Å forsove seg
Sveinung har dårleg tid og bestemmer seg raskt for å droppe dusjen og tannkosten.
Teikning: May Linn Clement
Sveinung bråvaknar og skjøner at han har forsove seg.
– Du må vakne, me har forsove oss, seier han og rister i Synnøve, som støkk til og trur det har hendt noko alvorleg.
Med eit byks er Sveinung ute av senga og soverommet og på veg ned trappa til badet.
– Du må komme med ein einaste gong, roper han.
Sveinung har dårleg tid og bestemmer seg raskt for å droppe dusjen og tannkosten. Han skvettar litt vatn i andletet og henger ikkje opp att handkledet som dett i golvet.
Synnøve kjem roleg ned trappa og følgjer etter Sveinung, som spring vidare frå badet og inn på kjøkenet.
Sveinung kan ikkje fordra folk som ikkje klarer halde fokus på det som er viktig, folk som somlar og ikkje evnar å skunde seg litt. Sjølv opererer han alltid med gode marginar og snakkar nedsettande om folk som forsøv seg og kjem for seint.
Sveinung er alltid tidlig på han, unødvendig tidleg mange gonger, meiner Synnøve. Å møte opp i god tid før det som er avtalt, er vanleg folkeskikk, seier han, og køyrer du bil, er det lurt å legge inn ei punktering.
Sveinung er ikkje glad i å trykke på telefonen og går alltid med armbandsur slik at han regelmessig kan sjekke kva tid det er på døgnet. Det er eit heilt vanleg armbandsur som berre viser tida og datoen, ingenting anna. Reima måtte skiftast fordi han fekk utslett, utanom det har det ikkje vore nokon problem.
Om nettene hender det at Sveinung dunkar borti Synnøve, og ho har spurt fleire gonger om han kan ta av seg armbandsuret når dei skal sove, i alle fall, og legge det på nattbordet, men det vil han ikkje. Det er ubehageleg å plutseleg få ei klokke i nasen når ein drøymer i fred og ro.
– Me har ikkje sove meir enn eit kvarter lenger enn vanleg, seier Synnøve.
– Dessutan er det laurdag, og du skal ikkje på jobb, så det er ikkje noko å stresse etter.
Sveinung er i full gang med å hive i seg ei brødskive og reagerer ikkje. Synnøve må gjenta det ho nett sa.
– Det er laurdag, Sveinung, seier ho og ler.
Sveinung stivnar til og blir ståande stille ei stund før han snur seg og kikkar på Synnøve.
– Det er laurdag, ja. Då kan… Det er akkurat det det er. No trudde eg jammen eg skulle dumme meg ut.
– Ja, det trudde du, seier Synnøve.
– Eg driv jo ikkje med slikt, det var den eine gongen for lenge sidan då eg heldt på å miste nattoget til Oslo, men det var jo dei andre som eg skulle sitte på med til jernbanestasjonen si skuld, som ikkje kom til avtalt tid.
– Hugsar du Geir Knubedal, spør Sveinung. Eg høyrde nett eit rykte om at han hadde forsove seg eit heilt døgn på den førre jobben. Så ringde han inn og sa at han blei litt sein.
– Han er ikkje heilt god, seier Synnøve.
– Geir og eg gjekk i same klasse, seier Sveinung.
– Han budde rett attmed skulen og forsov seg heile tida. Dei som har kortast veg, er dei verste. Geir brydde seg ikkje, og kom for seint fleire gonger i veka. Eg såg allereie då at den guten kom det til å gå dårleg med seinare i livet.
Frank Tønnesen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?