Datamaskinene reknar seg varme
Skal datasenter og kunstig intelligens få drive den globale oppvarminga forbi to gradar?
Det første datasenteret til Google i Tyskland.
Michael Probst / AP / NTB
peranders@dagogtid.no
Datamaskiner er i utgangspunktet lite energikrevjande teknologi. Ein PC kan gjere avanserte rekneoperasjonar med eit minimalt straumforbruk. Men gjennom framveksten til internettet, skylagring og ein stadig rikare flora av strøymetenester har datatrafikken likevel blitt ganske energikrevjande.
Kunstig intelligens, eit felt i rask vekst, krev svært mykje datakraft for å fungere. No fryktar somme at det blir datasentera som knuser håpet om å halde den globale oppvarminga under to gradar. Det hjelper lite å produsere store mengder ny straum frå fornybare kjelder om forbruket aukar enda meir.
Rask vekst
Førebels gjer ikkje denne industrien verkeleg store innhogg i kraftmarknaden, dels fordi teknologien har blitt stadig meir effektiv. Sidan 2010 er internettrafikken 25-dobla, ifølgje Fortune. Straumforbruket har slett ikkje auka tilsvarande. I verda brukar datasenter, kryptovaluta og kunstig intelligens kring 2 prosent av straumen, ifølgje IEA. I USA, heimlandet til ein tredel av dei omtrent 8000 datasentera i verda, står datasenter for kring 4 prosent av straumforbruket. Uroa handlar mest om kor fort denne industrien kan vekse. I fleire delar av USA har datasentera sett press på både kraftforsyninga og straumnettet, skreiv New York Times i mars. Boston Consulting Group spådde at straumforbruket til sentera i USA kunne bli tredobla innan 2030.
I Irland har datasentera blitt eit alvorleg problem for straumforsyninga. Låge skattar og nærleik til dei transatlantiske kablane har gjort landet attraktivt for dei store dataselskapa. I 2022 brukte datasentera 17 prosent av straumen i i Irland. På grunn av veksten i kunstig intelligens meiner IEA at datasentera i landet vil doble straumforbruket sitt innan 2026. Det er ikkje sikkert det får gå så langt: Irland er eitt av fleire land som har innført restriksjonar på utbygginga av nye datasenter.
Google i Noreg
Noreg er eit attraktivt land for etablering av slike senter, dels på grunn av klimaet som bidreg med naturleg nedkjøling. Denne industrien har likevel ikkje teke av her enno, og brukar kring 1 prosent av straumen. Men det manglar ikkje på interesse. Til saman har ulike datasenter søkt om tilgang på 8000 megawatt, melde NRK i fjor – ein femtedel av den totale effekten i norsk kraftforsyning. Google har fått løyvd tilgang på 240 megawatt effekt til det komande senteret sitt ved Skien, og har søkt om 840 megawatt. Dette senteret kan bli Noregs største straumforbrukar, og kan åleine kome til å bruke 5 prosent av straumen i landet, skreiv NRK i februar.
Den store jokeren her er utviklinga av kunstig intelligens. Ingen veit i dag kor stort forbruket til denne industrien kan bli. Men Sam Altman, sjef for KI-kjempa OpenAI, ser problemet. Han trur forbruket blir umåteleg mykje større enn folk ser for seg.
På World Economic Forum i Davos i januar sa Altman at han ikkje kunne sjå korleis det framtidige energibehovet til kunstig intelligens kunne bli dekt utan eit verkeleg gjennombrot i energiproduksjon, «som fusjonsenergi eller noko anna i massiv skala – ein skala som ingen eigentleg har lagt planar for».
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.