Dobbelt problem med fosfor
I Dag og Tid fredag den 21.april har Ola Kaarstad eit innlegg om forsfor. Han hevdar at det ikkje er avgrensa ressursar av fosfor i verda, men at reservane vil vare i 400 år, eller meir! Han skriv at fosfor ikkje blir borte, men går frå ein nisje til ein annan. Det er riktig. Samstundes som reservane av mineralisert fosfor som blir bruka i kunstgjødsel minkar, opplever vi ei fosforforgiftning (eutrophication) i til dømes vassdrag. Så problemet med fosfor er altså dobbelt, det er både for mykje og for lite. (Se www.phosphorusplatform.eu) Løysinga må bli, kanskje om ein ynskjer det eller ikkje, at ein utviklar metodar til å gjenvinna fosfor frå urin og ekskrementar både frå husdyr og menneske, slik at ein fører tilbake til jorda det fosforet dyr og menneske får i seg med maten. Eit slikt arbeid er allereie i gang, blant anna ved avfallshåndteringsbedriften Sirkula i Stange. Då vil det heller ikkje verta tilført meIr fosfor til jorda enn enn det ho treng for å produsera planter. Og dette fosforet vil vera bunde, slik at det ikkje renn ut i vassdraga. Det minkar med mineralisert fosfor i verda, det er ingen myte. Men det vil altså vera eit problem som let seg løyse. For lite jordbruksjord og vatn, derimot… Der er eg heilt samd med Ola Kaarstad.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.