Tidtrøyte
Quiz veke 17

1. Kva aktuelt omgrep kan me definere slik: «avgift til offentlege styresmakter på vare som passerer grense»?
2. Kva heitte den nederlandske busetjinga som i 1664 vart engelsk under namnet New York?
3. I kva Prøysen-vise er nista til tittelfiguren «åtte stykker museflesk og fire bringebær»?
4. Kva er daglegtalenamnet på achluofobi? Dette er mest vanleg hos barn, men for dei fleste er det ikkje nokon fobi.
5. I kva norsk TV-program har verdsmeister Trine Dehli Cleve vore dommar i alle 19 sesongane?
6. Kva heiter Indias mest kjente ølmerke, som har ein isfugl i logoen? Svaret er det engelske namnet på isfugl.
7. På kva for eit musikkinstrument er Sherlock Holmes ein framifrå utøvar?
8. Røsslyng har vore ein mykje brukt fargeplante. Kva farge dreier det seg mest om?
9. Den vidgjetne «Aleksander-mosaikken» viser Aleksander den store, kanskje i slaget ved Issos. Han vart funnen som ein golvmosaikk i Faunens hus i kva by?
10. Kva stor norsk grossist er eigd av Norgesgruppen? På lastebilane ser ein namnet og slagordet «Vi forsyner Norge med mat».
11. Kva er fødelandet til Frédéric Chopin? Det var ikkje sjølvstendig den gongen (1810).
12. Rekorden for flest mål i NHL var lenge 894, men i april fall han. Sei namnet på den gamle eller den nye rekordinnehavaren.
13. Kva slags styrke vert målt med SI-eininga candela?
14. Kva heitte misjonæren og sjukepleiaren frå Kragerø som var eit av få vestlege vitne til folkemordet på armenarane (cirka 1915–1920)? Ho har heltestatus i landet. Det same gjeld Fridtjof Nansen, som kom til nokre år seinare.
15. Midt i det sørlege Sahara ligg Mali, Niger og Tsjad på rekkje. Sorter dei frå vest til aust.
16. Kva stilling vart ledig i både 2017 og 2025 på grunn av riksrettssaker? Dei som måtte gå, var høvesvis Park Geun-hye og Yoon Suk-yeol.
17. Den første nynorske Bibelen – Fyrebilsbibelen frå 1921 – var ein siger for målrørsla. Kva var det samla opplaget? Svaret er eit rundt tal.
18. Kva slags spel er tyske Ravensburger ein verdsleiande produsent av?
19. Kva særs omdiskutert fransk film frå 1961 av Alain Resnais vart kalla nonsens av somme, meisterverk av andre? Handlinga går føre seg i eit ombygd palass og spring mykje i tid og rom, mellom minne og draumar. Tittelen er tidspunktet og staden hovudpersonane visstnok møttest sist.
20. Kva er fødselsåret til kronprins Christian av Danmark? Han har jubileum i år.
21. Før påske fekk quizmeisteren ny optikar og naut den finslipte dialekten. Sistnemnde kjem frå ein av dei fire norske byane som startar på O. Der et dei til dømes kaku eller pysje mæ alt. Kva by?