JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Familie, katedral og børs i Vestlandets avis

Skjeldal har skrive ei imponerande og (nesten for) grundig krønike om Bergens Tidende. Med (nesten for) mykje tvisyn.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5903
20171124
5903
20171124

Pressehistorie

Gudmund Skjeldal:

Vestover. Bergens Tidende i 50 år

Cappelen Damm

Til neste år kan Bergens Tidende feira 150-årsjubileum. I det høvet har Gudmund Skjeldal fått i oppdrag av avisa å skriva ei jubileumsbok. Med frie hender. Det har resultert i ein murstein som er meint å vera ei idéhistorie om «samfunnsoppdraget som BT har arva og forma for seg sjølv». Tja, dette samfunnet er no mest Bergen og Vestlandet. Samstundes handlar det om korleis den underliggjande økonomiske kapitalen verkar inn på denne ideelle overbygninga. Katedral og børs, altså, der børs, like mykje som i forlagsbransjen, vert stendig viktigare.

Skjeldal har kalla boka Vestover av fleire grunnar. Sjølv fortel han med sjølvinnsikt om korleis vossingar har eit mindreverdshat til bergensarar. Men bergensarar har eit tilsvarande til Oslo-folk. Berre høyr på bergensarar når det spyttar ut ordet «østlændingene». Bergens Tidende er nemleg ei avis som er medviten om at ho kjem ut i eit distrikt vest for Oslo. Ho har hatt eige Oslo-kontor sidan 1917. Men tittelen har eit par andre tydingar òg. Avisa har i store delar av det førre hundreåret vore utanrikspolitisk vestvend, mot Storbritannia og USA, av den enkle grunnen at Bergen ligg ved Nordsjøen og er ein gamal handelsby, som før toget kom hadde lettare kommunikasjon til sjøs vestover enn til Oslo. Dessutan har avisa hatt som ambisjon å vera (heile) Vestlandets avis. Med «Vestlandet» har avisa meint Hordaland og Sogn og Fjordane, og ho har hatt på det meste 20 prosent nynorsk i spaltene. Avisa burde difor stø framlegget om namn på samanslåinga av desse to fylka.

Kronologisk krønike

Boka er stort sett ei kronologisk krønike der vi byrjar i Gamle Bergen med at stryningen og boktrykkjaren Johan Wilhelm Eide. Han stifta seinare J.W. Eides forlag, byrja i det små med å gjeva ut ei tynn avis, samstundes som han fekk mange arvande barn som sjølv fekk mange arvande barn, slik at avisa heilt fram til slutten av 90-talet var familieeigd og driven av familiemedlemer. Men først etter at annonsemonopolet – gjeve av Stortinget til ei anna avis – vart oppheva, tok avisa av. (Vi minnast korleis opphevinga av kringkastingsmonopolet gjorde at ei anna Bergen-lokalisert mediebedrift, TV 2, vart etablert.)

Avisa vart ei Venstre-avis, som under første verdskrigen – merkeleg for oss lesarar i dag – viljug lét seg sensurera av venstreregjeringa til ikkje å skriva noko som kunne utfordra nøytraliteten. Men det mest interessante i boka, og endå meir framandt for oss i dag, er forteljinga om korleis Bergens Tidende fungerte under okkupasjonen. Ho var ei av dei avisene, som Aftenposten, som valde å halda fram, sjølv etter at dei fekk innsett ein naziredaktør. Skjeldal er flink til å sjå saka frå fleire sider, kan hende for mange: Avisa ville vorte heilt overteken av tyskarane om dei la henne ned, sa eigarane. Men på same viset som Aftenposten, sjølv om avisa måtte betala attende delar av overskotet under krigen, hadde ho monopolistisk tileigna seg annonsemarknaden for etterkrigstida, og ho kunne veksa til storavisa i regionen.

Etterkrigshistoria til avisa er elles lik den til norsk presse generelt. Med partitilknyting, til og med talerett på partilandsmøta til Venstre, inntil folkeavstemminga i 72 viste at folk lite brydde seg om kva aviser kravde at dei skulle meine. I staden fekk redaktørane vide retningsliner av styreleiar Helge Eide om å vera borgarleg og liberal, og difor ikkje sosialistisk, men utan partitilknyting. Skjeldal gjev detaljerte skildringar av korleis rekka av redaktørar følgde opp denne instruksen heilt fram til i dag.

Politisk fristilling

Mange er nok glade for denne politiske fristillinga frå partia. Men andre kan meina at dette har sett avisene i drift ute på det urolege havet til marknadskreftene. Skjeldal held nok fast på at samfunnsoppdraget framleis er sterkt nok til å gjeva styring. Men samstundes handlar forteljinga hans mot slutten om store økonomiske omstillingar: frå opplagshøgdepunktet for papiravisene i 1987, då Bergens Tidende selde meir enn 100.000 eksemplar kvar dag, til dagens tilstand då talet er nede i 46.000, men samstundes med eit tillegg på meir enn 10.000 abonnentar på den digitale plattforma.

Ikkje minst handlar forteljinga om korleis familien Eide lét seg freista til å selja seg ut for gode pengar, slik at først det tvilsame VIP Scandinavia kom inn, og seinare Orkla og til slutt Schibsted, som i dag kontrollerer avisa og samkøyrer henne med andre aviser, men rett nok til ein viss grad kontrollert av ei ideell stifting med vetorett andsynes tilsetting av redaktør. For Schibsted er eit reint børsføretak.

Jau, ei mengd medarbeidarar opp gjennom tidene vert omtalt grundig, særleg redaktørar, sjølvsagt, nokre av dei viktigare enn andre, til dømes Kjartan Rødland, I det heile er boka kan hende i meste laget detaljert, slik at mykje av stoffet er meir av interesse for avisa sjølv. Men slik må det vel vera når det er ei bedriftshistorie.

Heilt til slutt har Skjeldal funne plass til eit intervju med den noverande redaktøren, Øyulf Hjertenes. Ikkje for å be han kommentera fortida slik Skjeldal har framstilt henne, men for å seia noko om framtida. Han seier at «han har inga tru på at papiravisa til BT finst om femti nye år».

Skjeldal har levert eit imponerande idéhistoriske arbeidsstykke om denne urbergenske avisa, som burde interessera alle slags bladfykar. Og ein og annan børshai. Inga grafsing på kvinner vert rapportert om i laupet av desse 150 åra. Men så har det ikkje vore tilsett så mange kvinner i desse åra.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor i filosofi ved Universitetet i Oslo og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Hjertenes seier at «han har inga tru på at papiravisa til BT finst om femti nye år».

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis