JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ser på KI som eit kronisk virus

– Faget «informasjonsnavigasjon» må inn i skulen og verte prioritert på høgde med matematikk, seier fotograf Jonas Bendiksen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fotografiet er henta frå Book of Veles, der animerte menneske er plasserte i fotografi av tomme landskap.

Foto: Jonas Bendiksen

3537
20240503
3537
20240503

Media

christiane@dagogtid.no

I fotokrinsar har Jonas Bendiksen lenge vore eit kjent namn, men då han i 2021 gav ut fotoboka Book of Veles, fekk han merksemd som gjekk langt utover miljøet for fotointeresserte. Bendiksen, som arbeider for fotobyrået Magnum, avslørte fleire månader etter publiseringa at han hadde tukla med bileta.

Boka var ikkje laga for å manipulere folk, men for å undersøkje og tematisere kor lett det er å føre folk bak lyset med manipulert fotografi. Bendiksen fotograferte, enkelt forklart, landskap og bybilete og plasserte inn datagenererte figurar som likna verkelege menneske.

Ingen avslørte «jukset» før Bendiksen avslørte seg sjølv.

Rask utvikling

Utgangspunktet for Book of Veles-prosjektet, som tok til i 2019, var produksjonen av falske nyhende før det amerikanske presidentvalet tre år tidlegare. Byen Veles i Makedonia viste seg å vere sentrum for mykje av produksjonen, og Bendiksen var uroa over utviklinga.

I dag er han «vettskremd», seier han, og ikkje minst overraska over kor fort teknologien, som kan produsere bilete, lyd og film, har gått.

– Eg hadde ikkje sett føre meg at vi i løpet av få år kunne sjå heilt realistisk video, berre generert ved hjelp av tekst. Det trur eg dei færraste hadde. Vi kan berre spørje oss kvar vi er om ti år.

Vesensforskjell

Også før kunstig intelligens (KI) har det vore mogleg å manipulere bilete, men høvet til å lage bilete med KI inneber, slik Bendiksen ser det, eit par vesensforskjellar:

* Når fotografiet ikkje lenger viser noko som er sett gjennom eit kamera, er lenkja til røynda broten.

* KI-genererte bilete kan masseproduserast med svært låg innsats.

– Medielandskapet kjem til å verte endå meir forvirrande og vanskeleg å navigere i, seier Bendiksen.

Foto: Arnfinn Johnsen

Spørsmålet er meir samansett enn om eit bilete er ekte eller falskt.

Jonas Bendiksen, fotograf

Kronisk virus

– Korleis kan vi forsvare oss mot ein straum av KI-genererte bilete?

– Ja, korleis ha eit fungerande demokrati utan å vere samde om visse faktum? Dette er eit samfunnsproblem og eit demokratisk problem som vi må kjempe mot på alle moglege frontar. Det er som eit kronisk virus som ikkje vil gå bort, og som vi må handtere å leve med. Det kan vi gjere ved å bruke teknologi og juss, men også ved å endre vanene våre. Eg trur faget «informasjonsnavigasjon» må inn i skulen og verte prioritert på høgde med matematikk.

«Kontekst» er eit stikkord Bendiksen stadig kjem tilbake til: Vi kan ikkje lenger sjå på informasjon som informasjon dersom vi ikkje kjenner samanhengen omkring, meiner han.

– Ting må vere transparente. Når ein serverer foto eller journalistikk, må konteksten forklarast. Når vart biletet teke, kven var kvar, også vidare. Eg ser at media er vortne betre til å verifisere dei siste åra.

– Korleis sorterer du sjølv ekte frå falske bilete i informasjonsstraumen?

– Eg har slike briller på at eg ser etter kontekst. Eg spør meg kven som er avsendar, og kva agenda dei har. Men spørsmålet er meir samansett enn om eit bilete er ekte eller falskt. Sjølv bruker eg ikkje dei omgrepa. La oss seie at eg opnar motemagasinet Vogue – er bileta ekte eller falske? Eg spør heller om det er køyrereglane for journalistikk eller heilt andre køyrereglar som ligg til grunn. Er dette journalistikk, kunst, underhaldning eller fiksjon? Igjen er kontekst nøkkelen. Ekte og falsk er level 1.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis