Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 15.08.2018

Gå til toppen

Toppen

Walid al-Kubaisi (1958–2018)

| Den 3. august 2018

Statsstipendiat, forfattar og samfunnsdebattant Walid al-Kubaisi voks opp i Basra og Bagdad i Irak. Familien var velståande, foreldra var moderne i irakisk samanheng og borna fekk utdanning. Sjølv studerte Walid elektronikk ved universitetet i Bagdad.
I 1981 flykta han frå Irak, då han ikkje ville i krigen mot Iran. I 1986 kom han til Noreg som flyktning.

Identiteten til Walid var heile livet sterkt knytt til Kubaisa, ein oase i utkanten av øydemarka vest i Irak, der slekta hadde sitt opphav. Kubaisa-namnet var kjent blant mange i Irak og Midtausten, og slektshistoria gav Walid sjølvtillit og var noko han alltid kom tilbake til.
Oldefaren, Muhammad Sa’id, var det store, mytiske føredømet hans. For Walid var han ein hovding som kom med kloke råd og berga landsbyen mot inntrengjarar. Walid elska mytar – og mange av forteljingane hans frå Kubaisa og livet der var «så sant som det var sagt».
I dag er stordomstida til Kubaisa-slekta over, og slektshistoria har vorte ei forfallshistorie. Ingen av dei fem syskena hans bur lenger i Irak. Ein bror døydde av kolera som liten, og broren Sati, som sat mange år i fengsel under Saddam Hussain, vart drepen i 2009.

Og som ei siste stadfesting på at tida til slekta er over, vart oasen til Walid overteken av IS i 2014. I dag er IS jaga ut av byen, men folk frå Kubaisa har ikkje lenger nasjonale posisjonar.
Livet til Walid vart makelaust. Dei fem åra i Libanon og Syria før han kom til Noreg, kunne gått heilt gale. Frå å vera ein ung mann med eit godt liv i Bagdad vart han etter kvart ein fattig flyktning. «Naud knuser byrgskapen i eit menneske og gjer det mindre enn kakerlakkane», sa han seinare.

Han var på denne tida både usikker og lett påverkeleg. Frå Bagdad hadde han fyrst flykta til Aust-Berlin, men han reiste tilbake att til Midtausten, for han kjende seg ikkje velkomen. Seinare hamna han på koranskule i Syria, der han sat nattetid og resiterte Koranen og såg paradiset føre seg. Men han avslørte «hykleriet om martyræra» og forlét moskeen for godt. Til Noreg kom han i 1986 med falskt algerisk pass.
Walid var alltid venleg, men ikkje konfliktsky. På spørsmål om kva som var det viktigaste i livet, sa han: «Eg vart lært opp til at det er å vera høfleg. Men det er feil. Det er ærlegdom som er det viktigaste i livet – å alltid seia kva ein meiner om viktige saker. Ærlegdom må til for å berga fridomen til kvart einskilt menneske.»

Den viktigaste fridomskampen for Walid var kampen mot politisk islam. Der var han kompromisslaus, uavhengig av kva konsekvensar det fekk for han sjølv. Ikkje uventa vart han mistenkjeleggjord av mange for å høyra til ei populistisk høgreside.
Sjølv såg han seg som ein del av venstresida. Men han meinte dei hadde svikta i kampen mot politisk islam. Og han skjøna ikkje at nordmenn ikkje kunne kritisera islam i dag, slik Arnulf Øverland kritiserte kristendomen. Det provoserte han at konservative muslimar vart lyfta fram som talspersonar og representantar for innvandrarane frå Midtausten i Noreg. Sjølv kalla han seg sekulær muslim, og han gjorde mykje for å få andre sekulære muslimar fram i ljoset.

Walid var kritisk til norsk integreringspolitikk, som han meinte handla for mykje om norskopplæring og å få folk i arbeid. Like viktig for Walid var at innvandrarane vart «norske» i demokratisk, idémessig forstand.
Walid var eit litterært og poetisk menneske. Han skreiv eigne dikt og gjendikta frå arabisk. Dikta framførte han på sin særmerkte måte. Det var ein fest å høyra på, nærast som musikk. Med si mjuke røyst veksla han mellom lågt og høgt stemmeleie, repeterte nokre ord eller setningar og avslutta med eit smil. Kanskje særleg kom dette fram når han las nynorske dikt. «Mellom bakkar og berg» fekk ein heilt ny klang i framføringa hans.

Diktet «Taksameteret går» av Håvard Rem gjorde han til sitt, og det vart glansnummeret hans: «Hjertet ditt slår/ Du tror du kan vente/ Du trenger litt tid/ Men taksameteret går/ Det er alt jeg kan si/ Ditt liv er i gang/ Det er tidsnok forbi».
Eller diktet «Den foreldreløse» av Muhammad al-Maghout, som Walid gjendikta til norsk. Foreldrelaus fordi han ikkje kan nyta fridomen. Men draumen om fridom var der. Draumen om å vera på biblioteket og sovna på Europas kart medan tårene rann frå kontinent til kontinent.

Som flyktning vert ein aldri heilt lukkeleg, sa han. Men han likte seg i Noreg. Sjølv sa han det endå sterkare: «Eg elskar Noreg.» At han fekk statsstipend i 2007, gav han fornya sjølvrespekt. Han vart ein nasjonal figur – ein av våre få prekære intellektuelle i dette landet: ein som står åleine, utan eit miljø eller ein tittel å stø seg på, og såleis risikerer mykje meir enn mange andre ved å vera i opposisjon til gjengse oppfatningar. Skjervheimprisen og Fritt Ords honnør gav han såleis viktig motivasjon og styrke.

For Dag og Tid vart han viktig både som skribent og som kollega. I 15 år hadde han kontor i bladstova. Mot slutten spurde eg Walid om korleis det var å vera dødssjuk når våren var på det vakraste. «Det gjev meg ei god ro i sjela. Det klare ljoset og det eirgrøne lauvet er som ei vakker, siste helsing frå landet eg har gjort til mitt.»
Walid vil bli sakna av mange. Tankane våre går til son hans og næraste slekt og vener.
Svein Gjerdåker
Ansvarleg redaktør i Dag og Tid

Prøv Dag og Tid Les e-avisa