dette er ein ingress dette er ein ingressdette er ein ingressdette er ein ingressdette er ein ingressdette er ein ingressdette er ein ingressdette er ein ingress

dette er ein ingressdette er ein ingressdette er ein ingressdette er ein ingressdette er ein ingressdette er ein ingress

Regjeringens budsjettkonferanse. Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner før regjeringens budsjettkonferanse på Hurdalsjøen hotell i Hurdal tirsdag morgen.
Regjeringens budsjettkonferanse. Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner før regjeringens budsjettkonferanse på Hurdalsjøen hotell i Hurdal tirsdag morgen.Regjeringens budsjettkonferanse. Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner før regjeringens budsjettkonferanse på Hurdalsjøen hotell i Hurdal tirsdag morgen.
Publisert

Debutalbumet til Marthe Wang, Ut og se noe annet, har hausta lovord frå kritikarane, der mellom anna Dagens Næringsliv spår at ho blir den neste yndlingsartisten i Noreg. Singelen «Til deg» har lege på A-lista i NRK P1 i 13 veker, og Maria Mena skal ha omtalt låten som ein av dei vakraste ho nokon gong har høyrt på norsk.

26-åringen frå Bergen fekk tidleg interesse for musikk med musikalske foreldre og barnekorsong. På musikklinja på Langhaugen vidaregåande skole i Bergen blei ho spesielt inspirert av musikklæraren, som ifølge Wang «mata» henne med jazzlåtar. På same tid var ho den første jazzeleven på Unge talenter ved Grieg-akademiet. I 2014 gjekk ho på jazzlinja på Musikkhøgskulen i Oslo, og sidan har ho jobba med debutalbumet.

– Korleis vil du skildre musikken din?

– Popjazz med bergenske tekstar. Det kjendest mest naturleg for meg å skrive låtane på norsk, og då blei det mest naturleg å synge dei på min eigen dialekt. Det er jo litt skummelt og nært, for det er ikkje så mykje å gøyme seg bak. Men eg liker det og heiar på artistar som skriv på norsk.

– Jazz er kanskje ikkje det dei fleste på din alder lyttar til. Kvifor har du trua på jazz?

– Det er sant, men jazzomgrepet femner jo om så mangt, og det er ein evig debatt om kva som er jazz. Somme vil kanskje seie at musikken min liknar meir på pop, men eg har valt eit lydbilde som eg har trua på, og som er meir organisk enn mykje anna dei unge lyttar til. Det er ikkje så mykje synth, ikkje så mykje stæsj. Eg ønskte at det skulle høyrast spelt ut, og har til dømes med trompet på dei fleste låtane. Nokre låtar har skeive taktartar og inneheld improvisasjon, både instrumentelt og i måten eg fraserer på. Eg veit ikkje kvifor eg har trua på jazz, men eg er iallfall nøgd med plata, og eg trur ho kan skilje seg ut i mengda. Det er nok mange som liker jazz utan å kanskje tenke over at det er jazz.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement