i både tekstane og i utvalet av bilete.

Til dømes er arkitekturansvarlege Gilje ein typisk representant for eit elitistisk arkitektursyn – eit ho ikkje klarer å leggja frå seg, der ho i 30-talsbindet hyllar sitt eige funkishus og midt i framstillinga av 70-talsarkitekturen argumenterer mot dagens planar om riving av Y-blokka.

Jau, det finst utan tvil bilete som er så ikoniske at alle ville måtta ha dei med, uansett ståstad. Men hovudmengda av bileta er døgnflugeaktige reportasjefotografi. Dei er estetisk nokså uinteressante, slik hastverksbilete i aviser gjerne er. Og dei avbildar ikkje store hendingar, slik ikoniske bilete gjer. Då vert utvalet desto meir prega av utveljarane. Til dømes slik at det er påfallande få kvardagsbilete frå norskekysten, sjølve hovudvegen i Noreg.

Oslodominans

I desse kvantitative teljekanttider har eg talt igjennom alle fotografia og kor mange av dei som er tekne i Oslo. For Oslo-dominansen var nokså påfallande første gongen eg bladde overflatisk gjennom banda. I det eine bandet er 102 av 218 fotografi frå Oslo, medan talet i det andre er 117 av 221. Altså er halvparten av bileta frå Oslo. Jau, Noreg var meir sentralisert tidlegare, slik at talet på Oslo-bilete normalt skulle ha vore stort for desse tiåra. Men dominerande? Måtte til dømes alle bilete av livet i skuleklassar vera henta frå Oslo? Det var vel kamera og skuleklasser utanfor Oslo både på 30- og 70-talet?

Som ein skjønar: Dette er eit råd til biletredaktørane for dei komande binda. Elles burde dei endra tittelen til «Oslo og omlands fotoalbum». Og gje opp all von om å få selt nokre av desse bøkene til elles nasjonale senterpartifolk.

Det fører oss til spørsmålet om kven desse bøkene verkeleg er meint for, ja, utanom dei som skal påtvingast dei som gåve. Historisk innsikt gjev dei jo ikkje. No såg eg nyleg at ein i Tyskland har innreia rom med ting frå før muren fall, der dementpasientar kan få ny kontakt med fortida si. Så dersom sjukeheimar eller støttegruppene deira skulle ha pengar til overs, måtte dei vera opplagde kjøparar. Desse to banda ville eigna seg spesielt for demente 90-åringar og gamle 68-arar.

Men eg må òg vedgå at då eg prøvde bøkene ut på nokre av mine jamgamle kafévenner, som slett ikkje er demente, vart fleire av dei våte og store i auga. Heilt normal nostalgi treng òg næring, noko desse bøkene tydelegvis gjev.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus i filosofi ved Universitetet i Oslo og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Korleis kan det vera mogeleg å seia noko meiningsfullt om kvar av bolkane på ei halv side?

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis