JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Månelyst

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4946
20240503
4946
20240503

Det er sagt mykje klokt om barndom opp gjennom tida. Ein favoritt her i bokstova er det Pablo Picasso som står for, nemleg: «Alle barn er kunstnarar. Utfordringa er å halde fram med å vere det når ein veks opp.» Sjansen for at Pablo sa dette på norsk, er vel ikkje så stor. Heller ikkje uttrykket «Det er aldri for seint å få ein lukkeleg barndom», har norske røter. Her skal opphavsmannen vere den amerikanske forfattaren Tom Robbins.

Kan hende var det ikkje same djupna over to heilnorske trugsmål mor mi nytta då eg var liten og fór med fark. Det eine var: «Det ska’ bli andre boller når papen kjem heim.» Det andre var noko om at det kom til å bli månelyst om eg ikkje gjorde som ho sa. Der og då var det sjølvsagt urimeleg og urettvist med slike skremsler, men i ettertid innser eg at dette var verksame vendingar som nok neppe har gjeve varige mein.

I løysingsverket denne veka ser dei mørkt på månelyset. Gunder Runde skriv: «Ein av dei viktigaste norske forfattarane i åra etter krigen er Torborg Nedreaas (1906–87). Boka Av måneskinn gror det ingenting (1947) hadde ein poetisk tittel, men det er ikkje mykje poesi å finne i kvinneskildringane i denne boka. Ei rystande framstilling av kvinneliv, abortar og misbruk av kvinner gjennomsyrar boka. Når eg no les opp att boka mange år seinare, slår det meg først og fremst kor intens framstillinga er. Også forma som Nedreaas valde då ho skreiv denne boka, gjer inntrykk framleis. Hovudpersonen fortel si historie til ein ukjend mann, og desse små innsmetta med kommentarar er i seg sjølv eineståande sterke. Heile tida er det tale om kjærleiken til den svake motparten, Johannes, som ikkje er eit vondt menneske, men først og fremst hjelpelaus. I samtida gjorde særleg den direkte skildringa av sjølvpåført abort sterk verknad. Dei ufødde borna, ’vesleguttene’, dominerer abortskildringane. Torborg Nedreaas starta sin forfattarkarriere som vekebladskrivar, før ho gjekk over til ’skikkeleg’ litteratur. Mange av novellene hennar handlar om dei såkalla ’tyskartøsene’, som Nedreaas skildrar med stor medkjensle. Etter kvart vart ho meir kjend for bøkene om Herdis, til saman fire romanar og novellesamlingar frå perioden 1950 til 1971. Vi var nok mange som venta på det avsluttande bandet om Herdis, men det kom aldri. Nedreaas var aktiv i kommunistpartiet heilt fram til 1949, ho høyrde til blant dei sterkaste motstandarane mot norsk medlemskap i NATO, og skreiv også ein antiamerikansk roman, De varme hendene (1952). Ho var også mykje brukt som radiokåsør, og gav ut to essaysamlingar med basis i desse radiokåseria. Hovudpersonen i Av måneskinn gror det ingenting gifter seg til sist med fiskehandlaren Carl Andersen, eit ekteskap som varer berre i to år. Det bør nemnast at denne romanen vart dramatisert av Fjernsynsteatret i ei framifrå innspeling med Anne Krigsvoll i hovudrolla.»

Desse undra seg fram til Andersen og rett svar på oppgåve 1623: Eli Winjum, Signar Myrvang, Eli Hegna, Paul Henrik Hage, Jorunn Øxnevad Lie, Nils Farstad, Tiril Bonnevie, Jorunn Brekke Fjeldheim, Fritjof Lampe, Hallvard Kjelen, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Erik Steineger, Per Trygve Karstensen, Ole Husby, Inger Anne Hammervoll, Marit Knappskog, Runar Singsdal, Laurits Killingbergtrø, Eli Søyland, Ragnhild Eggen, Erik Aamlid, Marianne Haaland, Ingebjørg Sogge, Jorunn Røyset, Siv Røyneland, Lise Haaland, Peter Larsen, John Dag Hutchison, Harald Gjørtz, Marianne Dahl, Gunder Runde, Brita Lundeland, Inger Merete, Kirsti og Grete, Viggo Østebø, Skeisebibliotekaren i LASK, Folke Kjelleberg, Kjell Helge Moe, Rune Olstad, Audun Gjengedal, Sigrun Gjengedal Ruud, Hilde Frigstad, Marit Skytterholm, Liv Sundheim, John Olav Johnsen, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Olav Holten, Irene og Tore på Tranby, Kari Anne Bye, Sissel Gunnarshaug, Thana Rongen, Magnhild Reisæter, Olav B. Larsen, Gunnar Bæra, Inger Margrethe Berge, Else Gjesdahl Sørensen, Eiliv Olsen, Reidar Birkeland, Marta Kløve Juuhl, Solrun Haukedalen, Jorunn Kleppe, Inge Strand, Torleik Stegane, Robert Øfsti, Nina Korbu og Ole G. Evensen.

I dag heiter bokvinnaren Marianne Dahl. Gratulerer!

Klok på bok 1625

Så løftet han båndet opp til den pussige, litt krokete nesen, og – med et ertende blikk på meg – trakk inn duften.

Jeg kjenner igjen parfymen din, sa han. Liljekonvall.

Kan jeg få båndet tilbake, sa jeg så rolig jeg kunne, men kjente meg fortsatt varm i hodet.

Sitatet er frå s. 153 i boklækjarutgåva (2022). Fyrsteutgåva kom i 2021. Me skal fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar som skreiv på engelsk. Det er mange bipersonar i boka, og sjølv om romanen ikkje går føre seg i Noreg, er ein av desse bipersonane ein nordmann som har ein hund. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på denne hunden. Send namn på hund med norsk eigar, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 11. mai.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis