JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ei legitim gåve frå ein rettvis givar?

Porselen og revolusjon er historia om tollaren, generalen, bankdirektøren,
eventyraren m.m. som skaffa Bergen den store Kina-samlinga.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Johan Munthe var ein staseleg kar, med medaljedinglande uniform og same bart som keisar Wilhelm.

Bilete frå boka.

6218
20180302
6218
20180302

Saksprosa

Jorunn Haakestad:

Porselen og revolusjon. Johan Munthe og Kina-samlingen i Bergen

Fagbokforlaget

I Bergen, i det som før heitte Vestlandske kunstindustrimuseum, men som i dag heiter KODE 1, finst ei stor – meir enn 2500 gjenstandar – samling kinesisk kunst og kunsthandverk. Sist gong vi framande ikkje-bergensarar vart gjort merksame på samlinga, var i 2013, i samband med eit spektakulært og godt filma innbrot, desto meir sjokkerande ettersom eit heilt tilsvarande innbrot hadde skjedd berre tre år tidlegare. No har museet førebels gjeve opp, ikkje berre å få attende gjenstandane, men òg å stilla ut kunsten, som er gøymd på hemmeleg stad.

Postkoloniale spørsmål

Trist som dette er i seg sjølv, har det samstundes retta eit kritisk søkelys på sjølve samlinga og omstende kring etableringa av henne. Noko som er ein del av det som vert kalla postkolonialisme, og som har gjeve mykje ubehag til mange vestlege museum. Har gjenstandane, gjevne som gåve frå privatpersonar, vorte skaffa på rett vis? Har desse gåvene sjølve vorte like mykje stolne frå undertrykte kulturar, som dei gjenstandane som vart stolne frå KODE 1? Bør dei sendast attende til opphavslandet, slik Hellas krev når det gjeld Lord Elgins karyatider i British Museum? Eit museum i USA har alt gjort det med førkolumbiske gjenstandar frå Peru. Ein hypotese i samband med KODE 1-innbrota er at dei var bestilte av kinesisk mafia som så sel gjenstandane til rike kinesarar som fritt kan skryta av dette som ei patriotisk handling.

I Noreg hadde vi ein slik debatt i 2004 i samband med at Brennpunkt (NRK) laga program (innklaga til PFU) om Schøyen-samlinga, verdas største private manuskriptsamling. Difor ville det vore rart om ikkje KODE 1 òg hadde tenkt gjennom denne problemstillinga, ja, og førebudd seg på at dei òg kunne verta utsett for eit Brennpunkt-program. Det er i alle høve forståeleg om ein ser på dette som bakgrunnen for at KODE 1 har fått sin tidlegare direktør, no fyrstekonservator med hovudansvar for Kina-samlinga, Jorunn Haakestad, til å skriva ei bok om Johan Munthe (1864–1935), mannen som samla og gav museet all denne kinesiske kunsten. For slik sjølv å ta initiativet til ei gransking av nyrer og hjarte hos denne sjenerøse gjevaren, og legitimiteten til samlinga.

Og heilt til slutt i boka vert det klårt at denne granskinga, saman med press frå Kina, i 2013, har resultert i tilbakeføring, rett nok berre som langtidsutlån, av enkelte gjenstandar til universitetet i Beijing. Det handlar om sju søyler frå sumarpalasset Yuan Ming Yuan, først øydelagd av britar og franskmenn i 1861. Desse var vel tvillaust plyndra og selde som tjuvegods. «Betraktet som krigstrofeer er søylene bærere av en skambelagt historie. I Kina er de symboler på vestlig imperialisme under ’De hundre års ydmykelse’.»

Munthe og samlinga

Men kva med alle dei andre gjenstandane? Og kva med den moralske standarden til Munthe? Kan KODE 1 ha godt samvit? Dette svarar Haakestad på ved å laga ein vanleg biografi om ein uvanleg mann, som difor var ein typisk bergensar. Frå kjøpmannsslekt, med utdanning frå det som i dag vert kalla Krigsskulen, reiste han, takk vera ein slektning, tollinspektør og kunstsamlar Iver Munthe Daae, til Kina for å arbeida i tollvesenet. Men i samband med alle krigane på slutten av keisardømet vert han i 1911 militær rådgjevar og general for republikkens første president, Yuan Shika. Heile tida samlar han kunst som han sender heim i kasse etter kasse til museet i Bergen. Seinare vert han bankdirektør i ein kinesisk-skandinavisk bank, medan hans eiga samling veks. Men etter kvart, utover 20-talet, vert republikken oppdelt av innbyrdes kjempande krigsherrar. På 30-talet gjer Munthe eit forsøk på å selja samlinga til eit californisk museum, som berre får råd til å betala for ein del. Takk vera ein passus i salskontrakten vert resten, til slutt, på 1950-talet, overført til Bergen.

Dette er hovudforteljinga. Men undervegs får Haakestad med seg mange detaljar om livet og personlegdomen til Munthe. Frå portrett ser vi at han var ein staseleg kar, iført medaljedinglande uniform og utrusta med same bart som keisar Wilhelm. Vi høyrer om dei to ekteskapa hans, og om hans religiøse omvending til det tidstypiske Christian Science.

Haakestad gjer så godt ho kan med å forstå Munthe i lys av datidas kultur og politikk, og ho klarar fint å formidla kinesisk fornedring på slutten av keisardømet og kaoset i den første republikken. Ho finn at Munthe rett nok er eit samansett menneske, som er noko prangande med sine sjølvkomponerte uniformer, men òg fredsæl og med respekt og von for den kinesiske kulturen han hentar kunsten frå. Til dømes lærer Munthe seg med éin gong mandarin. Alt i alt verkar det som om Haakestad frikjenner Munthe for klagemål om å vera ein typisk arrogant stelande imperialist. Ho finn at gjenstandane har vore kjøpte på rett vis. Så: Godt samvit for KODE 1? Ikkje at eg tvilar på framstillinga hennar. Men best ville det nok vore om boka hadde vorte laga av ein som var litt mindre inhabil enn ein fyrstekonservator ved KODE 1.

Kaffibordbok

På den andre sida er det vel ikkje mange med like høg kompetanse på denne samlinga. Undervegs lærer vi difor ein del om kinesisk kunst, sjølv om dette ikkje er føremålet med boka. Vi lærer at dette omgrepet dekkjer det vi i Vesten også kallar kunsthandverk. Og vi lærer om skilnaden i syn på kopiering mellom vestleg kunst og kinesisk: At kinesarane er opptekne av framstillingskunnskap snarare enn opphavleg originalitet, noko som viser seg i at dei verdset gode kopiar, medan vi ser på det som forfalsking. Dette fortel litt om problema med å avgjera kva som er ekte og uekte kinesisk kunst.

Dessutan er boka rikt illustrert, og eignar seg som kaffibordbok. Men at ein brukar «gullpapir» på innsidene av omslaget, var vel å overdriva?

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Alt i alt verkar det som om Haakestad frikjenner Munthe for klagemål om å vera ein typisk arrogant stelande imperialist.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis