🎧 Betent stemning på Themsen
Om alt går som vi håpar, kjem vi oss til Oxford i dag.
Det er kan hende for mykje å håpe på?
På veg mot Swinford for andre gong. Det blanke på kajakken er ein champagnekjølar som flaut i Themsen.
På veg mot Swinford for andre gong. Det blanke på kajakken er ein champagnekjølar som flaut i Themsen.
Eg vaknar med nasen klemd inn mot teltduken. Mot ryggen pressar eit berg av ein sovepose, og inni der ligg Dale. Søv han? Det verkar slik. Lufta er kvelande tung. Eg vrir handa opp av dunposen, ser på klokka. Halv åtte. Det er trongt inne i tomannsteltet, og lågt. Når eg set meg opp, pressar hovudet mot teltduken, og dropar av kondens flyt saman og lagar sildrande bekkefar nedover duken.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.