JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Er det ein thriller? Ein dystopi? Ein allegori? Nei, det er Supermann.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3274
20170901
3274
20170901

Roman

Didrik Morits
Hallstrøm:

Lysår

Cappelen Damm

Ingen kan skulde Didrik Morits Hallstrøm for å gjenta seg sjølv. Han har skrive tre romanar, alle fundamentalt ulike kvarandre: Du er ikke død før jeg slutter å elske deg er ein mørk kjærleiksroman frå Oslo. Krø er ein gotisk grøssar frå ei forblåst øy på Vestlandet. Årets roman, Lysår, er ein science fiction-roman frå romskipet Vita.

Smertefulle minne

Solstormane på jorda har auka og ete opp ozonlaget. Planeten er ueigna for busetnad. Vi møter hovudpersonen «Norge», som er ein av dei utvalde til å reise med romskipet Vita for å redde menneska. Det tar 319 år å kome til neste planet der folk kan bu, og kvar av passasjerane (England, Tyskland, Sverige, Ukraina etc.) har vakt i eitt år, åleine, før dei går tilbake til kryosvevnen. Norge har seks veker att av vakta då han kjem over noko som endrar tilværet hans fundamentalt. Mannskapet har nemleg vore gjennom ein «selektiv minnedestruksjon», dette fordi det vil vere for smertefullt for dei å hugse for mykje frå tida på jorda. Norge får ureglementert tilgang på minnet sitt, og herifrå får òg lesaren innblikk i tida på jorda då Norge hadde eit namn, eit hus, ei dotter og ei historie, medan solstormane gjorde det jamt vanskelegare for dei å overleve.

Hud eller havregrøt

Det er ei urovekkande historie. Ikkje berre fordi det er grunn til å vere engsteleg om planeten vår blir ei einaste stor fråflyttingsgrend. Historia vekker uro ved å framheve det vi kanskje er mest redd for: å vere åleine, isolerte. Det er fint å vere med på å redde menneskeætta, men korleis klarer ein å halde motivasjonen oppe gjennom eit år, når dei andre i nærleiken berre søv? Det er klart at det hjelper å stenge av minnet. Men ingen autoritet eller teknologi kan stenge av for lengten: «Jeg presser en uåpnet pose med varm havregrøt mot pannen. Tenker at posen ikke er en frokostrasjon, men noens hud.»

Noko liknande skjer på jorda: Ettersom tilhøva blir verre, blir menneska meir isolerte og meir vaktande over ressursane som er deira. Til sist rår berre tunellsyn; ei farleg einsemd.

Trådane kutta

Lysår er ein pussig roman i si blanding av sjangertruskap (til sci-fi-klisjear) og originalitet, men samstundes ber han på mykje overføringsverdi. Ein kan lese boka som ein dystopi eller ein thriller, men ein kan òg feste seg ved kva denne avsondringa kan peike mot. Å ikkje vere i kontakt med sitt eige minne. Å kjenne at det sosiale livet glepp meir og meir, flyt unna. Eg skal ikkje overtolke, men det lar seg faktisk gjere å lese romanen som ei forteljing om depresjon, om alzheimer, om andre tilstander der tilknytinga til omverda gradvis blir kutta. Særleg når dei to verdene mot slutten blir vovne saman for hovudpersonen, og det blir uklårt for han kva som er kva.

Eg ser ikkje poenget med å bestemme meg for kva romanen «handlar om». Eg likar at eg etter enda lesing går og grunnar over kva han seier meg, og så kjem på fleire ting. Og at eg ikkje sluttar å tenkje over dette på fleire dagar.

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Lysår er ein pussig roman i si blanding av sjangertruskap og originalitet, men samstundes ber han på mykje overføringsverdi.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis