JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Allheimen i fjellheimen

ATNASJØEN: Vest i Østerdalen får ein sjå Rondane og Dovre. Synet festar seg. Harald Sohlberg og Aasmund Olavsson Vinje har gjeve det eit langt liv i bilete og dikt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Jeg har en utpreget følelse av at jeg står på en tung, fast klode og at jeg fra denne ser ut i et uendelig verdensrom», sa Harald Sohlberg om synet av Rondane. I framgrunnen: Atnasjøen buktar seg som ei elv etter breen.

Alle foto: Håvard Rem

13438
20210409

Østerdalen

Håvard Rem fortel frå fortid og notid.

Flatemål: 19 383 km2

Folketal, 2020: 50 712

Folketal, 2050, låg vekst: 46 454

Fylke: Innlandet.

Kommunar i Sør-Østerdalen: Elverum, Åmot, Trysil, Stor-Elvdal og Engerdal. Kommunar i Nord-Østerdalen: Rendalen, Tolga, Tynset, Alvdal, Folldal og Os. 

Samarbeidskommunar: Røros og Holtålen i Trøndelag. 

19. mars: Del 1. Austanfor Austlandet.

26. mars: Del 2. Bomtur til Drevsjø. 

DEL 3 – STOR-ELVDAL

Regionar i Noreg

havard@dagogtid.no

Siste stogg i Engerdal er fjellhjorteskav på folksame Femundmat ved kommunehuset og kjøp av dialektkost – geitostar og kaviar av sik frå Femunden – som niste på ferda vidare. Eg kryssar rakt vestover, frå Engerdal gjennom Rendalen til Stor-Elvdal. Tre dalar på tre timar. Øysterdalen, som Aasmund Olavsson Vinje kalla han, er ikkje ein dal, men ein landsdel. Østerdalen er mange dalar. I gamle dagar nytta ein fleirtalsforma Eystridalir.

Svær dal har mange namn

På veg inn i Koppang ser eg Glomma og eit stort skilt: «Kjør forsiktig. Vi har ikke én elg å miste.» Her vert eg del av den triple hovudpulsåra gjennom Østerdalen: Glomma, Rørosbanen, Riksveg 3. Elva, vegen og toget fylgjer kvarandre tett i 25 mil. Kvifor heiter det då Østerdalen og ikkje Glommadalen? Kvifor har ikkje dalen namn etter det lengste vassdraget i Norden? 

Østerdalen er større enn Glomma. Nedbørsfeltet i Engerdal når havet ved Göteborg. 

Svær dal har mange namn. Han heiter Glomdalen òg. Museet i Elverum – som femnar heile regionen, med tun frå Tynset, ein gong rekna til Trøndelag – heiter ikkje Østerdalsmuseet, men Glomdalsmuseet. 

Og slik Østerdalen er større enn Glomma, er Glomma større enn Østerdalen. Der regionen tek slutt i Elverum, renn Glomma vidare mot sør og eit dalføre mellom Østerdalen og Østfold, med stadar som Kongsvinger, Odalen og Flisa. Kva heiter det? Glåmdalen med å, eit lite område sør i Glommadalen med o. Forvirrande? Elva er elles kjend som Glomma i sør og Glåma i nord.  

Fangst og furu

Mot nord fylgjer eg no Glomma, jarnbanen og riksvegen i tre mil, frå Koppang til Atna, neste tettstad og stasjon på Rørosbanen, midtveges mellom Hamar og Røros, med tolv tog i døgeret. Det er det ikkje folk til, men i påska er det travelt, i år som i 1899, då Rørosbanen berre var 22 år gamal og ein nesten like ung Harald Sohlberg gjekk av her på stasjonen for å gå i påskefjellet, utan målarsaker. 

Nokre hundre meter frå stasjonen står grenseskiltet mellom Rendalen og Stor-Elvdal. I kommunevåpenet har Rendalen to reinsdyrhovud og Stor-Elvdal to tømmersager. Fangst og furu.

Rein gav namn til Rendalen, men kva elv gav namn til Stor-Elvdal og tidlegare Lille-Elvdal i nord, no Alvdal? Storelva. Glomma.

Nok eit namn. Frå gamalt har ein kalla det Elvdal eller Elvedal, det sentrale Østerdalen, dalføret frå Tynset til Rena. Ja, kvifor ikkje berre kalla den digre dalen opp etter den digre elva? Alle her veit kva for elv det er. Østerdalen er eit namn funne på av folk med bustad og ståstad i vest, truleg gudbrandsdølar. 

Verdsrommet i Atnadalen

Men i Atna (356 moh.) forlét eg Glomma og den østerdalske hovudvegen og tek nordvestover mot fjellheimen, gjennom Atnadalen, attmed Atna, ei elv med kjelder i Rondane. Eg skal til Atnasjøen (749 moh.) og Sohlbergplassen. 

Midt-Noreg liknar ein spiralgalakse. Den kuleforma kjernen er fjellheimen, frå Rondane og Dovre i aust til Jotunheimen, Breheimen, Reinheimen og Trollheimen i vest. Dei mange heimane er alle ein del av allheimen. 

Ein spiralgalakse har ikkje berre kjerne, men armar òg. Kvar i Midt-Noreg finn ein dei? Armane er alle dalføra som går i bogar ut frå kjernen. Ta no til dømes Atna. Kvar kjem Atna frå? Dei fjernaste kjeldene bogar seg ut frå Rondane, som eg snart får sjå i vest. Ei mindre elv som renn frå Rondane ut i Atna, er Rånåbekken – som fyrst renn mot nord. 

Mot nord? Kan eit vassdrag gå mot tyngdekrafta? Ja, høgt i fjellheimen kan ei elv gå kva veg ho vil, for der oppe, 2000 meter over havet, er alt ned i alle himmelretningar.

Spiralarmane

Men så svingar vassdraget frå nord mot nordaust, og så mot søraust, som ein bøygd arm på kring ti mil, før vatnet blandar seg med Glomma ved Atnosen. Slik svingar dei store dalføra som armar ut frå fjellheimen. Romsdalen, Jostedalen, Begnadalen i Valdres, Gudbrandsdalen, Atna­dalen, Østerdalen. 

Kva med Hallingdal? Ja, gjer me kjernen elliptisk og utvidar han med Hardangervidda, så kan ein ta med Hallingdal, Numedal og Setesdal òg, for no å nemna dei mest kjende. Ser du det føre deg?

Ja og nei. Eg ser berre ein halv spiralgalakse. I vest ser eg ingen armar. 

Sjå nøyare etter. Armane veks ut av kjernen på Vestlandet òg, men dei kallar dei fjordar. Geologisk sett er dei dalar, dei òg, rett nok fylte med saltvatn, men alle er dei eroderte fordjupingar som svingar ut frå fjellheimen. Romsdalsfjorden, Storfjorden, Nordfjord, Sognefjorden – for mange til at me kan nemna dei alle. Slik ein hovuddal har mange sidedalar, har hovudfjorden mange sidefjordar – fjordarmar, om du vil. 

Fordjupingar

Om ein kallar fordjupinga dal eller fjord, kjem an på ståstaden, i landet og i tida – landhevinga. Når landet hevar seg, har somme fjordar vorte dalar og innsjøar. Fylgjer du ein fjord til botnen, til den inste fjordarmen, vert han ein dal. Han vert ikkje definert av kva som fyller han – saltvatn, ferskvatn, is. 

Men kvifor nytta ein verdsrommetafor om Midt-Noreg? Kvifor ikkje ein blekksprut? Han har armar, han òg.

Av di fjellheimen, som snart syner seg, har gjeve så mange ei kosmisk kjensle. Men den maritime metaforen er grei. Fyrste gongen eg såg Rondane, ikkje i røynda, men på Sohlberg-måleriet, der Rondane ligg som i verdsrommet, fekk eg ei kjensle av at den blå fjellheimen låg under vatn, i fostervatn – som om eg ikkje berre såg det for fyrste gong, men som om det var det aller fyrste minnet, eldre enn meg, eit minne frå før eg vart fødd. 

Siktlina

Dei store dalføra endar, nei, byrjar i fjellheimen, og av di breane har bukta seg og svinga, vil siktlinene inn i fjellheimen opna og lukka seg etter kvart som ein nærmar seg. 

Det fyrste synet festar seg. Ein held fram, til det opnar seg ei ny siktline, som gjerne er betre. Og til sist er ein komen så nær at ingen sving i dalføret kan lukka ein ute. Ein står med fjellheimen rakt føre seg. Ein slik stad er Sohlbergplassen, på austsida av Atnasjøen.

Men eg vil sjå Rondane i ljoset om ettermiddagen, då Vinje og Sohlberg såg fjellmassivet, så før eg dreg dei siste kilometrane til Sohlbergplassen, har eg tid til ein rast på Atnasjø kafé, som eit ektepar frå Nannestad no eig. Staden, som dei kjøpte ein gong mannen var her på jakt, er det kona som driv. Ho sa opp jobben sørpå, medan han pendlar. Jaktsogene sit laust kring bordet under gaupa i taket. Frå vindauga og terrassen i kafeen, og frå utleigehyttene i furulia, er det utsyn rakt mot Rondane. 

Atnasjøen, Atnoset, Atnmoen, Atnbrua, Atnadalen – kva tyder Atna, av somme uttala ætna? Ein har gjetta: frå å eta, elva som et av landskapet. Men slike etymologiske gjettingar har som føresetnad at namnet kom etter den indoeuropeiske innvandringa. Kva om det er eldre?

Det er tryggare med dei nyare stadnamna, såkalla turistnamn. Vegen attmed Atnasjøen, forbi Sohlbergplassen, heiter no Vinjevegen. 

Vinje

Her drog diktaren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870) sumaren 1860, på veg til kongekroning i Trondheim. Han lika tog, jarnhesten, som han kalla det, men Rørosbanen vart fyrst opna i 1877. Ein ettermiddag fekk han sjå Rondane, han òg. 

Det skriv og diktar han om i Ferdaminni fraa Sumaren 1860 (1861): «Tri Mil gjekk eg ein Sundags-Ettermiddag upp igjennom dei bratte Furulidar og vest og nordetter dei lange Fjøllmyrar og Flottir (Flaair, Fjøllslettir) kvite af Reinsmose med knapt eit grønt Straa. Det var so audt og daudt, at eg berre høyrde Andardraget mit. Kvelden drog inn paa, og Lufti tok til at tykkna, so Fjøllpiggarne stodo med blaagraae Hættur paa Hovudet, som Soli af og til skein ikring og fargade Fjøll og Flott med sin himilske Eld. Eg sette meg paa ein Stein og skaut Pusten, turkande Sveiten af Panna mi.» 

Utan anna opphald enn ei blankline held teksten frem med eit dikt, «Ved Rundarne», i alt fire strofer. Her er den fyrste (fjaag, glad):

No seer eg atter slike Fjøll og Dalar,

som deim eg i min fyrste Ungdom saag,

og sama Vind den heite Panna svalar;

og Gullet ligg paa Snjo, som fyrr det laag.

Det er eit Barnemaal, som til meg talar,

og gjer’ meg tankefull, men endaa fjaag. 

Med Ungdomsminni er den Tala blandad:

Det strøymer paa meg, so eg knapt kan anda.

Med doble trippelrim er oktaven ei krevjande diktform. Via omsetjingar frå italiensk hadde ho 80 år før slått inn i tysk, og ho kom på moten i Skandinavia kring 1810. Vinje var så medviten om påverknaden frå Goethe og svenske Elias Tegnér at han audmjukt kalla «Ved Rundarne» «ei etterdikting», men nei, versteoretikaren Hallvard Lie oppfatta førebileta meir som ein djup medklang og eit intensiverande ekko i Vinjes meisterverk.

Han visste ikkje då at han skulle gje namn til eit fjell aust for Rondvatnet, Vinjeronden (2044 moh.). 

Når han i Ferdaminne går attende til prosa, held han, påverka av opplevinga, fram med same glød om hus og folk, om dei unge seterjentene som set fram god lokalmat til han. Oppglødd et og flørtar han, og han får høyra: «’Den, som eg skal taka meg til Mann,’ sagde ei Gjente, ’maa vera so forelskat, at han orkar ikki eta.’»

Rånane

Sola dalar mot vest når eg kjem til Sohlbergplassen, bygd i 2005, teikna av Carl-Viggo Hølmebakk, eit utsynspunkt mot dei sju toppane, rekna frå vest: Storronden, 2138 moh., Rondvasshøgda, 1923 moh., Rondeslottet, 2178 moh., Nørdre Smedhamran, 1898 moh,, Midtronden, 2060 moh., Høgronden, 2114 moh., og Storsvulten, 1871 moh. Bak dei ligg Sel i Gudbrandsdalen. 

Opphavet til namnet er omstridd. Fleire av toppane er meir runde enn spisse. Vinje kalla diktet «Ved Rundarne». Rundingane? I leksikon les ein at namnet kjem av eit vatn inni fjella. Det er avlangt og heiter Rond, rand, som i avlange Randsfjorden. 

Nord-Østerdalen-kjennaren Jon Olav Ryen skriv i Stedsnavn i Nord-Østerdal (2015) at han trur Rondane er kalla opp etter grisar – hanngrisar, for å vera presis. At ein med Rondane meinte rånane. Sett frå vest, frå Sel, kan fjellmassivet likna ein griserygg. Nett som med østerdalsnamnet ser ein at definisjonsmakta har lege hjå gudbrandsdølane. 

Ryen syner til «norrønt rani, som betyr ‘tryne’, ‘snute’ (på gris)». Ivar Aasens ordbok har oppslagsordet «Rane med denne betydningen, i tillegg til ’Pynt, spids, fremragende Klippe’ (Aasen 1873)». 

Påskeferd livet ut

Før påska 1899 møtte biletkunstnaren Harald Sohlberg (1869–1935) nokre kjenningar på gata i hovudstaden. Dei var eggja opp av Fridtjof Nansen og Fram-ferda mot Nordpolen, avslutta eit par år før, og ville ha Sohlberg med opp i fjellheimen. Same dag sat dei på toget til Atna. Dei var åtte karar, helvta av dei storelvdølar. Ein av dei, gardbrukaren Ola Myrberget frå Koppang, fortalde 56 år seinare: «Vi skulle nok likesom efterligne Nansen. Ja vi hadde da tilsmers en av Fram-karene, Bernhard Nordahl, med oss.» 

Men så får Sohlberg sjå Rondane i ettermiddagsljos, og påskeferda varar livet ut. Alt på Rørosbanen sørover teikna han den fyrste skissa. Neste vinter drog han attende til Atna, og då vart han der i meir enn eit år. Etter ti års pause kom han vidare i arbeidet med måleriet, og det vart ferdig til jubileumsutstillinga i hovudstaden i 1914, 100 år etter grunnlovsforsamlinga og «samde og tru til Dovre fell», 15 år etter påskeferda. Nasjonalgalleriet ville ikkje ha det, i fyrste omgang, det braut med tradisjonane i norsk landskapsmåleri, så ein skipsreiar kjøpte det. Seinare gav han det til Nasjonalgalleriet. 

I 1934, året før Sohlberg døydde, arbeidde han framleis med motivet og inntrykka frå påska i førre hundreåret. I ei lyttaravrøysting i NRK i 1995 vart «Vinternatt i fjellene» kåra til Noregs nasjonalbilete. 

Sjåarane

For somme gjev det ro å nå fram til staden der ein i synsranda kan sjå havet eller fjellheimen. For andre vekkjer det fangst- og jaktinstinktet. For atter andre gjev det ikkje ro, men oppdagartrong. Dei set ut på havet, dei klatrar i fjella. 

Sjåarar som Vinje og Sohlberg rommar alt dette. Dei ser, dei jaktar, dei oppdagar. 

Det er så lett å romantisera og metaforisera kunsten. Nei, Sohlberg-biletet var så panteistisk farga. Og Vincent van Gogh måla ein kvervande stjernehimmel av di det gjekk rundt i hovudet på han. Men nei, han hadde nett sett dei fyrste teleskopfotografia frå verdsrommet, dei som gjorde menneska kjende med spiralgalaksane. Måleriet «Stjernenatt» er rein realisme.

Harald Sohlberg var ikkje overspent, men måla realistisk, han òg, eit landskap like fritt for organisk liv som landskap i verdsrommet. På nokre skisser teikna han inn eit par skigåarar fremst i biletet, men nei, slike finst ikkje i verdsrommet, så dei tok han vekk. Han fanga augneblinken der me kvar for oss vert kjende med oss sjølve. For somme hender det i Atnadalen: «Jeg har en utpreget følelse av at jeg står på en tung, fast klode og at jeg fra denne ser ut i et uendelig verdensrom.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Østerdalen er større enn Glomma. Glomma er større enn Østerdalen. 

Sohlberg får sjå Rondane i ettermiddagsljos, og påskeferda varar livet ut.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis