Teknisk ekspertise
Chesley Sullenberger, pilot for US Airways Flight 1549, som landa på Hudsonelva 15. januar 2009, var med 40 års fartstid som flygar blitt ekspert. Ekspertar er ikkje lenger avhengige av reglar, men forstår situasjonen intuitivt.
Foto: Jason DeCrow / AP / NTB

Når ein pilot må naudlande, vert den tekniske ekspertisen hans pressa til det ytste. I 2009 landa eit passasjerfly av typen Airbus A320 i Hudsonelva i New York fordi begge flymotorane brått vart øydelagde i ein samanstøyt med fuglar. Alle dei 155 om bord overlevde, og pilotane fekk rosande ord for svært gode flygedugleikar. Kaptein Chesley Sullenberger hadde 29 års erfaring som passasjerflypilot då ulukka skjedde, og hadde dessutan vore jagarpilot i US Air Force i elleve år før dette.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.