🎧 Eld, glør, oske
Sommaren 1945 kunne Undset reise tilbake til Noreg. Heilt heim kom ho aldri.
Tilbake til framtida
Då Tyskland invaderte Noreg 9. april 1940, var Sigrid Undset i Oslo. Nobelprisvinnaren kom seg heim til Lillehammer, men ti dagar seinare stod tyske styrkar rett sør for byen. Den kjende antinazisten Undset måtte flykte nordover. Med bil, båt, tog og fly og på slede reiste ho mest jorda rundt: Oslo–Lillehammer–Gudbrandsdalen–Åndalsnes–Mo i Rana–Sverige–Russland–Japan–San Francisco–New York.
Om fluktreisa skreiv Undset boka Tilbake til fremtiden, først utgitt i USA i 1942 (Return to the Future).
I denne serien tar forfattaren Morten A. Strøksnes for seg reisa og boka, som han meiner er ein gløymd klassikar. Essayet bygger på eit foredrag ved Undset-senteret på Bjerkebæk i fjor haust.
Del 7 av 7

Lytt til artikkelen:
Etter et par veker på Algonquin, eit luksushotell på Manhattan, har Undset funne seg til rette i familiehotellet Margaret, rett på andre sida av Brooklyn Bridge. Ho må omstille seg, og det må skje raskt. Frå å vere romanforfattar og gartnar i den store heimen sin i ein fredeleg norsk småby til å bli krigsjournalist og informasjonssoldat frå eit hotell i verdsmetropolen New York.
Det er tidleg haust 1940, og første oppdrag er ein foredragsturné rundt i heile USA, i regi av The Leigh Bureau Lectures. Ho visste kva ho ville snakke om. Det var ikkje om Kristin Lavransdatter eller Madame Dorthea, som nyleg var gitt ut på amerikansk. Nei, ho skulle fortelje amerikanarane om Noreg og krigen, og vinklinga hadde tvinga seg fram.
I aprildagane 1940, då Tyskland invaderte Noreg, var den kjende amerikanske journalisten Leland Stowe i Oslo. I førstesideartiklar i New York Post og Chicago Daily News hadde han skapt inntrykk av at nordmenn gav tyskarane lite motstand. Ikkje nok med det: mange slutta opp om Quisling med aktiv entusiasme, ifølge Stowe. Artiklane blei eit problem for eksilregjeringa, og stortingspresident C.J. Hambro hadde fleire gonger gått ut mot Stowe frå Stockholm.
No ville Undset sette skapet tilbake på plass med foredraget «Scandinavia and the War». USA-turneen var delt i to bolkar på seks veker, med ein pause i New York midt mellom. Med seg som sekretær på reisa, som starta på vestkysten, hadde ho hyra Berit Heyerdahl-Hansen, dottera til barndomsveninna Ragnhild Brænne, som budde i San Francisco.
I opphaldet mellom dei to turnéreisene heldt ho eit dusin foredrag i New York. Mellom anna starta ho semesterets førelesingsserie ved Columbia-universitetet. Leyland Stowe var til stades. Frå talarstolen kunne Undset opplyse at Stowe hadde gøymt seg i kjellaren på den amerikanske ambassaden mesteparten av tida, og bortsett frå det vore eit par gonger på Grand Hotel.
Undset var ikkje nokon naturleg folketalar, heller ikkje på norsk, og no skulle ho tale på engelsk – eit språk ho ikkje meistra godt (ho uttalte democracy som demo-kreisy, skriv biografen Sigrun Slapgard). «Peptalks» var ikkje hennar greie, og ho var ikkje nokon utprega optimist. Ho var usikker når ho skulle snakke i store forsamlingar, og på dårlege dagar høyrde publikum mest monoton mumling. På gode dagar trollbatt ho folk med intensitet og uventa vendingar.
Ho kjende godt til sine eigne veikskapar, og for å stå betre rusta gjekk ho til logoped i New York. I eit brev til veninna Alice Lyttkens i Stockholm kalla ho situasjonen for «urkomisk». Til Lyttkens skreiv ho også at turnélivet nokre gonger var det verste hundeliv ho kunne tenke seg. Men «så synes jeg med ett – det er rasende moro og». Som regel var det lunsjforedrag ho heldt, anten på universitet eller i Women’s Clubs. Etter foredraget måtte ho stå og smile og ta damene i handa mens dei «trampa» forbi (det kunne vere 500–600 av dei), og Undset måtte skrive autografen på kort eller i bøker og program. Så var det til hotellet og skifte kjole og vidare til neste by med toget.
Knut Hamsun hadde òg vore på turné i USA, 50–60 år tidlegare. Då rakka han ned på ein amerikansk kultur han skjønte lite av. I Det moderne Amerikas åndsliv skreiv Hamsun: «Amerika er to hundre år gammelt. I ett hundre av disse år var det ganske ubebygget, i det neste begynte noen europeiske godtfolk å kome til landet, bra mennesker, strevsomme treller, muskeldyr, legemer, hvis never kunne rydde jord og hvis hjerner ikke kunne tenke.»
Undset var Hamsuns motsats også her. Ho var komen til den demokratiske framtida og skreiv artiklar med titlar som «Skjønne Amerika». I New York Times Book Review skreiv ho: «Jo mer jeg har sett av Amerika, jo mer beundring får jeg for de menn som skapte De Forente Stater. (…) En av de tingene jeg mest ønsker å gjøre når jeg igjen vender tilbake til Norge, er å skrive en bok om mennene fra den amerikanske kamp for friheten og grunnleggelsen av amerikansk kultur.»
Sonen Hans var òg i USA den første hausten. Han fekk, via Undsets kontaktar, studere historie ved Harvard. Han gav opp i andre semester, og våren 1941 drog han til Canada og vidare til Skottland, til militær grunntrening. Til slutt hamna han i London, der han fekk ei låg stilling i den norske administrasjonen, skriv biografen Nan Bentzen Skille. I brev til mora i New York fortalde han om korleis han skulle delta i «avlusinga» av Noreg, men Undset visste at sonen ikkje var nokon krigar. Ho og mange andre oppfatta Hans som lettsindig. Han mangla liksom retning i livet. Undset angra kanskje på at ho hadde sendt Hans på katolsk internatskule i Oslo som gut, og visste at han såg på det som eit svik.
Korleis treivst den ekstremt heimekjære Sigrid Undset, rundt 60 år gammal, som flyktning aleine i ein støyande, forureina og vrimlande storby? Veldig mykje betre enn nokon kunne håpe. Ho elska byen og spesielt nabolaget i Brooklyn. Raskt fekk ho vener, og blant amerikanske kollegaer Hope Emily Allen og Marjorie Kinnan Rawlings, og Undset likte den opne og usnobbete veremåten som prega vanlege amerikanarar.
Til søstera Ragnhild skildrar ho i eit brev (2. januar 1941) utsikta frå hotellet i 97 Columbia Heights over mot Manhattan: «Om kvellen, før himmelen er blitt helt mørk, er det nesten ikke til å tro, når en ser mot en gullig og grønlig himmel alle skyskraperne med tårn og tinder, opplyst fra øverst til nederst, tusenvis av vinduer – og det hele speiler seg i elven, som går i hvirvler og strømmer, og bugserbåter og ferjer og lastebåter piler hit og dit hele tiden. Om natten når jeg har lukket op vinduet, hører jeg lyden fra havnen, og når sjøen flør kommer lukten av saltvannet inn – her er så sterk flo og fjære, så to ganger om dagen strømmer vannet i East Reiver op i lannet.»
Eit par månader seinare hadde ho vore til morgonmesse i nabolaget, og ein sterk snøstorm fór over Brooklyn: «Så da jeg gikk hjemover var det unge og gamle som var ute og skyflet sne fra hvert hus på Columbia Heights – og vi lo, og alle ropte til alle, glae som unger, det blåste så jeg datt i armene på den ene etter den andre bortover gaten, og alle de selsomme bikkjene som alle her på The Heights holder, var ute og baset i sneen og gjorde sit beste til å sette humøret op.»
Sitata er frå ei sjarmerande lita bok med tittelen Sigrid Undset skriver hjem (1982). Boka, som er meir enn ei brevsamling, er skriven av Arne Skouen, den kjende journalisten og filmregissøren. Han kom frå London til New York i 1944 for å studere journalistikk og drive radioarbeid for Royal Norwegian Information Service, og han og Undset blei gode vener. Når Undset ville ha samvær, ringde ho Skouen i Greenwich Village og sa:
– Vi må ha eit møte i forfattarforeininga.
– Vanleg møte eller festmøte? svara Skouen.
Som regel meinte Undset det var på tide med eit «festmøte», skriv Skouen. Då stakk han innom ein drugstore og kjøpte ei halv flaske Four Roses Bourbon Whiskey og tok T-banen ut til Brooklyn. Dei snakka alltid om krigen, ikkje om litteratur, sjølv om det var bøker overalt, med berre nokre smale bokfri passasjar på golvet mellom romma. Undset likte seg i intimt samvær med vener, men kunne ikkje utstå dei offisielle lunsjane og middagane der amerikanarane aldri blei ferdige med å tale.
Ho fekk seg ei sommarhytte i the Birkshires, høglandet i Massachusetts. Dit flykta ho når dei varme og ekstremt fuktige somrane i New York gav ho utslett og det blei umogleg å jobbe. På hytta kunne ho stelle med plantar og blomstrar. Den botaniske kunnskapen hennar imponerte alle, inkludert ekspertar på universitet og botaniske hagar. No saug ho til seg alt om amerikanske plantar.
Ofte sat ho på New York Public Library om dagen. Ho elska atmosfæren og samlinga, det einaste var at ho ikkje fekk røyke sigarettar. Etter å ha tatt undergrunnsbanen heim jobba ho ofte til langt på natt der. Med artiklar for mellom andre New York Times, New York Herald Tribune, Atlantic Monthly, Lille Norge Avisen, The American Scandinavian Review, Nordisk Tidende (USA) og Norsk Tidend (London). Ho var på stadig på radio for Voice of Norway og i amerikanske kanalar, og ho må ha halde hundre føredrag i USA-tida. Ved sida av Thomas Mann, som Undset ikkje likte, var ho den mest internasjonalt kjende forfattaren i New York.
I 1941 var ho med på å stifte foreininga «Et fritt Norge», der ho blei første leiar. Ho arbeidde for jødesaka i Europa, frå 1943 i organisasjonen Emergency Committee for Saving the Jews. Året etter, under eit møte på Waldorf Astoria, gjekk ho forresten i strupen på ein katolsk pater i Detroit og skulda han for antisemittisme – med store avisoppslag som resultat.
I tillegg skreiv ho ein jamn straum av brev til Noreg og Europa, ofte i koda form, av frykt for tyskarane.
I løpet av 1941 og starten av 1942 skreiv ho ferdig to bøker. Den eine er Return to the Future, boka denne serien handlar om. Forleggaren Alfred A. Knopf freista å få ho til å dempe kritikken mot Sovjet-Russland, som var blitt ein alliert, og vere mindre rosande overfor Japan, som etter Pearl Harbor var blitt USAs fiende nummer éin. Undset nekta plent. Boka kom ut tidleg i 1942 og fekk gode kritikkar.
Den andre boka ho skreiv, var Happy Times in Norway (Lykkelige dager på norsk). Arbeidet kom i stand etter ein idé av USAs førstedame Eleanor Roosevelt, som gjerne ville at ein eksilforfattarar som Undset skulle skrive for amerikanske barn om heimlandet og tida før okkupasjonen. Lykkelige dager krinsar usentimentalt og varmt rundt minne frå julehøgtida på Bjerkebæk, 17. mai og seterferier om sommaren mens barna var små. Ho skreiv òg forord til ei samling eventyr av Asbjørnsen og Moe og freista å fremme interessa for den danske favorittforfattaren sin, Steen Steensen Blicher (1782–1848). Når ho heldt foredrag om norsk litteratur, blei Knut Hamsuns namn aldri nemnt.
I tillegg til all skrivinga, alle foredrag, intervjua, radiotalane (nokre sende over eteren i Noreg, via London) og dei sosiale aktivitetane hadde Undset eit topphemmeleg militærrelatert oppdrag i New York under krigen. På vegner av ein kommisjon oppretta av president Roosevelt i 1943 for «the Protection and Salvage of Artistic and Historic Documents in War Areas» sat Undset og laga lister over norske kulturminne, kunstskattar og museum som ein alliert invasjonsstyrke burde vere merksam på.
Undset følgde krigsutviklinga nøye i papir- og filmaviser på Broadway. Då Tyskland kapitulerte den 8. mai 1945, hadde ho alt begynt å kjøpe inn gåver for å ta med heim. Ho tok farvel med vener og med Hotel Margaret (som blei borte i ein brann i 1979). Men å kome seg heim til Noreg var enklare sagt enn gjort. All sivil skipstrafikk låg nede, skipa var enno i krigsteneste (eller låg på havsens botn). I hamneområda yrte det av flyktningar som freista å kome seg heim til Europa. Det tok meir enn to månader før Undset fekk plass om bord på lasteskipet «Montevideo», der ho blei registrert som mannskap (for å omgå reguleringar). Undset hadde gjort meir enn nokon kunne krevje som ambassadør for Noreg under krigen. Heimkomsten burde bli ein offisiell og personleg triumf.
Sytten andre nordmenn var med båten, som la til kai i Oslo 30. juli. Søstera Signe, niesene og sonen Hans, som var komen frå London nokre dagar tidlegare, var med i den vesle flokken som tok imot på kaia. Undset gjekk i land ein vakker sommardag, i eit fritt land, men det var noko ho grudde seg til. Korleis stod det til på Bjerkebæk? Sidan 1943 hadde ho visst at nazistane disponerte Bjerkebæk – og at dei brukte det som hybelhus for unge norske kvinner som var blitt gravide med tyske soldatar. Ho frykta det verste, og det var kanskje derfor ho blei verande i Oslo nokre dagar, saman med familien, før ho reiste heim til Lillehammer.
Slik Undset såg det, var heimen hennar – plassen ho hadde brukt tjue år og så mykje omtanke på å gjere til sin, ned til minste detalj inne og utomhus – omgjord til eit tysk «horehus». Det hadde budd sju «horer» på Bjerkebæk, saman med tyske offiserar frå Gestapo. Og etter ei tid dei ariske barna dei fekk saman. Den første som fekk barn på Bjerkebæk, var faktisk ei fråfallen katolsk nonne som Undset må ha møtt i den katolske kyrkja på Hamar. Undset nemnde aldri dette, men det må ha vore eit ekstra hardt slag – til liks med at den katolske kyrkja ikkje var nokon barriere mot nazistane før krigen i Tyskland.
Det var ein svinesti etter dei. Hushalderska Thea hadde vore der og «moka lorten vekk frå golva». Men skadane var store. Det meste av verdifulle småting – sølvtøy, servise, sengeklede, lintøy, kjøkkenutstyr og så bortetter – var borte. Gardiner, sjal, laken, dukar, draperi, sengeteppe, handkle – alt som kunne brukast, var sydd om til kjolar og undertøy av «haremsdamene». Ein del av innbuet var lempa inn på uthus og loft. Møblar mangla. Skrivebordet ho hadde arva etter far sin, der ho hadde skrive romanar som skulle gjere ho til verdskjend nobelprisvinnar, var det berre eit bein og ein skuff att av. Saman med bokhyllene var det blitt hogge opp og brent på peisen, skreiv Undset i eit brev til søstera Ragnhild i Stockholm.
Alt var ikkje svart. Faktisk var Undset overraska over kor mykje vener og slekt hadde greidd å redde unna. Mange bøker var borte for alltid, inkludert Undsets samling av tysk litteratur, som var send til Tyskland. Men trass alt: Det meste av den store, sjeldne og svært verdifulle boksamlinga på ti tusen band var blitt gøymt unna i Romedal kyrkje ved Hamar, etter ein operasjon i regi av Vitenskapsselskapet i Trondheim. Dei viktigaste klenodia og kunstverka (J.C. Dahl, Astrup og Solberg) var blitt fjerna før nazistane tok over Bjerkebæk. Undsets handskrivne romanmanuskript var blitt smugla inn på Universitetsbiblioteket og lagt i forsegla kassar med misvisande merking. Eilif Moe, Undsets advokat og trufaste ven på Lillehammer, hadde jobba iherdig og utført mange krumspring for å redde Bjerkebæk frå tvangssal, skattekrav og anna – heilt til han blei arrestert i 1944 og send til Sachsenhausen.
Eilif Moe hadde ein son som heitte Tycho. Han var jagarpilot i England under krigen, til han blei skoten ned over Normandie i 1943. Tycho hadde sprunge ut og inn på Bjerkebæk i heile barndomen og ungdomen, han var ein nær ven av sonen Anders. Da Undset fekk høyre at Tycho var død, blussa sorga over Anders opp. Til Lille Norge Avisen skreiv ho «Hjemme på Værskjei», ein virtuos tekst om landskap, ungdom og tidleg død, så godt skrive og så godt følt. I teksten nemner Undset Tycho Moe og fenrik Traaseth, unge menn drepne i krig. Men ikkje sonen Anders, som fall nokre kilometer unna Værskei under kampane ved Segalstad bru. (Heile «Hjemme på Værskjei» kan lesast på neste side.)
Undsets heim var skadd materielt, men langt verre var det at han var tilskitna og vanæra psykologisk. Korleis skulle ho, med sin fantasi og si evne til å kjenne nærvær av levd liv og fortidige hendingar mellom fire vegger, kunne finne ro att på Bjerkebæk? Alt i eit brev frå New York hausten 1942 skreiv ho: «Stanken av Deutschtum kan aldri bli luftet ut av rommene – bare tanken på at de svina sover i mine barns senger og breier seg i værelsene mine, og ute i hagen, gjør meg rasende.»
Ho tok til å sette i stand hagen att, og dette arbeidet var no kanskje det einaste som gav ho ekte glede. Andre våren begynte det å likne på noko. Gjennom åra hadde ho samla hundrevis av plantar frå mange fjerne plassar, og no fekk ho vener til å sende frø frå USA. Ho planta akeleier, som gror vilt langs Hudson, Blackeyed Susan (lodnesolhatt) og slyngplantar frå Massachusetts som blei kalla indiansk agurk.
Då Undset flykta frå Noreg, var ho leiar i Den norske Forfatterforening. Då ho kom tilbake, dreiv dei og delte ut æresmedlemskap til Arnulf Øverland (som Undset sette svært høgt og hadde uroa seg for gjennom krigen) og nokre danskar. Undsets innsats blei oversett av kollegaene og av pressa, men det siste var ho sikkert berre glad for. Ho fekk storkorset av Det Kongelege Norske St. Olavs Orden for innsatsen sin for fedrelandet.
Boka Tilbake til fremtiden fekk ein merkeleg lagnad. Kvar blei det av den norske utgåva av boka der Undset skildrar den dramatiske flukta, reisa jorda rundt, krigen og framtida – det åndelege testamentet hennar? Biografen Tordis Ørjasæter skriv at i 1945 var boka «kommet ut i Sverige og på Island, i Sveits og Sør-Amerika; i Danmark ble den utgitt illegalt av Studenternes Etterretningstjeneste i 1943».
Mi utgåve av boka er gitt ut av Aschehoug i 1945, står det på kolofonsida. Det er riktig at boka blei trykt i 1945. Men ho kom ikkje til bokhandlarane før i 1949!
Årsaka er bisarr og så vidt eg veit utan sidestykke i norsk litteraturhistorie. Det har seg slik at den sovjetiske ambassaden i Noreg sende ein protest til Aschehoug før boka blei send til bokhandlarar og bibliotek. Undsets sterkt negative karakteristikkar av Sovjetunionen var sjølvsagt grunnen til protesten. Om boka kom ut i Noreg, utan at kritikken mot Sovjetunionen blei fjerna eller moderert, ville Sovjetunionen sjå det som ei fiendtleg handling mot ein krigsalliert! Russarane truga med at ingen norske forlag ville få gi ut russiske forfattarar.
Skulle Sovjetunionen få bestemme kva nobelprisvinnaren vår kunne tenke, skrive og trykke i heimlandet sitt etter at Noreg nettopp var blitt fritt? Tilbake til fremtiden blei ei kinkig mellomstatleg sak. Utanriksdepartementet og diplomatiet blei kopla inn. Aschehoug og Undset kom under hardt press. Og dei gav etter.
Siste kapittel av boka blei trykt opp i tidsskriftet Samtiden. Boka blei liggande på eit lager heilt til 1949. «Undset orket ikke slåss mer», skriver Ørjasæter.
Då boka endeleg kom ut i 1949, var glansen rundt ho borte. Dei fleste reiseskildringar bør lesast anten omtrent når dei kjem ut, eller lenge etterpå. Rett etter krigen trur eg veldig mange ville ha lese boka med glede, for å oppleve dramatikken på nytt, skildra av ein av dei beste og mest populære forfattarane våre. Det ville vore ei feiring av sigeren etter fem harde år.
Men i 1949 var situasjonen ein annan. Då var folk kanskje mest interessert i å gløyme krigen. Tilbake til fremtiden fekk ikkje nokon plass i den norske kanon. I dag er det mest Undset-ekspertane som kjenner boka, har eg inntrykk av. Ho er tilgjengeleg, i eit enkeltband av samla verk i lag med Lykkelige dager (og som e-bok). Men boka blir lite lesen, sitert og diskutert.
For meg endra boka heilt inntrykket av kven Sigrid Undset var som menneske og forfattar.
Utruleg nok vann landsforrædaren Hamsun ein slags siger over Undset når det gjeld bøker om krigen. Landssvikaren gav same året, i 1949, ut memoarboka Paa gjengrodde stier, og den fekk mykje merksemd. Hamsun var ikkje så «varig svekt» i sjela som den psykiatriske diagnosen kunne tyde på. Landssvikaren hadde vore ved sine fulle fem heile krigen. Ikkje lenge etter heimkomsten lét Undset seg intervjue av Stockholms-Tidningen heime på Bjerkebæk. Hamsun blir eit tema, og journalisten spør Undset om ho hadde venta noko slikt av han. «Ja, av ham ventet jeg nettopp dette. Han har jo aldri skrevet om annet enn sine mindreverdighetskomplekser, om kremmernasjonen England og om herremennene nede i Tyskland.»
Undset skreiv berre éi bok etter heimkomsten, ei skildring av livet til den katolske mellomalderhelgenen Katarina av Siena. Boka kom ikkje ut mens ho levde, men ho levde lenge nok til å lese refusjonen frå den amerikanske forleggaren Alfred A. Knopf (dei meinte boka kunne skade renommeet hennar).
Hadde ho fått vere i fred heime på Bjerkebæk, ville kanskje den produktive romanskrivinga hennar halde fram som før 1940. Etter å ha skrive journalistikk og foredrag – det ho sjølv kalla «propaganda», mest på spøk, litt på alvor – var det ikkje berre å plukke opp pennen og sette seg ned og skrive episke romanar. Kanskje er det ikkje urimeleg å sjå romanforfattaren Undset som eitt krigsoffer, sjølv om ho neppe ville brukt ordet om seg sjølv.
Ho var utbrend etter USA-tida. Det var i alle fall det klare inntrykket til mange av dei som kjende ho. Undset var kjend for blikket. Svakt nedlatande og gjennomtrengande, men først og fremst med ein merkeleg glød. Folk kunne skvette når ho sette auga i dei. Nils Johan Rud sa at då Undset kom heim til Noreg, var auga «slokna», skriv Gidske Anderson i sin Undset-biografi.
I et brev til Hans Aanrud (20. desember 1948), skriv Undset sjølv: «Ellers så får jeg jo si, jeg synes verden er blitt trist nå, – da jeg var i Amerika under krigen, hadde jeg jo følelsen av, at jeg gjorde noen nytte for mig, og vi hadde vel alle en slags forventning til fremtiden, ikke for at jeg ventet alting skulde bli så gildt med en gang, eller at ’de gamle dagene’ noen gang skulde komme tilbake. Men jeg hadde likesom ikke ventet at ’den nye tiden’ skulde bli så blodløs og saftløs, skjønt så mye blod som var blitt spilt, er det vel ikke rart om folk virker på en gang anemiske og rebelske og lite foretaksomme.»
Huset var blitt stille. Sjølv var ho blitt endå meir stille og privat enn før. Mange av venene som pla kome på besøk til Bjerkebæk, ofte til hennar store fortviling fordi ho blei forstyrra i arbeidet, var no døde. Hans kom stort sett berre heim til jul. Han formidla den kunstnariske arven etter faren, Anders Svarstad, som døydde av sjukdom i 1943. Hans var homoseksuell, og han var redd for at mora skulle oppdage dette, skriv Bentzen Skille.
Eit Hollywood-selskap ville lage film av Kristin Lavransdatter, og Hans blei kanskje litt for ivrig då han forhandla på vegner av mora. Han ville at dei to skulle emigrere til USA saman, noko Undset ikkje kunne tenke seg. Siste gong dei prata saman, fall det harde ord mellom dei.
Undsets helse blei stadig dårlegare. Ho hadde ofte influensa, betennelsar og stygge hostekuler, som ikkje blei betre av at ho var slik ein kompromisslaus sigarettrøykar? I 1948 hadde ho truleg eit hjerneslag under ein tur til København.
Heilt sidan Anders blei drepen, berre nokre dagar etter at ho hadde starta flukta frå Lillehammer, hadde ho kjent det som ho ikkje var fast bunden til denne jorda, skreiv ho i eit brev til Ingeborg Møller i 1947. Det var ikkje «livslede». Ho gjekk med ei kjensle at det ho tok seg til, berre var noko ho gjorde mens ho venta.
Ho blei lagd inn på Lillehammer sjukehus den 9. juni 1949 med nyrebetennelse. Ei nonne kom frå Hamar for å sitte ved hennar side. Dagen etter sende Undset nonna til Bjerkebæk for å få mat og kvile. Like etterpå døydde Undset. Utan sakrament, heilt åleine.
Fem månader seinare, etter at den første snøen alt hadde lagt seg over Undsets grav på Mesnali, blei det rykt inn ein annonse i mange av avisene i landet. Annonsøren var Aschehoug Forlag. Det stod: «Nå er den kommet! Sigrid Undset. Tilbake til fremtiden.»
Morten A. Strøksnes
Morten A. Strøksnes er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Eldspåsetting og steinkasting i Ramels veg i Rosengård i Malmö. Ivar Hippe har intervjua innbyggarar i utsette bydelar i Vest-Sverige.
Foto: Johan Nilsson / TT / AP / NTB
– Det kjem til å bli stygt
Ivar Hippe fekk lyst til å sjå nærmare på dei svenske tilstandane. Etter tre års arbeid er Sverige 2024: Beretninger om et land i krise her. Staten må ta styring, seier han.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»