Musikk

Musikalsk kjetteri?

Scheibe kritiserte Bachs musikk for å vera unaturleg og svulstig.

Den tyske sopranen Marie-Sophie Pollak.
Publisert Sist oppdatert

Den svenske erkebiskopen Nathan Söderblom kalla Johann Sebastian Bach (1685–1750) «den femte evangelisten». Å kanonisera ein komponist, altså å føya han til den musikkhistoriske kanon, det er ein ting. Men å heilagkåra han? Det fører komplikasjonar med seg, for kritiserer ein han, må ein vel stemplast som musikalsk kjettar.

Dette er det som har gjort Johann Adolph Scheibe vanvyrd i den store skaren av Bach-tilbedarar, dei som sidan Bach blei gjenoppdaga på 1800-talet, har plassert han i tonekunstens panteon. I 1737 hadde nemleg Scheibe drista seg til å kritisera Bachs musikk i tidsskriftet sitt, Der Critische Musicus. Særleg dette festa ettertida seg ved: «Denne store mannen ville bli hylla av heile nasjonar om han hadde skrive meir behageleg [musikk], om han ikkje med sitt svulstige og innvikla vesen hadde fråteke stykka sine det naturlege og slik formørka venleiken gjennom overdriven kunstferdigheit.»

Spesialisert sopran

Unaturleg og svulstig, altså. Bach svara ikkje sjølv på kritikken; det fekk han ein retorikkprofessor på universitetet i Leipzig til å gjera. Kontroversen mellom dei to er uansett utgangspunkt for Concerto Kölns album Bach vs. Scheibe, som skal syna skilnaden i komposisjonsteknikken og -stilen deira.

Songsolist er Marie-Sophie Pollak, som heldigvis er god. For ofte blir slike innspelingar skjemde av at barokkorkesteret fylgjer reglane for historisk framføringspraksis, medan sopranen syng som om ho stod på ein moderne operascene. Pollaks tone er slank og har, sidan ho ikkje overdriv vibratoen, presis intonasjon. Dette, og den smidige koloraturen (dei snøgge trillene og løpa), vitnar om spesialisert teknikk.

Edel enkelheit

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement