JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå bridgeverdaKunnskap

Andronik, alias Ranik

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ranik Halle (1905-1987).

Ranik Halle (1905-1987).

Ranik Halle (1905-1987).

Ranik Halle (1905-1987).

1943
20240419
1943
20240419

Om du har spela litt bridge, er det god sjanse for at du har kome borti «Halles 2 kløver». Det tyder at ein opnar med meldinga 2 kløver for å vise særs sterke kort. Om du no er eit spørjeteikn, ta det heilt med ro: Den fyrste gongen ein motspelar spurde meg om eg brukte Halles 2 kløver, var eg like blank. Halve kva, sa du?

Om Ranik Halle verkeleg var den fyrste som kom på å bruke 2 kløver såleis, er nok – som mykje anna i bridgesoga – innhylla i eit slør av sigarettrøyk og gløymsle. Men meldeprinsippet lever enno, også internasjonalt, om enn under anna namn.

Andronik Saradscheff heitte han eigentleg, fødd i 1905 i Baku i dagens Aserbajdsjan. Faren, ein av dei fyrste oljebrannsløkkjarane i verda, døydde i ein eksplosjon. Ein ven, den norske forretningsmannen Halfdan Halle, overtok kona og adopterte sonen, som såleis hamna i Noreg og fekk namnet Ranik. Han vart pressemann med mangfaldig karriere, svoren antikommunist og profilert Høgre-mann, men trekte seg til slutt frå partiet etter usemje med ein viss Kåre Willoch. Det faktum at Halle i 1933 lansere Hitler og Mussolini som kandidatar til Nobels fredspris, får ein sjå litt gjennom fingrane med, så god som han var i bridge. Han vann tevlingar og skreiv bridgebøker.

I Norsk biografisk leksikon kjem den saftigaste infoen heilt på tampen. Halle måtte leggje bort sigarettane av omsyn til lungene, men takk vera smugrøyking vart han kjend med hagen sin. Han likte ikkje frisk luft og var livredd for kvefs, som han kalla «verdas farlegaste rovdyr» i ein artikkel VG visstnok slo opp på framsida – denne har eg diverre ikkje greidd å finne. Mosjon avskydde han. Då han fekk ein sykkel i gåve, trilla han denne ned til kontoret og lét han stå der – heim att var det for mange bakkar.

Halle døydde av kreft i 1987. Noregs mest glamorøse bridgejournalistpris er kalla opp etter han.

Erlend Skjetne

Erlend Skjetne er tidlegare juniorlandslagsspelar i bridge.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis