Magnhild Folkvord kjem ikkje heilt i mål
Konklusjonane forfattaren trekkjer om Magnhild Haalke, er ikkje overtydande.
Magnhild Haalke debuterte som forfattar 50 år gammal og fekk fleire prisar for forfattarskapen. På begge bileta er ho fotografert i heimen.
Foto: Wikipedia / Digitalt museum
Magnhild Haalke debuterte som forfattar 50 år gammal og fekk fleire prisar for forfattarskapen. På begge bileta er ho fotografert i heimen.
Foto: Wikipedia / Digitalt museum
Magnhild Folkvord kjende ikkje forfattarskapen til Magnhild Haalke (1885–1984) då ho vart oppmoda om å skrive ein biografi om henne. Ho las då dei mange ættesagaene og nåtidsromanane Magnhild Haalke hadde skrive med bakgrunn i eigne heimtrakter i Vikna i Nord-Trøndelag, og vart både oppglødd og forundra over at ho ikkje hadde oppdaga dei før. Ikkje minst undra ho seg over at ein forfattar som hadde vore svært anerkjent i si tid, mykje lesen og omsett til fleire språk, kunne ha gått så totalt i gløymeboka. Biografien er såleis eit forsøk på finne svar på denne gåta og samtidig overtyde om at forfattarskapen stadig har noko å seie oss.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.