JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Den same skulen må vere god for alle

Vi skal ikkje lage ein meir praktisk skule for menn, men for menneske.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5660
20240308
5660
20240308

Lat oss slå det fast fyrst som sist: Gutar har hamna bakpå i det norske skuleverket, og det får konsekvensar for korleis liva deira utspelar seg. Gutar slit mest med det stillesittande, teoribaserte læringsverket. Det fører til dårlegare karakterar og at færre gutar enn jenter byrjar på og fullfører høgare utdanning.

Det må vi gjere noko med, og det er strålande at menn no brukar høge stemmer for å krevje ei anna undervisning. Mange jenter vil i framtida kunne takke dagens menn for at dei tok den kampen. For når vi no skal lage ein meir praktisk skule, skal vi sjølvsagt sørgje for at han vert meir praktisk også for jenter.

Ære til kvinnekampen?

Kvifor klarar jenter seg betre på skulen? Er det i dag, på 8. mars, noko vi skal gje kvinnekampen æra for – eller skulda, alt etter korleis ein ser det? Eg trur ikkje det. Snarare tvert om: Eg trur at jenter i større grad enn gutar har funne seg i å sitte stille, halde kjeft og gjere leksene sine.

Men eg trur langt ifrå at den norske skulen à la 2000-talet er den som tener jenter best. For også jenter har godt av, og rett til, å få lære å bruke heile kroppen sin i skuleløpet.

Skapte til å skape

Forsking på mellom anna jenter og ADHD har dei siste åra synt at jenter med udiagnostisert ADHD ikkje utagerer på same måte som gutar gjer. I staden for å vise ubehaget sitt til omgjevnadene, flyttar dei det innover og vert ekstra stille og inneslutta.

Det betyr ikkje at dei har det bra. Dei har òg bruk for noko anna enn å sitte ved ein pult – symptoma deira vert òg betre med rørsle og fysisk aktivitet.

Det er ei årsak til at jenter skal få vere med på overgangen til ein meir praktisk retta skule. Ein annan er jo rett og slett at dei er menneske.

Lat oss sjå litt stort på det: Kva er det som gjer menneske til menneske? Vi er ikkje spesialiserte steppedyr som hestane eller fjellklatrarar som geitene. Vi menneske er aller best på å vere generalistar, litt gode på veldig mange ulike ting. Vi er skapte til å skape, ikkje minst til å bruke dei fantastiske hendene våre til nye, kreative, praktiske ting kvar einaste dag.

«Ved å lære oss å bruke hendene våre til praktiske handlingar opnar vi rett og slett opp hjernen vår og når han på ein annan måte.»

Vi lærer med hendene

På naturhistorisk museum i London står det to figurar i leire som har fått kroppsdelane sine modellert i storleik etter kor stor del av hjernekapasiteten den kroppsdelen legg beslag på. Den eine syner det motorisk, den andre sensorisk, men begge har det til felles at hendene er den klart største kroppsdelen. Ved å lære oss å bruke hendene våre til praktiske handlingar opnar vi rett og slett opp hjernen vår og når han på ein annan måte.

Difor skal vi ha ein skule som gjev alle elevar tilgang til å utvikle praktiske ferdigheiter frå fyrste til siste dag. For å bygge heile menneske.

Og vi er nøydde til å byrje tidleg. Går vi inn i eit ungdomsskuleklasserom i dag, vil mange jenter truleg takke nei til det eg no tilbyr dei. Dei vil halde fast på pultplassane sine, verte verande i dei teoretiske prøvene og innleveringane dei veit dei meistrar, for all del unngå å verte stilte overfor praktiske utfordringar dei risikerer å ikkje få til – i ein situasjon der heile resten av klassen ser at dei mislukkast.

Fleire problem løyste

Det er ikkje så rart. Når du i 13–14 år har fått høyre at praktisk arbeid ikkje er noko jenter er så flinke til, er det eit dårleg utgangspunkt for å skape trygge arbeidskroppar.

Å byrje frå fyrste klasse vil likevel hjelpe. Praktisk forståing vert nemleg lettast utvikla i blanke hjernar, uavhengig av om hjernane sit i ein jente- eller gutekropp. Det er ikkje berre språk som kjem lettare dei fyrste åra vi lever, men også finmotorikk og kroppsmeistring som vi har glede av heile livet, dersom vi får lov til å utvikle dei.

Om vi gjer dette riktig, kan truleg ein skule som nyttar fleire praktiske læremetodar, vere med og redusere kjønnsskilnader. Og det utan å miste av syne målet om å lage ein skule som høver betre for rastlause gutar.

Historiene

Til det kan vi òg få hjelp frå gode føredøme. Her er skuleverket berre byrjinga. Kva er det som møter unge kvinner som går ut i mannsdominerte yrke i dag?

Dei siste åra har vi høyrt alvorlege historier om grov trakassering i fiskerinæringa. Det same var tilfellet ved bygginga av Nasjonalmuseet, der fleire arbeidarar vart bortviste frå anlegget etter tilfelle av trakassering. Men det at vi har høyrt desse historiene, viser at situasjonar som ein berre måtte leve med for nokre år sidan, ikkje lenger vert aksepterte.

Framleis er dei negative historiene altfor mange. Særleg dei som aldri vert fortalde, fordi dei som eig dei, lærer seg å leve med det eller finn seg noko anna å gjere. Framleis må ein vere litt ekstra tøff for å vere einaste kvinne – eller, for den del, einaste mann – på ein arbeidsplass. Men det kan òg vere ei god oppleving.

Ein ny regel

Sjølv oppheld eg meg mykje i mannsdominerte miljø. Eg jobbar delvis som handverkar, og brukar mykje av fritida mi på jakt. Ja, eg uttalar meg jamvel stadig i det offentlege. Av og til kan ein få inntrykk av at dette for kvinner er synonymt med massevis av ekle meldingar i innboksen.

Det er ikkje mi erfaring. Eg kan heilt ærleg seie at eg aldri har opplevd trakassering på nokon av arenaene eg har nemnt ovanfor.

Det går an, det òg, heldigvis. Lat oss håpe det vert regelen heller enn unntaket framover, og at vi kan byrje med å lage ein skule som tek oss i den retninga.

Siri Helle

Siri Helle er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Tankesmien Agenda

Ordskifte

«Dei fleste røystar ut frå ei form for eigeninteresse.»

Tiril Rustad Halvorsen

Marthe Korsvoll (t.h.) og Lisa Laumann kjøler seg i Akerselva i Nydalen i Oslo.

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
Ole Petter Pedersen

Me kan vere glade og uroa på same tid over uvanleg varme dagar.

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis