Marknadsleikeplassen
Gamle Billie Eilish-innspelingar er det nye i Fortnite Festival Season 3.
Pop
Billie Eilish o.a.:
Fortnite Festival Season 3
Epic / Harmonix
Spelet Fortnite er populært. Under storhendinga «The Big Bang Event» i desember, var 11.616.374 spelarar logga inn samstundes for å sjå ei gigantisk, monstrøs utgåve av den rappkjefta rapparen Eminem markere overgangen til ein ny æra i dette digitale mikroverset.
Ei veke seinare mani-
festerte spelmodusen Fortnite Festival seg.
Det nærmar seg festivalsesong i røynda og Fortnite Festival er inne i sin tredje sesong. Som festivalar flest har Fortnite Festival headliner-artistar: Først ut var The Weeknd, deretter stod mangfaldige Lady Gaga på scenen i vekevis, og no er Billie Eilish hovudattraksjonen.
Eg såg for meg at «festivalen» skulle by på artige show med brask og bram à la Marshmellow-konserten i 2018, den nemnde Eminem-greia og black lives matter-paneldebattane i 2020, men det er her tale om eit rytmespel der ein trykkjer på knappar for å «spele» enkelte instrument i bandet, ikkje ulikt Guitar Hero og Rock Band. Nytteverdien av slikt er at det kan vere ei slags høyrelære for folk utan musikkbakgrunn.
Ingen av songane er spelte inn live: Dei er henta rett frå albuma til Eilish. Repertoaret består av spion-disco-rock-r&b-songane «Bad Guy»,«All the Good Girls Go to Hell» og «Therefore I Am», slow rock- og pop-punk-balladane «Happier Than Ever (Edit)» og «Oxytocin», komplett med valiumvokalen og den dramatiske basslinestilen som kjenneteiknar triphop frå tidleg 2000-tal.
Fortnite er finansiert av sponsing og mikrotransaksjonar. Sjølv om spelet er «Free-To-Play», er nye, gamle songar ikkje billige. Eilishs musikk framstår som harry for meg, men eg er ikkje immun mot reklame på leikeplassen og har blitt nyfiken på kva Billie Eilish har å diske opp med oppi ermet til den neste skiva si, som kjem ut på sjølvaste 17. mai.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?