JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Stell av kalv

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Slik vil vi helst tru at kalvane har det, men det er ofte ikkje tilfellet.

Foto: Håkon Sparre / NMBU

4709
20210709
4709
20210709

Kalvar er søte, og gjer du eit Google-søk på «Norsk landbruk», får du fram mange fine bilete av kyr og kalvar ute på grøne beitemarker i vakre kulturlandskap.

Då eg vaks opp på eit mjølkebruk på 70-talet, lærte eg at det var viktig å ta godt vare på småkalvane. Samstundes var mykje av det vi gjorde av fjøsstell, ikkje bra nok – målt etter det vi no veit om kva som er best for kalven. Men framleis er det mange kalvar som slit med dårleg oppvekstmiljø, diaré og luftvegssjukdommar. Kvifor er det slik?

Ikkje medrekna

For det første: Kalvar blir ikkje medrekna. I ei stor kartlegging av kalvehelsa i Noreg synte dei offisielle rapportane frå kukontrollen at i besetningar med mjølkekyr hadde om lag 7 prosent av kalvane hatt diaré eller luftvegssjukdommar i løpet av dei første seks månadene. For kalvar som blir fødde i ammekubesetningar, har vi dårleg talmateriale, men også her det nok problem med dei same sjukdommane.

I besetningane med mjølkekyr var diaré hos kalvane mest vanleg ved 17 dagars alder, medan luftvegssjukdom kom litt seinare, typisk rundt 37 dagar. Dei som samla inn resultata, fann ut at sjukdom hos kalv vart dårleg rapportert. Medrekna alle sjukdomsregistreringane var det, med korrigerte tal, 12 prosent av kalvane som hadde ei eller anna form for sjukdom det første halve leveåret.

Men bak desse tala ligg det ein stor variasjon mellom besetningane, og gjennomsnitt er ikkje eit godt mål på korleis det ser ut i kvart enkelt fjøs. I ein fjerdedel av fjøsa var det registrert meir enn ein fjerdedel sjuke kalvar, i den verste besetninga hadde nesten alle kalvane vore sjuke.

Alle feila frå i går

For det andre: Vi er for seine til å gjere det vi veit er rett. Før var det vanlegast å ta kalven frå mjølkekyrne rett etter kalvinga, setje han for seg sjølv i ein liten kalvebinge og fôre kalven to gonger om dagen med oppvarma mjølk frå ei bøtte. Når råmjølkstida var over etter fire til fem dagar, blei mange kalvar fôra vidare på «Kalvegodt», ei mjølkeerstatning i pulverform som skulle blandast ut i lunka vatn.

Det meste av dette veit vi no bør gjerast annleis: Kalven bør få gå i lag med mor si for å suge råmjølk og for å få sosial kontakt. Etter kvart skal kalvane vere i lag med andre kalvar på same alder og ikkje stå i tronge enkeltboksar, og det er vist at med større og fleire måltid (seks til åtte liter fordelte på tre til fire måltid) veks kalvane fortare og blir meir robuste mot sjukdom. Nye mjølkeerstatningar har betre kvalitet, dei koagulerer i løypemagen på same vis som naturleg mjølk, og fører ikkje til feilernæring og mangelsjukdommar, slik dei gamle mjølkepulvera gjorde.

Å sleppe kalven laus i lag med mora har ikkje vore så lett å få til i praksis, men med bruk av eigne kalvingsbingar er det mogleg å få til. Kontakt mellom ku og kalv etter fråvenjinga og ekstrafôring medan kalven går i lag med mora, kan vere med på å dempe den verste separasjonsangsten.

Diverre er det i mange besetningar systematisk slurv med eitt eller fleire av dei grunnleggjande behova til kalvane, og det er det vi finn igjen som statistikk over sjukdom og død. At kalvar som får skikkeleg stell, har raskare dagleg tilvekst og mindre sjukdom og veks opp til å bli kyr med betre jurhelse og høgare avdrått, burde vere grunn god nok til meir innsats dei første vekene av kalvens liv.

Trøbbel ved tre veker

Ein kalv er, i motsetning til mora, ikkje drøvtyggjar. Dei utposingane på matrøyret som hos vaksne kyr dannar det vi kallar dei tre formagane, nettmagen, bladmagen og vomma, er små og lite utvikla. Det er i den eigentlege magesekken, eller løypemagen, mjølk kan koagulere og bli fordøydd på vanleg vis, slik at næringsemna kan brytast ned og bli sogne opp i tynntarmen. Drøvtygginga startar etter eit par veker, men full nytte av å ete gras har ikkje kalven før etter to til tre månader.

Ein nyfødd kalv er fødd utan noko sirkulerande antistoff i blodet og med eit ubrukt immunforsvar som må trenast opp i det nye miljøet. Det første døgeret etter kalvinga er epitelvevet i tynntarmen ope for transport av antistoff frå råmjølka og over i blodet til kalven. Nokre studiar tyder på at til og med kvite blodlekamar frå råmjølka kan passere denne tarmbarrieren og vere med på å verne kalven mot infeksjonar.

Men det immunforsvaret kalven får frå mora, har kort levetid. Når kalven er rundt tre til fire veker, er summen av antistoffa frå mora og frå kalven sjølv nede i ein bølgjedal, før kalvens eige system er fullt operativt eit par veker seinare. Difor er det akkurat då at kalvane er mest utsette for infeksjonssjukdommar.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Diverre er det i mange besetningar systematisk slurv med eitt eller fleire av dei grunnleggjande behova til kalvane.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis