Aukrusts todelte verd
Anders Heger har sett saman ein jubileumsantologi som gjev godt oversyn over Aukrust-verda.
Kjell Aukrust ved arbeidsbordet i Oslo i 1977.
Foto: Oddvar Walle-Jensen / NTB scanpix
Kjell Aukrust ved arbeidsbordet i Oslo i 1977.
Foto: Oddvar Walle-Jensen / NTB scanpix
Sidan andre verdskrigen har Noreg vore så heldig å ha hatt tre store og folkekjære teiknar–forteljarar, altså slike som var like framståande både som teiknarar og som forteljarar, og som fekk desse uttrykka til å samvirka på forsterkande vis. Dei illustrerte forteljingar og fortalde teikningar: Torbjørn Egner (fødd 1912), Fredrik Stabel (fødd 1914) og årets 100-årsjubilant Kjell Aukrust, som vi feirar den 19. mars. I jubileumshøvet har forlaget til Aukrust, Cappelen Damm, som har slukt det opphavlege forlaget hans, Helge Eriksens forlag, gjeve ut ei jubileumsbok redigert av Anders Heger, som skal gje eit oversyn over Aukrusts produksjon, eller som tittelen seier, hans verd: ein Aukrust-antologi. Rett nok er flest sider vigde tekstane. Aukrust hadde òg ein sjølvstendig karriere som biletkunstnar, med både målarstykke – sjølv om han var fargeblind – og teikningar av gardar liggjande i åssider. Ikkje ulike slike Egner laga. Aukrust tente dessutan pengar på å laga idylliske julekort som i dag går for opp mot 20.000 kroner.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.