Ei reise under huda
Det blir for mange analysar og for få funn i Hanne Ørstaviks siste roman.
Hanna Ørstavik grublar vidare i bok nummer 15.
Foto: Linda B. Engelberth
Roman
Hanne Ørstavik:
Over fjellet
Oktober
I Ørstaviks femtande utgjeving møter vi forfattaren Irma, som for tida held til i Paris. Ho bestemmer seg for å reise sørover i Frankrike og vandre derifrå over Pyreneane, og følgje Walter Benjamins fluktrute til Spania frå under andre verdskrigen. Det er uklart kvifor dette er ei viktig reise, men Irma har ei førestelling om at det er det. Samstundes, det vil seie ein dag før, går Wilma og Leonie den same ruta. Dei er begge tyske jødar som bur i Paris, men dei og Irma kjenner ikkje kvarandre.
Tankane står i vegen
Vi hoppar litt fram og tilbake i Irmas liv, og i liva til dei andre kvinnene. Dei to siste blir verande perifere, mens vi kjem tett på Irma. Det vil seie: Vi kjem tett på grublinga hennar over ting i livet. Irma er opptatt av å komme nærmare noko, forbi eit stengsel i seg sjølv, tettare på sin eigen seksualitet, for eksempel. Ho går mellom anna til ei tantrakvinne for å få hjelp til dette. «Er det derfor jeg er kommet hit. For å trenge gjennom, for at det ikke skal være stengt i meg mer, ikke noen avstand.» Ho prøver òg å få betre kontakt med den vesle jenta ho ein gong var, for at jenta ikkje skal bli ståande der, lubben og usikker for alltid. Kan den vaksne kvinna hjelpe den unge kvinna i seg vidare? Blir den vaksne kroppen meir heil då?
Men å stå tett på ei grubling fører oss ikkje naudsynleg tettare på personen Irma eller på kva ho ønsker å finne der «på andre sida». Ikkje er det godt å seie om ho finn noko, ho heller. Snarare står alle tankane i vegen for å trenge inn i stoffet. Eg blir usikker på kva romanen vil meg, eller om han vil meg noko. Vil han nå ut? Og vil han det gjennom temmeleg tradisjonelle, terapeutiske tema som å finne det vesle barnet i seg sjølv?
Då må det i alle fall føre til innsikter. Det er for eksempel ikkje grensesprengande å bli introdusert for draumar Irma har, som handlar om at ho heilt konkret finn «nøkkelen til barndommen». Særleg når vi ikkje blir presentert for nøkkelholet. Irma er ekstremt merksam på korleis alt kjennest på innsida. Viljen til å gå innover og analysere kvar vesle ting er stor, men det er utmattande for lesaren.
Mykje er uklart
Eg blir derimot interessert når Irma registrerer at viljen til å skrive på ein roman er sterkare enn viljen til sex, i augneblinkar der ho har valet mellom dei. Kva tyder dette, kva konsekvensar har dette? Det blir ikkje utdjupa. Når Irma har gått over fjellet og skal tilbake med tog eller buss, noko som sjølvsagt går raskare, står det: «Én time, og synlig overalt. Mens den turen jeg akkurat hadde gått, tok fem, og var kronglete og langt oppe og bortgjemt. Begge gikk over det samme fjellet.» Dette er ei innsikt, og kunne vore bygd ut. Men sjølve turen er til sjuande og sist så lite omtala, og når denne setninga er alt som står om det å ha to vegar til innsikt, blir utsegna heller for enkel. Og eg skjønar framleis ikkje kva funksjon Wilma og Leonie, og vandringa deira, har i forteljinga.
Ut av iveren hovudpersonen har etter å gå inn i seg sjølv og løfte fram alt som er der, og hevde at alt er like viktig, oppstår det mest tåke. Dette forplantar seg heilt til omslaget. Exil Design gjer som regel framifrå arbeid som coverdesignarar, men denne gongen er omslagsbildet berre uklart, og ikkje på ein produktiv måte. Det er noko som ikkje er tatt stilling til.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Snarare står alle tankane i vegen for å trenge inn i stoffet.
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?