I Dorthe Nors’ siste roman skjer det ingenting, og alt av det er interessant.
Den danske forfattaren Dorthe Nors er både prislønt og omfamna av kritikarar.
Foto: Agnete Schlichtkrull
Roman
Dorthe Nors:
Speil speil blink
Cappelen Damm
Sonja er over 40 år, arbeider som omsetjar, bur i København og tar køyretimar. Ho går regelbunde til massøren Ellen. Av og til tenkjer ho på søstera Kate og foreldra på Jylland, og ein sjeldan gong ringer ho til dei. Dette er eigentleg alt som skjer i Dorthe Nors’ Speil speil blink. Og det er ein fryd å lese om.
Spenningar
Nors er ein prislønt forfattar, omfamna av kritikarar. Ho har då òg ei heilt eiga evne til å skrive fram dei små tinga, som sjølvsagt er dei store. Sonja slit med å meistre bilkøyringa, ho kjenner seg ikkje eitt med bilen, og ho har vanskar med å gire. Som i livet elles. Ho slit med å ta styringa og med å finne ein ståstad å ta avgjerder frå. Ho går til massøren for å løyse opp i spenningar, men går ut derfrå med nye, fordi ho synest det er vanskeleg med rollefordelinga mellom pasient og behandlar. Den einaste plassen ho ser ut til å få ro, er på kyrkjegarden. Der kan ho lese og slappe av, sjå opp i skyene. Det er i det heile slitsamt med levande menneske. Som ein på same tid av ein eller annan uforståeleg grunn er heilt avhengig av.
Dei få personane rundt Sonja blir skarpt og varmt portretterte. I løpet av eit par setningar kjenner vi dei, etter nokre sider har vi knytt oss til dei. Den sigarettrøykande køyrelæraren Jytte med «bingoutsjånaden», blir også omtalt slik: «For Jytte er lesing noe for folk som har ferie, og kirkegårder er for de døde.» Konfliktsky som Sonja (tidvis) er, byter ho køyrelærar over hovudet på Jytte, og no er det Folke som skal lære henne å gire. Nors teiknar eit ambivalent portrett av Folke gjennom Sonjas blikk, som blir reint vakkert idet Sonja plutseleg skjeller han ut, og Folke ikkje veit korleis han skal ta det.
Kvar vart det av noet?
Bileta Nors brukar, seier noko om personane, men utgjer i seg sjølv interessante samanlikningar. Som når ho skildrar stilla i bilen mellom Sonja og Jytte, og samstundes får sagt noko om søstera Kate: «Akkurat som med Kate formerer det farlige seg på de blanke flatene, så det handler om å holde flatene oppskrapte med monotont snakk, kakeoppskrifter og hundehår.» Eller dette, som nok seier mest om Sonja sjølv: «– Ja, det må du unnskylde, sier Sonja, mens hånden smetter bort under Folkes som en flyndre under en badesko.»
Kring Sonja finst folk som driv med eller er opne for det alternative, og sjølv har ho ei fiksering på ein spådom ho ein gong fekk, men som ho ikkje kan hugse alt av. I mangel av evne til å senke skuldrene i noet, lar ho ein spådom om framtida, frå fortida, vere framtredande i tankelivet. Det er vanskeleg å gire om frå denne posisjonen. Men det gjer henne spennande som person, for oss. Alt som skjer, skjer sjølvsagt inne i det kreative, flokete og velmeinande hovudet hennar.
Spennande spylevæske
Eg interesserer meg derfor grenselaust for kva som skal skje hos massøren i dag, eller i køyretimen der Sonja skal lære å fylle spylevæske på bilen. Godt hjelpt av Pernille Rygg, som har gjort ein uklanderleg omsetjarjobb. Diskusjonen om kor vidt vi treng å omsetje bøker mellom dei skandinaviske språka, kan vi ta ein annan gong. No må de i staden orsake meg, eg må gå og file tennene på hamsteren min. Som Dorthe Nors skriv: «Dårlige unnskyldninger lager seg ikke selv.»
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Nors har ei heilt eiga evne til å skrive fram dei små tinga, som sjølvsagt er dei store.
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?