Redd som i livredd I Dag og Tid 6. august i år fortalde Siri Helle om den første soloseglturen sin: «Ein skikkeleg redd liten eventyrar reiser på sin fyrste solosegltur.» Her fekk eg æra av å opptre i ei lita birolle i eigenskap av ein person ho ser på som «maksimalt modig». Altså i motsetnad til forfattaren sjølv, som etter eiga vurdering berre kvalifiserer til «middels modig».