Briljant ambivalens
Eirik Hegdal har organisert ein musikalsk dugnad.
Fotomontasje: Eirik Hegdal
Samtidsmusikk / Jazz
Eirik Hegdal eklektisk samband:
Turnchest
Thea Grant vokal og effektar; Josefin Runsteen, fiolin, mandola og vokal; Eirik Hegdal, sopranino-, C Melody- og barytonsaksofon, klarinett og synth; Per Texas Johansson, tenorsaksofon, klarinett, bass- og kontrabassklarinett; Anja Lauvdal, piano, synth og pumpeorgel; Ole Morten Vågan kontrabass og elbass; og Hans Hulbækmo trommer, perkusjon og munnharpe.
Particular Recordings Collective
Eirik Hegdal har samla eit knippe musikarar som han har stor sans for, men som ein knapt ville tru høvde i same band. Truleg difor namnet eklektisk samband. Før innspelinga laga Hegdal ei elektronisk mappe der bandmedlemene kunne gjera om på og koma med innspel til musikken og tekstane som Hegdal hadde lagt ut i utgangspunktet. Ein arbeidsmåte i eklektismens namn. 11.–13. desember hadde bandet tre intense dagar i studio som har resultert i denne plata.
I gjentekne møte med musikken og tekstane, seks av dei ni låtane har tekst, merkar ein at det opp frå dei musikalske impulsane og motiva i tekstane stig ein spanande og utfordrande tematikk som understrekar einskapen langt sterkare enn det eklektiske utgangspunktet og arbeidsmåten.
Med låttitlar som «Turnchest in Candlewax» og «Carved Air Calligraphy» indikerer ein motsetnader mellom styrke og veikskap og det varige og det forgjengelege. Fleire av tekstane tematiserer det lytefrie ytre og dei mange ulmande tragediane som blir feia under teppet eller haldne på armlengds avstand.
Musikken er heile tida med på å understreka ambivalensen i tematikken. «Desire» er eit glimrande døme. «... nevermind, fold me in the sky do you wanna dance/ do you wanna dance/ desire, desire/ dance, dance, dance, dance, dance...»
Den oppstemte og livsglade teksten blir gjennom musikken og vokaluttrykket omdanna til noko angstfylt. Ensemblet osar av overskot, og arrangementa er ei sareptakrukke av idear, men dei gjev ikkje store rom for solistiske utflukter. Her er stram taum og fri dressur i ei fascinerande blanding.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?