JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Om produsentane meinte alvor med å vilje lage ein sunnare prim, kunne dei lage ein med mindre sukker.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Blabøa

Blabøa

Blabøa

Blabøa

3692
20161111
3692
20161111

Kvifor er born glade i prim? Av di det er søtt. Kvifor er det mange som ikkje vil gje borna sine prim? Sjølvsagt òg av di det er søtt.

Det ligg genetisk vilkårsbunde i oss å like søte smakar. Legg du ein bitter smak på tunga til ein nyfødd baby, vil tunga automatisk krølle seg nedover. Gjer du det same med ein søt smak, til dømes ein prikk prim, krøller tunga seg oppover – og inn, i munnen, der spyttet løyser opp den mjuke, brune, karamelliserte mjølka og spreier ho utover i munnhola, bakover mot ganen og ned i fordøyingssystemet.

Vi har nok ete prim i Noreg så lenge vi har ysta. Han vert koka på mysa, restane som er att etter at kvitosten er teken ut: mykje laktose (mjølkesukker), feitt, litt myseprotein og ein heil del vitamin og mineral. Prim kjem både fyrst ved at ein har prim etter om lag halve koketida av brunost. Men Prim kom òg ofte sist, gjennom at tørre, harde brunostskalkar gjerne vart koka opp i litt mjølk og smelta – til prim.

Søtt i seg sjølv

Slik kan du lage prim sjølv om du vil, til dømes ved å leggje dei irriterande skalkane som brunosthøvlen ikkje greier å høvle, i frysen, og koke dei opp når samlinga har vorte høveleg stor. Då treng du ikkje setje til så mykje som eit gram sukker. Men har du ikkje, eller vil du ikkje ha, høve til det, finst det elles fleire variantar å velje mellom i butikken.

For prim er altså temmeleg søtt i seg sjølv. Likevel set både Synnøve Finden og Tine til ekstra sukker i alle primvariantane sine. Dei har to kvar: Synnøve Finden lagar Original og Herkules, Tine Original og Mager.

Tine gjev opp innhaldet av tilsett sukker i sine to – 9 prosent. Det gjer ikkje Synnøve, men ser vi på karbohydratinnhaldet i næringsinnhaldet, nyttar dei nok meir: 54 prosent sukkerarter mot Tines 42.

Herkules er tydeleg retta inn mot born: Her er det både blå superheltar og rosa flygande hestar på pakningen. Skal ein så skryte over at dei i det minste ikkje tvingar foreldra til å kjøpe ein pakke for kvart born, eller kjefte på dei for 1) å drive marknadsføring mot born (per definisjon ulovleg) og 2) å leggje seg flat for kjønnsstereotypiar?

Magre manglar

Eg lèt det vere opp til dykk. Det som derimot er verdt å merke seg med Herkules, er at han er ein mager variant. 5,5 prosent feitt er litt meir enn Tines magre utgåve. Slik prøver produsentane å gjere primen sunnare. Men er det mindre feitt born treng? Eller er det mindre sukker? Fleire vitamin er feittløyselege, og det er dobbelt så mykje vitamin A i Original som Mager prim.

Ein annan konsekvens vi kan lese ut av innhaldslistene, er at det er i feittet smaken sit: Mager prim treng tilsett aroma for å smake nok prim, medan Tine ved alle høve ikkje treng det i originalutgåva si. Når Synnøve vel å setje til aroma òg i fullfeittutgåva si, er han kanskje ikkje så original lenger?

Så, titusenkronersspørsmålet: Bør born ete prim? Er det for søtt? Det er om lag like mykje sukker i prim som i skulebollar. Men så er det òg ganske mange sunne ting – som kalsium og jern og jod og slikt. Og så heng primen ofte fast på ei skive. Det tyder for det fyrste at det ikkje er så mykje av han per kalori borna et – og for det andre heng han, altså, fast. I motsetning til ei skive brunost, til dømes, er det vanskelegare å ete primen av skiva.

Kanskje handlar det, som så ofte elles, om mengder. Det finst sunnare pålegg enn prim, men det finst verre òg. Til dømes mager prim. Gje borna feitt før colaen, sjokoladen og skulebollane tek dei.

Kjøper eg Herkules prim frå Synnøve? Nei takk, eg feitar opp småfolket med Original prim frå Tine.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er i feittet

smaken sit.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis