Kjøttbollar joikar ikkje
Turistplakat frå 1960 som liknar til forveksling på joikaguten.
Turistplakat frå 1960 som liknar til forveksling på joikaguten.
Ein av dei mest populære hermetikkmiddagane i landet er Joika. Joikaen kom på marknaden i sekstiåra, og nordmenn kjøper om lag ein million boksar i året. Sidan det er mykje støy rundt produktet no, spurde eg på sosiale medium om følgjarane mine et Joika. Det utløyste eit veldig engasjement med hundrevis av svar. Mange seier at barna elskar det, nokre at dei berre et det på hytta, nokre et det stadig vekk, ein kom med banneord og sa at bikkja spytta ut kjøttbollane, somme at bikkja elskar dei. Ein heldt fram at dei er «fantastiske med potetmos og tyttebær», mens ein skreiv «dei smakar som hundemat luktar». Med andre ord, smaken er delt, men ein kan ikkje kome frå at Joika er ein suksess.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.