JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunnskapFeature

Hest er best – i det fri

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dette er greitt som overnatting, men hesten har ikkje godt av å vere isolert eller å stå for mykje inne på ein trong stall.

Foto: Wikimedia Commons

4957
20210625
4957
20210625

Visste du at norske forskarar har trena opp hestar til å snakke? Eller rettare, ikkje til å prate menneskespråk, men til å kommunisere med menneske ved bruk av teiknspråk.

Vi har lenge visst om og teke i bruk den forbløffande evna hesten har til å lære seg å forstå språket vårt, både det verbale og det kroppslege. Det har òg vore kjent at hestar kan skilje mellom ulike visuelle symbol. Men at hestar kan bruke teikn for å melde frå til oss om behova sine, er ny kunnskap, og det opnar for ein heilt ny måte å forstå dei mentale evnene til dyr.

Sosial intelligens

Hestar er sosiale flokkdyr, og ei rekkje studiar viser korleis føl og unghestar som veks opp med for liten kontakt med andre artsfrendar, blir mindre fysisk aktive, dårlegare sosialt tilpassa og mindre mottakelege for trening enn hestar som veks opp i større grupper.

Hestar som står heilt isolerte i ein stall, vil ofte utvikle stereotyp åtferd som å bite på krybbekanten og å svelgje luft, tydelege teikn på vantrivsel og psykisk ubalanse.

I gamal tid var hesten ein viktig del av arbeidsstokken på mange gardsbruk. Det var sett av mykje tid til samhandling mellom hest og eigar i form av arbeid. Om sommaren gjekk hesten ofte i hamnehagen i lag med krøttera, mens vinteren kunne bli lang og einsam inne på stallen.

I dag er hesten eit dyr vi har til sport og fritidssyslar, mange held til i større stallar – men det er òg mange som blir ståande mykje åleine i stallboksen. Norske studiar har vist at ponniar og kaldblodshestar får mest tid ute i lag med flokken, medan spranghestar er dei som blir mest isolerte.

Det er mange grunnar til at hestar blir stengde inne eller haldne isolerte frå andre hestar. Hovudårsaka er ofte redsle for at hestane skal bli skadde ved slåsting eller leik, og det er naturleg nok dei mest kostbare hestane som blir mest verna og passa på.

Nokre eigarar er litt engstelege for sjølve å bli skadde ved å handtere hesten sin inne i ein stor flokk. Andre har ikkje høve til å setje hesten i ein større stall, men har berre plass og råd til å ha ein hest ståande for seg sjølv (garasjehestproblemet).

Det frie liv

Hestar er laga for eit fritt liv i roleg rørsle på store, litt næringsfattige grassletter, men dei har òg evne til rask og uthaldande flukt. I det fri bruker hestane gjerne 12 til 16 timar på å rusle rundt og ete, noko som gir stabil fordøying og god slitasje av tennene.

I hóvane og dei lange beina har dei eit system for å presse blodet tilbake til kroppen (venepumper) som er avhengig av at hesten er i jamn rørsle. Hestar som blir ståande mykje på boksen eller i tronge luftegardar, kan lett få væskesamling og ødem langs beina (langs pipe og kodeledd). Lite grovfôr gir for kort etetid og kan føre til stereotyp åtferd og tannproblem som feilvokster av jekslane. Astma og luftvegsproblem er vanleg, og det kjem av mykje tid innandørs og dårleg luftkvalitet.

På grunn av den lange ganen kan hesten ikkje – som mange andre dyreartar – puste gjennom munnen. Dei kan difor ikkje pese frå seg varmen på heite sommardagar, sjølv om dei kan få noko av den same verknaden av å puste fortare.

Samstundes har hesten mange andre gode mekanismar for å regulere temperaturen, veksling mellom sommar- og vinterpels, sveitting og ein liten høgteknologisk detalj: Om vinteren kan varmeutveksling i blodårene i beina varme opp det kalde blodet frå føtene før det kjem inn att i kroppen.

Men tamme hestar som lever eit meir beskytta liv der dei vekslar mellom isolerte stallar og uteliv, treng som regel hjelp til temperaturreguleringa, ved å få klipt pelsen og ved at dei får på seg hestedekken på våte eller kalde dagar og til vern mot insekt.

Teiknspråk

Kva om vi kunne trene opp hestane til å bestemme dette sjølv og gje oss menneske beskjed om kva behov dei har, for eksempel for ly eller dekken? For å finne ut dette vart ein flokk hestar lærte opp til å skjøne forskjellen på tre ulike symbol (sjå biletet). Ein vassrett strek tydde «ta på dekken», og ein loddrett strek «ta av dekken». Eit blankt skilt symboliserte «dette er greitt, eg vil ikkje ha noka endring».

Etter ei kort treningsøkt klarte hestane å regulere desse vala etter eit konsekvent logisk system; alle ville ta av dekkenet på varme dagar og ta dei på når det var regn og kald vind, medan det var litt meir usemje når vêret var midt imellom.

Dette viser ikkje berre at hestar kan forstå seg på teiknspråk, det gjev eit gløtt inn i ei verd der hestar (og truleg fleire andre dyreartar) har eit større medvit om seg sjølv og miljøet rundt seg enn det vi til no har trudd at dyr har evne til.

Det er skrive mange tjukke bøker om stell og trening av hest, men vi avsluttar denne spalta med ei kort oppsummering: For at ein hest skal ha eit godt liv, må tre ting vere på plass: eit sosialt liv, rikeleg med plass til å røre seg og god tid til å ete eit naturleg fôr.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I det fri bruker hestane gjerne 12 til 16 timar på å rusle rundt og ete.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis