JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Lat dei pusta fritt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2230
20210813
2230
20210813

I dag ville Fidel Castro, om han hadde levd, fylt 95 år, og rundt om i verda blir dagen markert av folk som meiner at han skulle teke heile den skakkøyrde revolusjonen sin med seg i grava. Det er på høg tid.
Til nyleg var det fridom cubanarane sakna mest, no er det også mat, og dette er ein ny situasjon. At den sitjande presidenten ikkje heiter Castro, er også nytt.

President Biden har likevel stilt seg i den same kjende og uverdige posituren som Trump, Clinton, Bush, Reagan og andre før han, med eine kneet planta på nakken til Cuba. Joe Biden vil hjelpa det cubanske folket til å pusta fritt ved å strupa økonomien.

Pandemien har råka turistindustrien hardt. Cuba har ikkje noko oljefond, knapt nok olje, etter at sponsoren Venezuela kasta inn handkledet, medan blokaden til USA held fram. Andsynes Cuba er Joe Biden no alliert med krefter han til dagleg er i strid mot – nettroll som opererer via falske profilar på sosiale medium, der dei genererer sant og usant om den karibiske øya for å piske opp stemninga.

Knea som pressar mot halsen på land og folk som ligg nede, gjer vondt verre. Det gjeld også i tilhøvet mellom det cubanske eittpartistyret og opposisjonen. Opposisjonen treng også å få pusta, tenkja og ytra seg fritt, om han har ambisjonar om å bli eit reelt og kompetent alternativ til det noverande diktaturet.

Er det difor mykje å vona om at dagens regime no møter demonstrantane på anna vis og med større klokskap enn Batista-regimet i si tid møtte studentane i 1950-åra – med vald og fengsel? Det må til om utfallet denne gongen skal bli annleis.

Fidel Castro hadde ikkje noko imot kapitalismen, påstod han ein gong – slik kapitalismen blir praktisert i til dømes Sverige. «Men det er ikkje svensk kapitalisme dei har tiltenkt oss», la han til. Frå byen Holguín, der Castro-brørne voks opp, er det kortare veg til Haiti enn det er til hovudstaden Havanna.

Om regimet skulle klappa saman, er det slett ikkje sjølvsagt at dei som tek over makta, ter seg betre. Regelen er faktisk at det blir verre, og især om opposisjonen er driven av krefter utanfrå som heller ikkje må leva med konsekvensane. Til sjuande og sist er det difor berre cubanarane som kan ordna opp på Cuba.

Johan Brox

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis