JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Boka om Sylvi Listhaug er ikkje biografi, ikkje portrett, men ein politisk kommentar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mathias Fischer har skrive bok om ein politisk rival til valkampen.

Foto: Bård Bøe/Gyldendal

5458
20170811
5458
20170811

Biografi

Mathias Fischer:

Kors på halsen –
Sannheten om Sylvi Listhaug

Gyldendal

Det mest interessante ved denne boka er ikkje det som står i henne, men omstende kring henne. Forlaget, Gyldendal, var ein gong kjent for å vera børs og katedral. No handlar det berre om børs. For den einaste grunnen til at denne boka vert gjeven ut, er pengar. Høgverdig litteratur handlar det ikkje om, og heller ikkje om høgverdig opplysningsbidrag. Vi må tru at forlaget har tenkt: «Jau, det vert skrive mykje om Listhaug, og ho er polariserande og kontroversiell, med mange oppslag i media. Difor vil sikkert mange kjøpa ei bok om henne, uansett kva som står i boka. Vi lanserer henne i byrjinga av valkampen!»

Så er det forfattaren, eit vedunderbarn, 24 år, og alt «verdas yngste» politiske kommentator, i Bergens Tidende (BT), leiar i Bergen Unge Venstre 2011–12, og varamann til Stortinget for Venstre i inneverande periode. Denne dobbeltrolla har alt ført til at BT har vorte dømd i PFU for manglande tydeleggjering av henne. Gyldendal er ikkje særleg betre: «Han har tidligere vært aktiv Venstre-politiker, men meldte seg ut av partiet da han begynte som journalist i Bergens Tidende.» Ikkje eit ord om at han framleis formelt er aktiv politisk aktør på Stortinget. Det står heller ikkje noko om dette i forfattarens eige forord.

Uautorisert biografi

Så er det kva denne boka vert marknadsført som. Børsforlaget seier at det er ein «uautorisert biografi», medan forfattaren seier det ikkje er ein biografi, men eit portrett. Biografi ville uansett vera meiningslaust om ein politikar på 39 år, som er i full aktivitet. Men portrett? Like meiningslaust, ettersom modellen heile tida er i rørsle, slik at biletet må verta uklårt. Så dette er i røynda rett og slett eit stykke utvida kommenterande politisk journalistikk.

Til dømes: Bokas undertittel er «Sannheten om Sylvi Listhaug». Men rasjonell kunnskap krev at sanninga er grunngjeven: i biografiar at kjelder vert oppgjevne. Denne boka byggjer på nokre namngjevne, men særs mange anonyme kjelder, utanfor lesarens kontroll. Forfattaren roar oss rett nok med at han har «sunn skepsis» til kjelder, og sjølv har verifisert dei av andre (anonyme?) kjelder.

Men dette gjer at boka er ubrukeleg for seinare historikarar.

Derimot er dette ein heilt legitim, og ofte naudsynt metode i politisk journalistikk (deep throat-metoden), av di slik journalistikk er ein aktiv deltakar i ein politisk prosess, som politisk handling, ikkje teori, i dette tilfellet frå ein politisk motstandar av Listhaug. Så denne boka må lesast som ei slik politisk handling, noko som straks gjer henne legitim, men på andre enn forfattarens premiss, medan forfattarens politiske ståstad vert mindre problematisk. Sjølvsagt må stortingspolitikarar få lov til å skriva bøker om motstandarane sine, særleg når valkampen byrjar.

Ikkje noko krut

Spørsmålet vert då om boka inneheld noko krut. Finn vi noko avslørande som kan undergrava Listhaugs politiske posisjonar, og styrka forfattarens? Eg kan tenkja meg at Gyldendal har vore frustrerte. Ei lønsam politikarbok skal innehalda juicy avsløringar, gjerne av skandalar, som så kan lekkjast til media før lanseringa. Nei, her er det ingenting slikt. Sant å seia inneheld boka ingenting som ikkje er vel kjent, noko som heng saman med at Listhaug er ein særs tydeleg politikar. Ho har spinndoktorert den politiske profilen som enkel odelsjente frå eit kristeleg sunnmørsmiljø, og, for å sitera ei namngjeven kjelde: «... var en gammel sjel. Hun har alltid vært voksen, og hun drakk lite». Desse historiene frå ungdoms- og privatliv er ikkje særleg interessante. Det er dessutan alt velkjent at ho står nærare Carl Ivar enn Siv, og at ho i regjeringa, både som landbruksminister og no som innvandringsminister, har teke på seg rolla som målberar av Frps primærstandpunkt, snarare enn å arbeida for kompromiss. Likeins at ho er ein meister i å kommunisera til sine eigne tilhengjarar, samstundes som ho får motstandarar til å få blodtåke.

Kross på halsen

Klarar kommentatoren å godtgjera at Listhaug ikkje eigentleg er så kristeleg som ho gjev inntrykk av med denne krossen på halsen, og som har gjeve tittelen til boka? Ho går ikkje så ofte i kyrkja som Hareide. Men det har no vorte eit rotterace om dei kristne veljarane. Ingen er vel betre her enn andre: Støre er kristeleg, Erna er kristeleg, og til og med Kolberg har lansert seg sjølv som teolog og tolkar av bodet om nestekjærleik. Hofstad har vorte pilegrim, og funne dei norske verdiane i Nidarosdomen.

Kommentatoren skal få litt ros for å vera balansert når han drøftar Listhaugs bading iført overlevingsdrakt i Middelhavet frå ei redningsskøyte, og slepp til opplysningar som set dette i eit anna lys enn alle vitsane. Men så gjer han seg skuldig i eit vanleg journalistisk knep for å skjula eigen posisjon: Han siterer andre som seier det han sjølv meiner, utan at han treng å seia det sjølv: Washington Post som samanliknar Listhaug med Marine Le Pen og Gerdt Wilders, eller VG som samanliknar henne med Sarah Palin.

Les heller dagens aviser: Der står det noko om Listhaug kvar dag. Og det er meir aktuelt kommenterande enn det som står i denne boka.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor i filosofi ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det mest interessante ved denne boka er ikkje det som står i ho,
men omstende kring ho.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis