JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

«Enn om vi kledde fjellet med dannelse?»

Ei stor og innhaldsrik forteljing om korleis dei nasjonale strategane gjorde fjellheimen til vår eigen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Slingsby på veg opp mot toppen av Storen. Therese Bertheau og Ole Berge held tauet.

Foto frå boka: The Northern Playground, 1904

6329
20180119
6329
20180119

Sakprosa

Da fjellet ble dannet

Dreyer forlag

Rune Slagstad har bak seg ein omfattande karriere: i politikk (nestleiar i SV), forlag (redaktør i Pax og Universitetsforlaget), forsking (forskingsleiar ved Noregs forskingsråd) og akademia (professor ved Universitetet i Oslo og Høgskolen i Oslo og Akershus), som tidsskriftredaktør og mykje anna – så mykje at han best kan klassifiserast som det ein før kalla intellektuell, eller det filosofen Hegel ville kalla ein Geisteswissenschaftler, eller ein kulturpolitikar, altså ein som kommuniserer kunnskapen sin inn i kulturen.

Mest kjend er han for det som er hovudverket hans, mursteinen De nasjonale strategene (1998), der han skildrar Noregs utvikling frå 1814 til 1990, med bruk av Jens Arup Seips historiske kategoriar embetsmannsstaten, venstrestaten og arbeidarpartistaten, men òg med vekt på den avgjerande innsatsen til einskildpersonar, som altså vert omtalte som strategar. I 2008 kom ein oppfølgjar, (Sporten) – en idéhistorisk studie, som for same tidsrom skildrar korleis sport og friluftsliv har utvikla seg i Noreg.

No har han komme med nok ein oppfølgjar, Da fjellet ble dannet, som dekkjer same periode, og som gjer bruk av mykje av det same materialet. På dette viset må Slagstad snart kunne kalla seg sjølv ein nasjonal strateg, eller i det minste ein nasjonal metastrateg.

Oppdaginga

Tittelen på årets bok er tvitydig. Nei, det er ikkje slik at boka handlar om korleis fjella i Noreg vart skapte og forma. Eller berre i liten grad. Og heller ikkje om bergverksdrift, som jo byrja lenge før 1814. Her er det heller tale om danning i kulturell forstand: om korleis dei norske fjella gjennom kunnskap og fysisk tilrettelegging vert gjorde til ein «fjellheim», der danna menneske kan finna seg til rette og sjølve verta danna.

Det som geologane først kalla Jotunfjeldene, altså eit stort geologisk og menneskeleg framandt objekt, vert av Vinje døypt om til Jotunheimen – ein stad der både jotnar og menneske kan kjenna seg heime. Det som bønder og reingjetarar såg på som stygt og fælsleg og ei farleg hindring, vert av fjellturistane sett på som vakkert og sublimt og ein trygt T-merkt rekreasjonsarena.

Nyttige vakkert

Dette lagar Slagstad ei forvitneleg forteljing om – der embetsmannsstatens nasjonalisme og samspelet mellom rasjonalisme og romantikk er drivkrefter. I byrjinga, som det heiter, var det landmålarane som danna biletet av Fjell-Noreg: Christopher Hansteen, professor og leiar for Norges Geografiske Opmaaling (1817), sette i gang eit kartografisk prosjekt som innebar reiser på kryss og tvers i landet, i første omgang som reiskap for det norske forsvaret, men snart som utgangspunkt for utvikling av næringslivet i landet og planlegging av kommunikasjonsliner.

Men saman med geologar og kartografar, som forresten òg var gode teiknarar og målarar, reiste landskapsmålarar, slike som Flintoe og Carpelan, og seinare I.C. Dahl og Gude. Dei kunne koma attende til Kristiania og embetsmannsfamiliane der og visa det storslåtte dei hadde sett, til dømes Rjukanfossen og fjella i Jotunheimen. Om det seier Slagstad: «Dannelsesborgerskapets erobring av den norske fjellheimen i annen halvpart av 1800-tallet var i seg selv et uttrykk for det dobbelte gjennombrudd – vitenskapelig naturerkjennelse og estetisk naturerfaring.»

Seinare kjem fotografane, eller «ljosskrivarane», som Vinje kallar dei, slike som Wilse og Knud Knudsen.

Aristokrati i fjellheimen

Så tar Slagstad oss med til nokre prestegardar, særleg ein i Ullensvang, der prosten Nils Hertzberg (1759–1841) tener som modell, og prestegarden, lik andre slike, som baseleir for dei som no vert interesserte i å verta fjellturistar. Noko som fører til behov for tilrettelegging og organisering for breiare lag av folket.

Hovudkapitla i boka handlar difor om Den Norske Turistforening (DNT), passande nok, ettersom foreininga i år feirar 150-årsjubileum – så mykje at boka òg kan tena som jubileumsbok. Her får vi fortalt korleis DNT fungerer som eit demokratiseringsinstrument, som dessutan bidreg til kvinnefrigjering, med sine godt merkte stiar og hytter og handbøker.

Dette kjem i konflikt med meir aristokratiske haldningar, mange av dei innførte av engelske turistar, noko som gir Slagstad høve til å vidareføra forteljinga si med kapittel om sportsjakt og (fluge)fiske – eit meir aktivt, men framleis estetisk tilhøve til fjellnaturen, i motsetnad til matauken som fjellbøndene dreiv. På dette området hadde Noreg vore eit uregulert paradis for engelske lordar – før Stortinget laga lover og Norsk Jæger og Fiskeriforening (1871) vart stifta.

Desse aristokratiske haldningane vert så førte heilt til topps, bokstaveleg talt, i samband med at engelskmenn, personifiserte i W.C. Slingsby, introduserer fjellklatring og erobrar Store Skagastølstind, noko som fører til danninga av den særs eksklusive Norsk Tindeklubb, som først dei siste 50 åra har vorte utfordra av demokratisering.

Slagstads store forteljing er full av små interessante forteljingar som viser kor mykje han veit om – og kjenner seg heime i – stoffet, og særleg om embetsmannsstaten. Aristokratiet vart avskaffa i 1814, men embetsmennene utgjorde tydelegvis eit progressivt kvasiaristokrati, der familiane fekk professorar og prestar og inngifte og heite Brøgger og Hansteen, Keilau, Heftye og Kierulf. Det einaste negative eg kan seia om Da fjellet ble dannet, er at den bergenske riksmålsbrukaren Slagstad kan henda språkleg kjenner seg i meste laget heime blant desse. Han har ei imponerande oversikt over kva dei har skrive, slik at han undervegs saumlaust kan sy inn sitat frå dei. Men det vert i meste laget: På mange sider er halvparten av teksten dansk.

I boka vert den svenske etnografen Orvar Löfgren sitert på at det finst ein sterk vilje til å nasjonalisera ein storfelt natur, særleg i land utanfor vestleg sivilisasjon. Slagstad har no vist korleis dette vart gjort i Noreg. Der «ble naturens monumentalitet en konstituerende del av en nasjon som var fattig på monumenter i granitt og bronse».

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor i filosofi og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Slagstads store forteljing er full av små interessante forteljingar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis