Tovarisjtsj!
Foto: Juerg Vollmer
Foto: Juerg Vollmer
I det orwellske året 1984 fall vi for ein reiseannonse frå Intourist, den godkjende måten å komme inn i Sovjetunionen på for turistar og andre dødelege. Turen varte i to veker og gjekk til Leningrad, Moskva og Jalta på Krim. Det var eit fint høve til å undersøke om George hadde rett, og drysse nokre dollar på kamerat Napoleon og det hardt prøvde sovjetiske folket. Leningrad blei ei eventyrleg overrasking med sine bruer, kanalar og godt bevarte italienske arkitektur. Glansen frå gamle dagars tsarvelde var så visuelt imponerande at det liksom ikkje gjorde noko at hotellet mangla vatn i kranene. Eit besøk i ein butikk fortalde oss korleis sovjetstaten ordna sysselsettinga: Ein leverte den ønskte vara ved ein disk, der ho blei pakka inn og påført pris. Så vidare til neste disk der ho skulle betalast. Ved utgangen måtte vi vise kvitteringa til ein tredje tilsett og få ho stempla. Alle skal med.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.