JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Alf Kjetil Walgermo er lite forkynnande, noko som må passa bra for dei kulturkristne.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Alf Kjetil Walgermo har skrive ei bok for den som vil friske opp bibelkunnskapen.

Foto: Agnete Brun

5486
20170901
5486
20170901

Sakprosa

Alf Kjetil Walgermo:

Røff guide til Bibelen

Samlaget

Ein «rough guide» var opphavleg ei reisebok for ryggsekkturistar på lågbudsjett. Sidan har konseptet tallause gonger vorte nytta i andre samanhengar. No er det kome ein røff guide til Bibelen. Kven er han meint for? Knapt nok for lågbudsjettlesarar, for han er nok dyrare enn boka han handlar om. Kanskje han er meint for ein slags teologiske turistar?

Forfattaren sjølv gjev eit svar i forordet: «Eg har skrive denne boka til dei som aldri rakk å ta fatt på Bibelen – og til lesarar som kjenner behovet for å friske opp att bibelhistoriene frå barndomen. Eg ser ikkje bort ifrå at også aktive bibellesarar kan lære noko nytt.» Den første gruppa trur eg det er for seint for, medan den siste gruppa kan finna stoff andre stader, til dømes hos Karen Armstrong.

Det som då står att, er mellomgruppa med oppfriskingsbehov, og her kan det vera ein marknad, særleg når vi ser det i lys av noko anna som står i forordet: «Vi har ikkje lenger ei statskyrkje i Noreg. Bibelen har likevel ein viktig posisjon i det norske samfunnet. Bibelsk tankegods har påverka språket vårt, styresettet vårt, flagget vår – ja, dei fleste sider av samfunnslivet. Vår kristne og humanistiske arv er rett og slett uforståeleg utan Bibelen.» Dette kan ein vera usamd i eller ikkje, men den siste setninga er ein direkte referanse til den nye §2 i Noregs grunnlov. Då vert det implisert at alle gode nordmenn har ei plikt til kjenna til Bibelen for å kunna forstå vårt felles verdigrunnlag.

Nynasjonalisme

Dessutan må vi sjå dette i lys av innvandringssituasjonen, og trusselen han vert påstått å utgjera for dei norske verdiane. Denne frykta har provosert fram ein slags nynasjonalisme. Før hadde vi eit skilje mellom «personleg kristne» og dei andre i statskyrkja som berre gjorde bruk av rituala. No, etter innvandring av muslimar, har mange kjent behov for å styrka identiteten sin ved å gjeva han ei religiøs oppbakking, utan at dette skal innebera å gå i kyrkja ut over julaftan. Difor har ein ny kategori dukka opp: «kulturkristen». Det er så mange som 55 prosent i Noreg som stør Listhaug, ifølgje ein gallup. Krossen ho ber på, kan likevel vera i meste laget. Men dei kristne verdiane forstått som norske verdiar, kan brukast i forsvarslina, noko til og med norske biskopar bygger opp under, sjølv om dei er innvandringstilhengarar. I det minste kunne ein «kulturkristen» setja seg inn i Bibelen som tradisjon og litteratur.

Til desse «kulturkristne» er Røff guide til Bibelen perfekt – omtrent slik folk som før ville verta kjende med Moby Dick, kunne klara seg med å lesa Det Bestes forkorta versjon: «I dei neste sidene tek eg for meg alle bøkene i Bibelen, og gir ei lita innføring i kvar av dei. (…) Eg har lagt vekt på å trekke fram og forklare bibelstader alle burde kjenne til, peike på aspekt som er viktige for kristendommen, gi korte riss av bibelforskinga og tilby noko av det ’vesle ekstra’. Du kan ikkje alt om Bibelen etter å ha lese denne boka, men du kan ganske mykje meir enn dei fleste.»

God gjenforteljar

Kor godt lukkast Walgermo? På sine premiss veldig bra, og langt betre enn Det Beste. For det første er Walgermo ein litterært god gjenforteljar, men så har han då også eit takknemleg utgangspunkt, særleg i Det gamle testamentet (GT). Denne meldaren er så gamal at han på 50-talet fekk så god kristendomsopplæring at han kjenner alle desse utrulege – i dobbel forstand – forteljingane om forvandling av Lots hustru til ei saltstøtte, eller Moses og brennande tornebusker. Sanneleg om ikkje Walgermo får meg til å gjenoppleve mykje av magien i desse eventyra.

I tillegg gjev Walgermo nokre få innblikk i den filologisk-historiske forskinga på kjeldematerialet for, og dateringa av, dei bibelske bøkene. Her måtte det likevel verta overflatisk: For det meste får vi berre referert kva fleirtalet og mindretalet av forskarar meiner, utan at mange argument vert trekte fram.

Éin ting vi ikkje får drøfta, er om desse forteljingane er sanne i bokstaveleg forstand. I det heile er Walgermo lite forkynnande, noko som må passa bra for dei kulturkristne. Dette er mest Bibelen presentert som litteratur. Men i det minste éin gong kunne han ha drøfta tilhøvet mellom dei mytiske mirakla og vitskapen, og om vår moderne rasjonalitet kan akseptera dei som noko anna enn metaforar.

Godt oversyn

Når det gjeld Det nye testamentet (NT) tykkjer eg Walgermo er flink til gje oversyn over korleis tilhøvet mellom dei fire evangelia er. Inntrykket eg får formidla på slåande vis, er kor teologisk «tynn» bodskapen til Jesus er. Det handlar mest om å vera snill, og følgja hans eksempel. I tillegg kjem handlingar og hendingar som nattverdsmåltidet og krossfestinga. Dette i slåande kontrast til hovudpersonen i resten av NT, Paulus, den tidlegare farisearen, som med denne bakgrunnen tykkjest vera den eigentlege religionsstiftaren og første verkelege teolog.

Jau, når ein har lese denne boka, har ein fått ein røff guide til ikkje berre Bibelen, men mykje av vestleg musikk og litteratur (til dømes Thomas Mann: Josef og hans brødre). Og ein kan gå i Louvre og skjøna mange av bileta der. Men det er ikkje nok. Så må ein finna seg ein røff guide til gresk kultur. Historia om Leda og svana står ikkje i Bibelen.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus i filosofi og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Walgermo ein litterært god gjenforteljar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis