Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 20.05.2017

Gå til toppen

Toppen

Vi som vil ha eit truverdig NRK

| Den 3. oktober 2013

Vi som vil ha eit truverdig NRK

0 Flares Filament.io Made with Flare More Info'> 0 Flares ×

NRK har få vener i den nye regjeringa. Om dei vil atter­reisa tilliten, må dei taka samfunnsoppdraget på alvor.

Same dagen som den endelege – ja, endelege – domen mot den tidlegare Vågå-ordføraren Rune Øygard fall i Høgsterett, oppsøkte NRK han på hytta. Der gjennomførde journalisten eit svært så venleg intervju med Øy­gard, som igjen fekk hevda at han var uskuldig dømd, og at det var best for jenta at «sanninga» kom fram.
Korkje Øygard eller NRK hadde noka sak. Han har vorte dømd i tre instansar, retten har tala, avgjerda er endeleg: Øygard lyg, og jenta talar sanninga. NRK visste i tillegg at jenta ikkje kunne forsvara seg. Om ho stod fram, ville heile landet få vita kven ho var, og saka ville dimed alltid forfylgja henne. NRK gjorde det likevel. Slik ter ein institusjon  som ikkje har eit etisk minstemål, seg. Men det visste vi i grunnen frå før; etikk er ikkje noko NRK er særleg gode på. Dei er derimot svært dårlege der, noko både romkvinnesaka og rekordmange fellingar i Pressens faglige utvalg er døme på.
Samstundes med Øygard-intervjuet vart Frp og Siv Jensen grilla knallhardt av det same NRK av di ei jente hevda ho hadde vorte valdteken av to unge Frp-tillitsvalde. Ingen grilla derimot Ap-leiinga for at ein Ap-ordførar og tidlegare ven av Jens Stoltenberg hadde vorte endeleg dømd for å ha gjennomført ei rad med overgrep mot ei jente under den seksuelle lågalderen. NRK vantar altså ikkje berre etikk, dei opererer òg med doble standardar: ein for Ap og venstresida, ein annan for Frp og høgresida.
Og lat dette vera sagt: Korkje Ap eller Frp som parti fortente kritikk i desse to sakene.
Ei ny tid
Sjølv trur eg ikkje den skeive dekninga som NRK har, er ei medviten haldning; eg trur sant å seia at dei aller, aller fleste NRK-journalistar trur at dei er nøytrale og at dei er på sida til det gode i kampen mot det vonde. NRK gjer så godt dei kan, og det er med Hambro både deira orsaking og deira tragedie.
Det vi òg kan slå fast, er at NRK har få vener på norsk høgreside og truleg ingen i Frp, og det er høgresida og Frp som no skal avgjera kva økonomiske råmer NRK skal ha i åra frametter. Eg både trur og vonar at desse råmene vert smalare. NRK har i dag eit budsjett på over fem milliardar, og ein tredjedel av alle norske journalistar er i dag offentleg tilsette gjennom NRK-systemet. Budsjettet er for stort, og journalistane er for mange; NRK skal vera eit alternativ til systemet, dei skal ikkje vera systemet. Og sett i ljos av at den komande regjeringa har lova store skattelettar, og at NRK-lisensen er ein rein koppskatt, trur eg vi kan seia at sjansen for at NRK-lisensen aukar, er så nær null som han kan koma.
Ålmennkringkastar
Sjølv er eg ingen motstandar av at vi skal ha ein offentleg ålmennkringkastar i Noreg; ålment meiner eg at dei private mediekanalane i landet er dårlege. Det fine med Noreg er at vi er eit egalitært samfunn, det dårlege med Noreg er at vi er eit egalitært samfunn; vi har ikkje nokon stor og intellektuell elite, og dimed har vi heller ikkje noko elitiemedium eller alternative mediekanalar. Det vert tenkt likt og flatt her til lands. Difor har det offentlege ei rolle å spela, dei kan gje oss alternativa som marknaden ikkje tilbyd.
Men NRK fungerer ikkje slik i dag. Om norske medium er like, er NRK endå likare. Og
det er difor eg likar tanken på
ein offentleg kringkastar, men ikkje likar NRK. Etter mitt syn bør NRK difor nytta den komande budsjettskvisen til å tenkja nytt og freista å få til ei fundamental reorganisering, ikkje av styringsstrukturen, men av sjølve journalistikken. Så her kjem nokre råd, og mitt fremste råd er å tenkja samfunn, ikkje individ.
Den store pesten i norsk journalistikk er den såkalla «casen», at kvar sak skal presenterast med eit såkalla offer. Eit tenkt døme: Om den komande regjeringa harmoniserer matmomsen med den generelle momsen, kan ein banna på at vi gjennom media kjem til å møta tallause husmødrer som kjem til å klaga over kor dyre bananane
og mjølka har vorte. Eg seier ikkje at vi kjem til å få auka matmoms i Noreg, men Høgre har gått inn for det, og det finst gode grunnar for ein slik auke. Avgifter er generelt sett ein god skatt, og dessutan skaper ulike satsar byråkrati. Kort sagt: Lik moms skaper ein meir effektivt økonomi og gjev staten eit breiare skattegrunnlag. Det er altså bra for samfunnet, og det er dét NRK bør fortelja oss.
Tenk motsett
NRK har offentleg finansiering av di Stortinget ventar at det skal vera eit alternativ. Då bør NRK leggja vekt på dette. På kvart redaksjonsmøte bør dei difor tenkja gjennom to ting: 1) Korleis kjem alle andre til å dekkja denne og denne saka, og så gjera det motsette, og 2) Redaktørane og journalistane bør tenkja om denne og denne påstanden eller vedtaket er bra for samfunnet som heilskap. Kort sagt: NRK bør bort frå sinnelagsetikken og over til konsekvensetikken. Gje blanke i om sinnelaget er godt eller dårleg, finn ut kva konsekvens eit vedtak har, og då ikkje for einskildindivid, men for staten og nasjonen. Eg vil enkelt og greitt ha meir analyse og mindre kjensler. Lat Dagbladet, VG og TV2 ta seg av emosjonane.
Men skal NRK verta betre
på analyse, treng dei å skaffa seg ein tilsetjingspolitikk, som dei i dag ikkje har. I all hovudsak
får folk arbeid i NRK gjennom kortsiktige vikariat og tilfellelege dag- og nattevakter, og så etter ei tid glid desse personane inn
i faste stillingar. Og dei aller,
aller fleste kjem frå ymse medie- og journalistutdaningar rundt om. Dette bør NRK slutta
med. Journalistutdaninga slik ho fungerer i Noreg, er ikkje ei konkret og analytisk utdaning, ho er eit metautdaning, formas siger over innhaldet. NRK bør medvite gå etter fagfolk: økonomar, lektorar, fysikarar, lækjarar og juristar.
Alle oppegåande menneske med ei tung fagutdaning kan på stutt tid læra seg å skriva, klippa og vinkla ein reportasje. Den personen som dei seinaste åra kanskje har gjort mest for å fornya fjernsynssjangeren i Noreg, Harald Eia, har ikkje journalist­utdaning. Dei fleste i BBC kjem frå LSE, Cambridge eller Oxford og har heller ikkje journalist­utdaning.
Gå etter dei andre
Vi veit òg at vi alle lid under dette at vi stort sett likar folk som meiner det same som oss sjølve. Slik fungerer vi når vi vel partnar, kameratar og tilsette. Det er naturleg at Dagbladet tilset venstreorienterte, og at DN og Finansavisen tilset høgre­orienterte journalistar, alle tre vert åtte av private aktørar, og desse eigarane har sjølvsagt rett til sjølve å avgjera kva slags tilsette dei skal ha. Journalistar likar ikkje å høyra det, men dei har alle eit verdisyn; den journalistiske metoden kan kanskje i seg sjølv vera nøytral, men ut­øvarane er det aldri. Journalistane i NRK kan aldri verta fullt ut nøytrale, men NRK som institusjon bør freista å vera balansert.
Det eg no skal seia, høyrest kanskje ekstremt ut, men eg meiner faktisk at dei ymse avdelingsleiarane i NRK med jamne mellomrom bør gjennomføra meiningsmålingar i staben for å finna ut kva slags politisk grunnsyn som dominerer, og så tilsetja personar som meiner noko anna enn majoriteten. Om NRK gjennomfører ein slik politikk, vil dei raskt få større truverde i folkesetnaden generelt og mellom politikarane spesielt. NRK er finansiert av heile folket, difor bør dei òg spegla av folket.
Ja til færre
Men fyrst og fremst bør NRK-leiinga tenkja over kvifor vi har NRK. Om TV 2 har eit vellukka danse- eller syngjeprogram og får mange sjåarar, ja, så har altså folk der ute alt eit tilbod om eit vellukka danse- eller syngjeprogram, då treng dei ikkje at NRK på nett same tidspunkt sender endå eit danse- eller syngjeprogram. NRK er ikkje ein del av den private marknaden, NRK er eit alternativ til den private marknaden.
Offentleg sektor, som NRK
er ein del av, er til for å kompensera for det marknaden generelt ikkje tilbyd eller skeivfordeler. NRK er ikkje til for alle desse
som likar «Senkveld», engelsk fotball eller naken ungdom på ei strand i Syden, NRK er til for dei som ynskjer kvalitet, analyse og innsikt. NRK er til av nett dei same grunnane som vi har Operaen, Nationaltheatret og universiteta.
Så kan ein alltids seia at ein slik tankegang fører til at færre vil nytta seg av NRK. Ja, det er truleg heilt rett, men kva så? Eit mindre populært NRK er ikkje det same som eit dårlegare NRK. Målet med offentleg sektor er ikkje at flest mogeleg skal nytta offentleg sektor; målet er naudsynte og gode tenester med kvalitet. Målet med NRK er å gjera sjåarane og lyttarane opplyste, i det minste meiner eg det. Eg trur ikkje eg er åleine.
Noreg er likt nok frå før. NRK er til for å gje oss noko anna. Det bør dei greia, anten dei får tre eller fem milliardar.
Lat meg slutta der eg byrja og sitera frå ålmennkringkastaroppdraget: «NRK skal være redaksjonelt uavhengig. NRK skal verne om sin integritet og sin troverdighet for å kunne opptre fritt og uavhengig i forhold til personer eller grupper som av politiske, ideologiske, økonomiske eller andre grunner vil øve innflytelse på det redaksjonelle innholdet. Virksomheten skal preges av høy etisk standard og over tid være balansert.»
Det tyder ikkje at NRK skal underminera rettssystemet og lata ein skuldig mann få gå
til åtak på ei ung og skuldlaus jente. Held dei fram slik, er det på tide å diskutera nedleggjing. Vi har betre ting å bruka fem milliardar på.

 

knapp knapp