JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Hybris

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1740
20240419
1740
20240419

– Kvar har de tenkt dykk?

Pondusen lyste av den breibeinte konduktøren som stod i vegen for fem passasjerar som kom gåande mot køyreretninga.

– Vi har tenkt oss i kafeen, sa ho som stod fremst i rekkja.

– Dersom de hadde høyrt etter kva eg sa, ville de ha visst at kafévogna ikkje opnar før om 20 minutt.

Auga til konduktøren var festa på billettmaskina han hadde i handa, medan han irettesette dei fem passasjerane.

– Men vi kom på på Lillestrøm, sa passasjeren orsakande.

Konduktøren mumla noko i skjegget medan dei fem passasjerane snudde og gjekk attende til plassane sine.

Så mykje som eg reiser med tog, er det sjeldan eg ser konduktørar som er så bryske. Tvert om ser eg ofte konduktørar som taklar brysame passasjerar på ein profesjonell måte. Men dei kan sjølvsagt gå i baret, dei òg, slik som vi andre.

Då kafeen etter kvart opna, vart vi oppmoda om å ta oss ein tur. Over høgtalaranlegget ramsa kaféverten opp den vanlege informasjonen om kvar kafeen ligg i togsettet, og kva som står på menyen. Det gjekk likevel litt i ball for han.

– Vi har varme og kalde spiselige retter, sa han.

Ja, det håper eg verkeleg, tenkte eg, med ein slik «uspiseleg» konduktør.

På neste tog vart eg sitjande bak to personar som såg heilt like ut bakfrå, med same hårfarge og heilt lik sveis. Eg kjende dei att. Vi har teke same tog før.

Då konduktøren kom gjennom kupeen for å sjekke billettane våre, lyste ho opp i eit stort smil og sa:

– Å, så like der er. De må vere systrer!

Konduktøren fekk ingen respons, men sjekka billettane og gjekk vidare. Eg stussa over stilla.

Då eg gjekk av toget, forstod eg kvifor dei to ikkje hadde nokon kommentar. Dei var mor og dotter.

Konduktøren ønskte nok at ho hadde fått nåde til å teie.

Tiriltunga

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis