Bok

«Ottomanernes Skræk og Gysen»

Kutta den norske sjøhelten Cort Adeler av hovudet på ein osmansk admiral, eller gjorde han det ikkje? Ein ny biografi har svaret.

Cort Adeler, ridder av Venezias St. Markus-orden, med rustning og medaljane tydeleg syn­­lege ved sida av seg. På golvet til høgre synest våpenskjoldet med bilete av eit avkappa hovud.
Cort Adeler, ridder av Venezias St. Markus-orden, med rustning og medaljane tydeleg syn­­lege ved sida av seg. På golvet til høgre synest våpenskjoldet med bilete av eit avkappa hovud.
Publisert


Cort Adeler (1622–1675) er ikkje kjend i dag, om så det finst gater i norske byar kalla opp etter han. Men mellom historikarar har han vore eit heitt namn, for han er assosiert med ein anekdote som overgår det mest fantastiske som finst av krigssoge knytt til ein nordmann: Som kaptein på det nederlandsk-venetianske skipet «San Giorgio Grande» deltok Adeler i eit sjøslag mot den osmanske flåten 17. juli 1657 ved Dardanellane. I dette slaget skal Adeler ha hoppa over i galeien til den osmanske admiralen Ibrahim og eigenhendig kappa av hovudet på pasjaen (admiral på tyrkisk) med eitt einaste sabelhogg.

På nederlandske nettstader står det at denne historia er rein fantasi, men i ein ny biografi som har kome ut, Cort Adeler. Sjømann og krigshelt fra 1600-tallet, argumenterer Ole Henrik Gjeruldsen for at hendinga verkeleg har bore til.

Under den heite sola

Før vi kjem så langt, skal vi stutt greie ut livssoga til sjøhelten: Curt Søfrensen, som dåpsnamnet lydde, var fødd på Brevik, som hadde stor trelasthandel med stormakta på 1600-talet, Nederland. Søfrensen reiste ned til handelsmakta og gjorde karriere i den nederlandske marinen. Der vart namnet «fornederlandska» til «Coert Siewertz», og han fekk tilnamnet Adelsborst, som seinare vart endra til Adeler.

Adeler vart kaptein på si eiga skute, som vart innleigd av republikken Venezia som var i strid med Det osmanske riket. Venetianarane såg med uro at «stortyrken» erobra venetiansk land i Middelhavet, som øya Kreta. Og dei rette merksemda mot staden der osmanane var mest sårbare: det smale sundet som skil Asia frå Europa, Dardanellane, utløpet til Egeerhavet. Dei ville stogge tyrkarane før dei nådde ut til dei venetianske øyane i aust.

Det er her, under den heite sola i Egeerhavet, at Cort gjorde storbragdene sine. I eit slag ved Dardanellane i 1654 søkkte han heile 15 osmanske galeiar. Adeler vart lønt med St. Markus-ordenen, det var unikt for ein utlending i Venezia den gongen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement