Har eg sagt A,
meiner eg desse tre
«Kven skriv brev i desse dagar?» blir det sagt frå alle kantar. Svaret er: Eg! Eg skriv brev!
Eg har skrive nokre brev på hundre sider i mitt liv, og mange fleire på femti, førti, tjue, til vener og dei som etterkvart ikkje orka å vere vener. Etter at eg var i Berlin på ei stipendreise i 2001, ein månad etter 11. september, var eg så nervøs av alt tryggingsoppbodet og den generelle miltbrannstemninga at eg skreiv ut tre skriveblokkar og fire kulepennar på tre veker – eg skreiv på meg tennisolboge i tillegg til den kroniske senebetennelsen i skuldra. Etter det har eg ikkje skrive for hand. Men har ikkje slutta å skrive brev. Mange ymtar frampå om at e-postane mine med fordel kunne sjå litt mindre ut som brev, då det tek vinter og vår å lese dei. Greitt nok. Det kjem aldri til å skje.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.