JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Festleg framsyning av musikalen Matilda

Matilda har i årevis gjort suksess som musikal. No også på Rogaland Teater.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det er ein svir å oppleve korleis den bokelskande Matilda tar eit oppgjer med vonde rektor Trunchbull.

Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater

2800
20240503
2800
20240503

Rogaland Teater, Hovudscenen

Roald Dahl:

Matilda

Musikk og tekst: Tim Minchin
Omsett av: Atle Halstensen
Regissør: Mathias Luppichini
Koreograf: Ludvig Herstad
Scenograf/kostymedesignar: Gjermund Andresen
Maskør: Mio Eyfjord
Dramaturg: Matilde Holdhus
Lyd: Frode Ytre-Arne

Medan media skriv at norske barn les færre bøker enn før, vil publikum høyre historia om ein femåring som har lese alt på barnebiblioteket. Framsyninga i Stavanger vart seld ut før premieren, no byr teateret på nye sjansar i 2025. Så elska er Matilda, anten ein har møtt henne i boka til Roald Dahl eller sett henne i musikalversjonen frå 2010.

Det er blitt ei fartsfylt og god tolking der Matilda (Marte Sirevåg Berge) og skulekameratane vert spela av 10–15-åringar frå Rogaland Teaters barne- og ungdomsteater. Med imponerande presisjon framfører dei fleire dansenummer, godt koreograferte av Ludvig Herstad. Låtane er godt innøvde, men tempoet så høgt at det ikkje alltid er lett å forstå teksten.

Gisp og latter

Men publikum kjenner handlinga og heng med i konfliktane, anten herr og fru Wormwood (ypparleg tolka av Espen Reboli Bjerke og Mari Strand Ferstad) skjeller ut den boklesande dottera si, eller den fryktelege rektor Trunchbull (Espen Hana) utfaldar terroren sin mot elevane. Det går eit gisp gjennom salen, etterfølgt av latterhikst då Hana trer fram sminka som kvinne og kledd i kjole over eit gedigent brystparti. Han er framifrå i si tolking av det monstrøse maktmennesket som ser på barn som makk.

Eg trudde ikkje det gjekk å snurre eit barn etter hårflettene, men illusjonen av ei slik straff vert overtydande utført. Som ein frigjerande kontrast til rektor står læraren frøken Honey, nydeleg spela av Mareike Wang. Songnummera hennar er ein fryd å høyre.

Espen Hana leverer ei framifrå tolking av rektor Trunchbull som terroriserer elevane, meiner vår meldar.

Espen Hana leverer ei framifrå tolking av rektor Trunchbull som terroriserer elevane, meiner vår meldar.

Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater

God visuell løysing

Då forfattar Dennis Kelly og komponist og låtskrivar Tim Minchin gjorde boka om til musikal, lét dei Matilda dikte om to sirkusartistar som lengta etter å få barn. Historia peikar fram mot slutten i forteljinga, men er krevjande å spele ut scenisk.

Regissør Mathias Luppichini har funne gode visuelle løysingar, mellom anna ved å bruke lysande dokker som mimar akrobatikken. Men når Matilda snakkar samstundes med akrobatane, er det igjen vanskeleg å høyre alt.

Matilda blei sett opp på Folketeatret i Oslo i 2022, skreiv ein meldar at frøken Trunchbull burde endre seg i løpet av stykket. Til vanleg er dette eit godt krav, men når det gjeld forteljinga til Dahl, er eg usamd. Sviren er å oppleve korleis Matilda og frøken Honey får sendt den vonde rektoren på dør ein gong for alle. Det hadde blitt for søtt om ho skulle ende opp som snill og kjærleg.

Kristin Aalen

Kristin Aalen er teaterkritikar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis