JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Samisk­norrøn vikingtid 

ØVRE RENDAL: Etter 20 år med fangstforsking i heimtraktene er Per Olav Mathiesen viss på at det i vikingtida var samisknorrønt samkvem i Østerdalen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
– Rikdom frå villreinfangst i vikingtida gjorde Øvre Rendal til eit maktsentrum med dei største gravhaugane i Østerdalen, fortel Per Olav Mathiesen.

Foto: Håvard Rem

13448
20210423

Østerdalen

Håvard Rem fortel frå fortid og notid.

Flatemål: 19 383 km2

Folketal, 2020: 50 712

Folketal, 2050, låg vekst: 46 454

Fylke: Innlandet

Kommunar, Sør-Østerdalen: Elverum, Åmot, Trysil, Stor-Elvdal og Engerdal. Nord-Østerdalen: Rendalen, Tolga, Tynset, Alvdal, Folldal og Os 

Samarbeider med: Røros og Holtålen i Trøndelag.

19. mars: Del 1. Austanfor Austlandet. Elverum.

26. mars: Del 2. Bomtur til Drevsjø. Engerdal.

9. april: Del 3. Allheimen i fjellheimen. Stor-Elvdal.

16. april: Del 4. Ferd gjennom delt dal. Folldal.

DEL 5 – RENDALEN

Regionar i Noreg

havard@dagogtid.no

Runebommehammaren frå Øvre Rendal er i seg sjølv verd ei ferd til Østerdalen. Rett nok finst han ikkje der no, han er på Kulturhistorisk museum i Oslo, men på funnstaden gjev forskaren liv til eit større historisk bilete.

Trolldomstrommestikka

I ei søppeldynge like ved Bergset i Øvre Rendal – administrasjonssentrum i Rendalen kommune – fann ein i 1939 ein kring 10 centimeter lang beingjenstand, på sørsamisk kalla vietjere. Den norske nemninga, runebommehammar, tyder «trolldoms­trommestikke»: Å runa er å utføra løyndomar og magi, som å rista runer. Ei bomme er norrønt for ei tromme. Og ein hammar er til å slå på tromma med. 

Kva er spesielt med runebommehammaren frå dynga i Østagrenda, litt aust for Bergset?

Éin: Han er uvanleg gamal, laga av horn frå eit reinsdyr som levde ein gong for kring 800 år sidan, mellom 1160 og 1260.

To: Han er funne uvanleg langt sør, i Rendalen. Så seint som i 1990-åra meinte forskarar at det fyrst på 1600-talet fanst samar sør for Trondheim.

Tre: På den eine sida er hammaren dekorert med samisk flettebandsornamentikk og på den andre sida med norrønt mønster i ringeriksstil frå vikingtida.

Bergset

Rendalen, ein austleg sidedal til Østerdalen, fylgjer elva Rena som renn ut i Glomma ved tettstaden Rena – namn som nok kjem av rein, eller ren, som det vert uttala her. Fram til i fjor var Rendalen den sørnorske kommunen med størst flatemål, meir enn 3000 kvadratkilometer. På Bergset, om lag midt i dalen, møter eg rendølen Per Olav Mathiesen, som i 2019 fekk Riksantikvarens kulturminnepris for å ha «kartlagt store delar av dei arkeologiske kulturminna i Rendalen, som fangstanlegg, jernvinneanlegg, kullgroper, tjæremiler og buplassar». Han fortel:

– Eg voks opp på Undset, ei mil i nord, og som nesten alle her oppe flytta eg ut som ung. Men vonleg kjem me attende. Eg tenkte å vera i Oslo eit par år, men dei vart til vel tjue. Eg kom meg ikkje heim før i 1995.

Folketalet er nær halvert i nyare tid, frå meir enn 3000 i 1960-åra til 1780 i fjor. Dei neste tiåra ventar ein ytterlegare nedgang, mot 1600, samstundes som folkesetnaden vert monaleg eldre. 

Gravhaugane

Kva kan Mathiesen fortelja om runebommehammaren? Det fyrste han synar meg, er ikkje funnstaden, søppelhaugen i Østagrenda, men gravhaugen ved kommunehuset. Kvifor? Som riksantikvaren uttala i 2019: «Mathiesen er ei enorm kunnskapskjelde til glede for både fyrsteklassingar og doktorgradsstipendiatar.» Ja, for journalistar og forfattarar òg. Han byrjar med gravhaugen for å syna meg det store biletet:

– Bergset heitte før Birkseter, ein viktig tingstad og handelsstad gjennom mellomalderen. Her ligg dei desidert største gravhaugane i Østerdalen. Fleire er fjerna, men ein ser dei på gamle prospektkort frå 1800-talet. 

– Er dei undersøkte?

– Berre med georadar. Øvst er det noko som kan minna om ei plyndringsgrop eller restane av eit tømmerdekke over ei grav. Overdekket har rotna, og der synte georadaren at det gjekk fire meter rakt ned. Kan henda til ei grav. Eit bronsearmband er funne i nærleiken.

– Kva tid er dei frå?

– Frå vikingtid, kan henda eldre.

Fangstkulturen

– Kvifor ligg Østerdalens største gravhaugar her i Øvre Rendal?

– Arkeologane i Kristiania undra seg: Korleis forklara at det er så rikhaldige jarnalderfunn i Rendalen og ikkje i grannebygdene? Ingen hadde svar på kva rikdomen kunne koma av. Jordbruket hadde ingen fortrinn oppi her, og ikkje hadde dei funne dyre metall. Men med avdekking av fangstkulturen skjønar me det. Fangstprodukta har vore eksporterte, ikkje berre mot England og kontinentet, men sørover òg, på elvene i aust, mot Svartehavet. Det var jo pelsverk i Bysants.

– Fangst gav rikdom?

– Villreinfangsten hadde så stort omfang at alt som kunne krypa og gå i fjellet, må ha tatt del. Omfanget genererte rikdomen som skapte eit maktsentrum her, ein tingstad, med så monumentale gravhaugar som her. 

– Og runebommehammaren? 

– Kven trur du hadde kompetanse på ren? Jau, samane. Så hammaren speglar mykje av det eg har halde på med dei siste tjue åra: å avdekkja kolossale mengder med spor etter gamal villreinfangst.

Frå elg til rein

Fyrst jakta dei elg. Arkeolog Jostein Bergstøl, ein av dei Mathiesen har arbeidd mest i lag med, meiner at samane har ei historie her heilt attende til bronsealder og eldre jarnalder. Ei 1500 år gamal gravrøys ved Rena-elva, langt frå jordbruksområde, har han identifisert som samisk. 

I fangstgropene var det elg. Men i folkevandringstida kring år 500 kom bønder hit. Gardane og utmarksbeita tvinga fangstfolket lenger opp i fjellet, og der jakta dei heller villrein, framleis i fangstgroper. Mathiesen fortel:

– Det var storskalatrekk av villrein frå trøndelagskysten og sørover som skulle inn på vinterbeite i fjellområda her. Det var det trekket det vart fangsta på. Det var hordar med villrein og store fjellvidder. Dei heng litt i hop, villreintrekka og vegane inn mot gravhaugane her på Birkseter. 

– Kor gamle spor har du funne?

– Då eg var rettleiar for ei som dreiv med ein mastergrad, tenkte eg: No vil eg finna ei skikkeleg bra grop. Det var torvmose i botnen og bra bevaringstilhøve. Jordboret dunka i noko holt. Det kom ljod som frå ein trelem nedi der, så då valde eg den gropa. Ho høyrde til eit kjempesystem. Men det var jo ingen trelem. Det var eit tjukt dekke av bjørkenever som låg nedi der, truleg som det øvste dekket over gropa. Ein la bjørkebark og så mose og lyng over. Det hadde sjølvsagt rasa ned, men nevra held seg lenge, så der fann me spor etter heile tre fangstfasar. Det er uvanleg. Nevra og det som låg øvst, vart datert til 1200-talet.

– Og under?

– Under nevra fann me ein masse som likna oppmorkna sponplater. Det var eit lag av furu frå 600-talet. Men under der att fann me spor av bjørk, og då fann me òg det rektangulære feltet i botnen av gropa, det som hadde vøre sjølve bånn.

– Kva var det?

– Restar av palisadar av bjørkestaurar. Kring gropa hadde det opphavleg vore eit pælverk, som med tida hadde rotna. Me fann det òg att i gamal markoverflate under vollen kring gropa. Når ein grev ut gropa, vert det jo liggjande ein jordvoll kring, ikkje sant, som dekkjer den gamle markoverflata. 

– Kva tid vart pælverket datert til?

– Pælverket var frå 300-talet. Frå romersk tid. Men teknologisk kom det store lyftet etter folkevandringstida, kring 500–600. Det gjeld jarnframstillinga òg. Det er tre ulike periodar med jarnframstilling. I romersk jarnalder fyrte ein med ved, og like ved omnane finn ein fangstanlegga. Frå kring 600 fyrte ein med køl, og etter svartedauden byrja ein å fyra med ved att. Det snåle er at skifta heng i hop med to store pestar, den justinianske med fimbulvintrar på 540-talet, og svartedauden med stor avfolking på 1300-talet. Då kjem det inn ny teknologi frå andre stadar. 

Utvida setring

I tusen år levde fangstfolk og bygdefolk side om side. Men kring 1500 gjekk samane frå gropfangst til nomadisk reindrift, samstundes som bøndene byrja med seterdrift. Det skapte ein konflikt som forverra seg med folketalsauka på 1800-talet.

– Me hadde samisk nærvær her i fjellet til langt ut på 1800-talet. Rendalen-diktaren Jakob Breda Bull (1853–1930), far til lyrikaren Olaf Bull (1883–1933), skriv om dette frå den grenda eg kjem frå, Undset. Sist på 1700-talet, når samane kom ned frå fjellet, batt dei reinen til eit landemerke ved garden Utistu, og då vart det livat samkvem mellom samar og bygdefolk.

På heidersplassen mellom kommunehuset og kyrkja i Øvre Rendal er det ikkje Bull som står på sokkel, men ei budeie. Kommunen er stolt av alle setergrendene austover mot Engerdal, som tidlegare høyrde til Rendalen. Mathiesen held fram: 

– Inntrykket mitt er at det lenge var eit brukbart tilhøve mellom den sørsamiske folkesetnaden og dei som budde i bygda. Dei var jo eit fjellfolk, dei òg. Når bygdefolk på heimferd kom opp lia her, og fekk sjå att Sølen, det mest majestetiske fjellet i Rendalen, så tok dei av seg lua i vørdnad og helste fjellet.

– Kvifor vart det eit endra tilhøve til sørsamane?

– Nær bygda var setringa gamal, men med auken i folketal på 1800-talet vart det fleire og fleire å brødfø, og setringa strekte seg lenger og lenger ut. Det vart kamp om dei same ressursane.

– I Valdres vitja eg gardar som etter kvart fekk fire nivå av setrar. Bøndene flytta på seg, dei òg?

– Me ser på samar som nomadar, men bønder med setrar var ein slag nomadar, dei òg. Fyrst drog dei til vårsetra og beita tomt i området der. Så flytta dei seg til sumarsetra, og så kom dei attende til haustsetra, og så til bygds. Når det vart kamp om dei same områda, vart samane fordrivne. Dessutan var haldningane i endring òg.

– Korleis?

– Maktmenneske fyrte opp under fordommar. Rørosverket hadde ein skogforvaltar som stod i same teneste i 45 år, og i breva han skreiv, kjem det fram at han var rasist de luxe. Samane var eit folkeferd som knapt høyrde heime på jorda, meinte han. Og oppi Dalsbygda byrja bygdefolket å skyta på renen til samane. Det var nesten krig.  

Runebommehammaren

Mathiesen peikar over dalen mot Østagrenda. 

– Ser du det gule huset? Rett bak fann dei runebommehammaren, like før krigen. Vil du høyra min private spekulasjon om hammaren, med alle mogelege atterhald?

Han peikar på kyrkja på hi sida av vegen, Øvre Rendal kyrkje, kjend som Bergset kyrkje òg.

– I dag har me ei kyrkje der. Før hadde me ei kyrkje nedi dalbotnen, men ho låg utsett til for flaum og forsvann. Før henne hadde me ei katolsk kyrkje, Sankt Simon kyrkje, seinare luthersk. Ho låg der borte i Østagrenda. Prestane rekna nok ei runebomme som ein trolldomsreiskap. Hammaren kan ha vorte kverrsett, frå samane, inne på vidda her, før han vart liggjande i prestebustaden i lang tid. 

– Kven budde i huset?

– Etter reformasjonen var det kapellanen som heldt til der. Korleis ordninga var i katolsk tid, veit eg ikkje. Eg har diskusjonar om det med dei som bur der no.

– Vart han kverrsett i katolsk eller luthersk tid?

– Der må ein berre spekulera. Beinet er frå eit reinsdyr som døydde kring 1200. Men det vart funne ein del andre ting i lag med hammaren, mellom anna ein ryttarspore av jarn, datert til 1400-talet. Somme tenkjer at hammaren hamna på dynga då. 

– Prestar sende runebommer til København for å prova tenesteiver og vellukka omvending av samar. Kvifor vart denne kasta?

– Hammaren har truleg lege på eit loft i prestebustaden, heilt til det kom nokon og rydda. Det kan ha vore ei opprydding i samband med reformasjonen, for då skulle alt vekk, både det samiske, det norrøne og det katolske. 

Dovre

Her i Øvre Rendal er me ikkje langt frå Dovre, eit fjellmassiv som vart eit konstitusjonelt symbol for dei som skreiv den norske grunnloven på Eidsvoll i 1814. Konstitusjonell tyding ser Dovre ut til å ha hatt lenge før òg. Snorre skriv om han som på 800-talet «samla Noreg til eitt rike», Harald Hårfagre, at han fyrst drog til Dovre for å gifta seg med Snøfrid, dottera til samekongen Svåse. Sønene deira byrja den norske kongerekkja. 

Den gamle soga vart lenge avfeia med at samane ikkje var så langt sør i norrøn tid.

– Eg tok del i den forferdelege diskusjonen sist i 1990-åra, då mange meinte at nei, det var ikkje samar i Sør-Noreg før på 1600-talet. 

– Ikkje sør for Trondheim?

– Det var rådande teori. Men han er jo daud no. Eg samarbeidde heile tida med Jostein Bergstøl då han skreiv doktorgradsavhandlinga si, og då var diskusjonen over. Avhandlinga heiter, med eit spørsmålsteikn, Samer i Østerdalen? I pausen, halvveges i disputasen, sa Egil Mikkelsen, som då var leiar ved Kulturhistorisk museum: «Jostein, alt no trur eg du kan ta vekk spørsmålsteiknet.»

– Kva for funn gjorde de?

– I 2006 var me oppi Aursjøen i Lesja kommune då kraftmagasinet vart tappa tomt av di dei reparerte demninga.

Aursjøen ligg på kring 850 meter over havet, få kilometer frå Snøhetta og Dovrefjell. Då han vart demd opp i 1953, vart mykje lagt under vatn. Flatemålet på sjøen auka frå kring 7 til 36 kvadratkilometer. 

– Då gjekk me på botnen av Aursjøen ein heil sumar. Og det var då Bergstøl fann samiske rekketufter. Og dei er daterte til same tid som Harald Hårfagre.

Var han verd turen, avstikkaren gjennom aude furuskogar i Rendalen og nordetter att? Eller kunne eg ha nøgd meg med å studera runebommehammaren på nært hald på Kulturhistorisk museum? Ein forskar og forteljar som Per Olav Mathiesen fekk meg til å høyra ljoden frå bomma. Kva hadde dei sams, norrøne seidmenn og samiske noaidar, anna enn transen? Romma dei ein arv frå båe kulturane, som ornamentikken på hammaren, som sønene til Harald og Snøfrid?

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Med reform­asjonen skulle alt vekk, både det samiske, det norrøne og det katolske. 

Per Olav Mathiesen

På botnen av Aursjøen ved Dovre fann me samiske tufter frå Harald Hår­fagres tid.

Per Olav Mathiesen

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis