Gnostiske fantasiar
Fleire av dikta held god kvalitet, men diverre endrar ikkje det inntrykket av uforløyst poetisk potensial.
Åsa Maria Kraft debuterte i 1997 og er prislønt for forfattarskapen.
Foto: Nille Leander
Dikt
Åsa Maria Kraft:
Robotsand
Frå svensk ved Martin Ingebrigtsen
Samlaget
Åsa Maria Kraft (f. 1965) er eit kjent namn i svensk litteratur, men er nok eit nytt land for mange her i landet. Med omsetjinga av diktsamlinga Robotsand vert ho for fyrste gong presentert på norsk, i Martin Ingebrigtsens solide versjon.
Boka kom i 2018, og det tener Samlaget til ære at vi alt i 2021 får ei fullstendig utgåve i omsetjing, for det kan ikkje ha vore ei lett oppgåve å overføre originalen til god nynorsk.
Forfattaren opplyser i notane at boka er inspirert av gnostiske tekstar som finst i det såkalla Nag Hammadi-biblioteket. Desse tekstane vart funne i Egypt så seint som i 1945. Difor kan kanskje den noko spesielle tittelen lesast som ei metaforisk tingleggjering av ørkensanden – som det finst mykje av i denne delen av verda.
Ho seier òg at boka, særleg i fyrste bolken, hermar den fragmentariske forma som manuskripta er i, og ho vrir og vender på sentrale omgrep i den gnostiske tankeverda. Gnostisismen kom på moten særleg etter at litteraturgranskaren Harold Bloom omfamna han, og her heime har ikkje minst Jon Fosse flørta med retninga, jamfør Gnostiske essay. Kort fortalt er gnostisisme ei rørsle i tidleg kristen tenking som søkte religiøse innsikter meir enn rein tru. Gnostisismen er utprega eklektisk og omfattar element frå ei rekkje tankesystem, særleg nyplatonismen.
Ein sentral figur i boka er dokker, plastdokker, som mellom anna skal lesast som bilete på gnostikarane: «dokker spreidde/ over verda skal vi/ snart spreie oss». Mellomromma i det poetiske oppsettet mimar ei fragmentarisk og «sprengd» form, med lakunar og brot på normalsyntaksen. Vi finn òg eit utprega spel med grammatiske bøyingsformer: «Dokkene bøyer bøygde skal bøye sine tøygde skal tøye tøyelege ledd». Men formgrepa overtyder ikkje heilt; dokkebiletet verkar til tider forsert og kunstig, og samanhengen med gnostisismen er heller laus: «I den gnostiske bydelen/ der vi gnostinner dokkene// bur budde skulle bu hadde budd».
Seinare i samlinga femner dokkebiletet vidare i tid og rom, og vi flytter oss geografisk frå Egypt til Mexico og til den såkalla «Dokkenes øy». Det heile er ein utprega konseptuell poesi, og summa summarum vert det ei utvendig poetisk øving, utan den djupna som emnet innbyr til.
Sjølve ideen framstår hjå Kraft like viktig som uttrykket, men det sviktar i båe ledd, og konseptet veg ikkje opp for det vi tapar i poetisk innhald. Utan forfattarnotane hadde boka vore nærast uforståeleg for ein vanleg lesar, og i det store og heile er samlinga like syntetisk som plasten ho omtalar. Dette er i seg sjølv diskutabelt.
Men i dei siste bolkane finn vi òg poesi av meir tradisjonell karakter, og fine liner som desse: «Lett og tom, slik kan livet/ også levast sa ei øglerøyst/ frå dei djupe hola i kraniet.» Slike liner ber noko av barokkpoesiens stordom i seg. Her lyfter samlinga seg opp til eit høgare nivå, og fleire av dikta held god kvalitet. Diverre endrar ikkje dette inntrykket av uforløyst poetisk potensial. Diktsamlinga lovar mykje, men innfrir ikkje heilt.
Kjetil Berthelsen
Kjetil Berthelsen er litteraturvitar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sjølve ideen framstår hjå Kraft like viktig som uttrykket.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.