JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Biologisk politikk: Eit tviegga sverd

På veg frå celle til godt samfunn hamnar Dag O. Hessen i eit ingenmannsland.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dag O. Hessen er professor i biologi ved Universitet i Oslo og har skrive mange populærvitskaplege bøker.

Foto: Anne Valeur

5482
20171208
5482
20171208

Politisk saksprosa

Dag O. Hessen:

Vi. Samarbeid – fra celle til samfunn.

Cappelen Damm

Mange vil nok berre le når dei på baksida av Vi les at «Dette er, kort fortalt, en bok som vil gjøre deg til et bedre menneske». No er likevel boka skriven av ein respektert naturvitskapsmann, biologiprofessor Dag Hessen, som refererer til mykje ekte forsking, så då må ein ta det på alvor. Denne meldaren skal difor vera forsøksperson i eit vitskapeleg eksperiment, og har oppnemnt nokre stamkafévenner som vitskapeleg observatørar: Dei skal sjå om eg etter lesing av boka verkeleg har vorte eit betre menneske. Svaret kjem på slutten av meldinga.

Hessen sjølv treng knapt forbetring. Han er utruleg produktiv: Sidan 1997 har han gjeve ut 22 bøker i formidlingssjangeren, noko han i same periode har motteke heile ni prisar for, velfortent og fortenestefullt. Årets bok høyrer derimot heime i ein annan sjanger, nemleg politisk litteratur. Ho er eit åtak på liberalisme og politisk realisme, særleg av det slaget som Machiavelli, Hobbes og Ayn Rand står for. Samstundes, men det er ein lekk i dette prosjektet, skal ho motverka eit pessimistisk menneskesyn og fremja trua på det gode i menneska.

biologisk basis

For å klara dette refererer Hessen til Rousseau, motstykket til desse maktfilosofane, men først og fremst tar han i bruk faget sitt, biologi. Boka inneheld tre hovuddelar. I den første, som heiter «Moralens opprinnelse», går Hessen gjennom biologiske nivå frå gen til bakterie til flaggermus og aper. «Moralske aspekter, ikke minst alt som har med nestekjærlighet å gjøre, var lenge teologiens suverene domene. Utgangpunktet var nettopp forståelsen av menneskenaturen som hobbesiansk, og at religion var det eneste som stod mellom individet og fortapelsen.» Hessen seier at det er for å motverka dette at han skriv boka si. Så her vil han visa, gjennom mange eksempel, at altruisme, offervilje og nestekjærleik ikkje er framande i naturen. Hobbes tar feil, skjønar vi, og biologi er det som reddar oss frå fortaping. Men sant å seia trur eg knapt at dagens liberalistar vil vera usamde i at moralen har eit slikt biologisk grunnlag.

Den andre delen heiter «Følelser for fellesskap». Han handlar etter kvart mykje om førekomstar av empati, både innanfor ein art og på tvers av artsgrenser. Ordet ligg på topp på indekslista bak i boka. Hessen finn til og med eit par empatihormon – oxytocin og vasopressin – som både fremjar og vert fremja av augekontakt, noko som gjev gruppesamhald og samvit, og gjer oss sjenerøse og rettferdige. Også her brukar han mange forskingseksempel, både frå dyreriket og menneskelivet, som underbyggjer at vi naturleg er betre enn Donald Trump.

Ikkje eintydig korrekt

Siste delen heiter «Tillit, samarbeid og samfunn». Her vert det mindre biologi og meir samfunnsvitskap og politikk. Skjønt, politikk: Det verkar som om Hessen sjølv er klår over at han no har kome ut på tynn is, godt utanfor faget sitt, og byrjar å merka at prosjektet hans vert meir og meir tvilsamt. For er det mogeleg å slutta heile vegen frå biologi til politikk? Hessen innleier denne delen med å referera til slike gode antinazistar og sosialistar som Scharfenberg og Evang, som båe likevel gjekk inn for å reinska rasen for dårlege genberarar. Snarare er det slik at biologien er som eit smørbrødbord, der ein kan plukka kva ein vil ut frå ideologiske preferansar. Noko stør egoistane, noko Hessen.

Hessen sjølv viser så mykje medvit om dette at han som politikar vert sterkt plaga av tvisyn, sjølv om han for det meste hamnar på ein politisk korrekt posisjon. Margareth Thatcher vert nok ein gong sitert i å ha skulle sagt: «There is no such thing as society», medan konteksten for dette viser at det slett ikkje er ei Ayn Rand-utsegn ho kjem med. «Society» betyr her upersonlege styresmakter, som ho vil erstatta med eit «living tapestry of men and women and people». Eg må vel òg få påpeika at filosofien sjølv, og til og med den einskilde filosofen, kan vera litt av eit smørbrødbord: Hobbes representerte òg eit stort framsteg i retning av å gjera politikken sekulær. Og Rousseau var som kjent eit paranoid kjenslemenneske som med teorien om allmennvilja og avvising av eigedomsrett, vart stamfar til marxisme og leninisme.

Flatt språk

Tvisynet gjer at Hessen i særleg denne tredje delen høyrest ut som ein stilskrivar på vidaregåande skule: Han har lese utruleg mykje om økonomi, psykologi og antropologi, men ut av det kjem det altfor ofte banale klisjear: «Det sies ofte at det er unødvendig ’å gi folk dårlig samvittighet’, og det er sikkert riktig i situasjoner der dårlig samvittighet ikke kan omsettes i handling.» Den einaste prisen eg ikkje skjønar at han har fått, er difor riksmålsprisen. Språket durar av garde i same tonelag. Humor og ironi er fråverande. Ja, éin stad, når han snakkar om «godhet», skundar han seg å varsla om at han ikkje brukar ordet ironisk.

Så, kva vart resultatet av eksperimentet? Har eg vorte eit betre menneske av å ha lese denne boka? Nei. Vennene mine har ikkje funne teikn til forbetring. Snarare tvert imot. I motsetnad til Hessen gjev eg framleis ikkje pengar til tiggarar. Og denne meldinga gjev meg vel heller ikkje eit betre rykte.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den einaste eg ikkje skjønar at han har fått, er difor riksmåls-prisen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis